Hopp til innhald

Nattjazz med skravlemur

Festspillgeneral Jonsdottir kommenterte harking og hosting igår. Nattjazzen har hatt eit anna og tilsvarande problem: høglytt skravling. – Nokre av Nattjazzkonsertane har omtrent blitt fiasko pga støyande publikummarar, fortel ei av leiarane på USF. – Skravlarane heilt framme øydelegg for alle. St. Germain-konserten i går var ikkje noko unntak.

— Nokre av Nattjazzkonsertane har omtrent blitt fiasko pga støyande publikummarar, seier ei av leiarane på USF. – Povl Dissing og Brass Brør hadde store problem med ‘skravlemuren’. Lyttaropplevinga blir minimal med lågt volum. Særleg for dei som står bakarst. Skravlarane heilt framme øydelegg for alle.

St. Germain-symbiose
St. Germain-konserten i går vart trass dette ei stor oppleving. Høgt volum var ei av løysingane. Og eit godt utrusta og rytmisk band. Saman med sub-, funk- og hiphop- guruen Ludovic Navarre leverte dei ei symbiotisk vare av beste kvalitet: variasjon, breidde og innovativ ljod er karakteristika.

Hit’en «I want you to get together» stod fyrst på spelelista. Og satte tonen for konserten. På scenen: to slagverkarar, el-gitarist, fløytist, saksofonist, keyboardist og trompetist + St. Germaigne bak ein diger mikse- og effektbokspult. Lyttarar med øyre for sære melodiske konstruksjonar fekk det dei ville ha. Og danseløvene fekk det dei ynskja – frå sek. 1 til siste slutt.

Bandet opererte med høgt ljodvolum. Og det var også ein medverkande faktor. Nattjazzen i år – trass i publikumssuksess – har hatt eit publikumsproblem å takla. Ikkje det Bergljot Jonsdottir kommenterar i gårsdagens BT – men høglytt skravling. Det merka ein berre eit par gongar i går. Då musikarane spelte soloar. Uhøfleg.

— Skravlebøttene dominerar!
Under soloane høyrde ein at folkehavet nesten overdøvde musikarane. Med ein gong volumet vart guffa opp att – gjekk det an å høyre kva som skjedde. Dårleg gjort overfor dei mange unge som har brukt ei halv formue på billettar. Fordi det er ikkje dei unge som skravlar i Nattjazzhallane. Det er ansatte i sponsorbedriftane som har fått billege billettar. Ansatte som trur dei er på fest.

— Eit stort problem at sponsorane gjev billege eller gratis billettar til ansatte. Ofte er dei eigentleg ikkje så interesserte i musikken, fortel ein av leiarane på USF. – Det er eit dilemma – for Nattjazzen er jo avhengige av stønaden frå sponsorane.

— Seier ein til skravlebøttene at dei skal halda kjeft – svarar dei: «Hadde det ikkje vore for oss, hadde aldri Nattjazzen blitt arrangert.» Så visar det seg at han eller ho sit i skranken på ein filial i Ulstenvik. Utruleg irriterande!

Audmjuk bakmann
Bandet tok seg av kontakten med publikum – med stort overskot. Som ein audmjuk bakmann stod St. Germain i halvmyrkret bak på scenen. Han fordelte brodarleg støy, beat, bass, samples til band og publikum. Den elektroniske bearbeidinga av instrumenta på scenen var veldig gøyal. Særleg fekk mykje av fløyte, saksofon og trompetljoden bein å gå på – elektronisk bearbeida i effektmaskineriet til St. Germain. Dei danseglade dansa til dei tunge rytmane. Jazzfolket stod med stjerner i augo og lytta. 342 stykk stod berre og skravla. Men dei drit ein i.

Det vert ekstrakonsert med St. Germain tysdag 29. mai på Røkeriet kl. 20.00.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Arne Nordheim

Bajazz, Factory & slaktardisk

Ballade bringar vidare nye festpill-innstrykk. Norsk Komponistforening markerte sine i Bergen fredag. I Kjøttbasaren ved Fisketorget. Heldigvis nådde ingen av...

Bergjlot Jonsdottir

– Hosting ødelegger Festspillene

– Folk som er forkjølet eller plaget av høysnue og liknende, bør vite at de ikke har noe i en...

Arne Nordheim

Venezia-barokk & geriatri

To Festspilldagar er historie. Opningsdagen under Festspillene blei prega av skipsfløyter, kongepar og geriatri. Andre dag av storarta veneziansk barokk...

Ron Olsen

Nattjazzen denne helgen

Nattjazz i Bergen lever sitt eget frodige liv parallelt med Festspillene. Denne helgen kan du bl.a. få møte Brazz Bros...

Beady Belle

Intim nattjazz

Årets utgave av Nattjazzen i Bergen kutter ut de største navnene og «Hallen». Festivalledelsen ønsker en intimfestival med rift om...

Pep Bou

Romvesen og larvar

Såpeboblemeisteren Pep Bou bør bli æresborgar av Bergen. Med fukt, såpe, blåserøyr og vatn forvandla spanjolen Bergensvèret. Til ein metafor....

Flere saker

Thea & the Wild

«Den vonde tida» har blitt et dårlig refreng

Koronakrønikene: – Det har gått inflasjon i artister som forteller om den tunge tida. Nå er det ikke lengre bare et...

Gisle Kverndokk og Bjørn F. Rørvik for forestillingen Purriot og den forsvunne bronsehesten Foto: Joerg Wiesner / Den norske opera

Musikkritikerprisen til Gisle Kverndokk og Bjørn F. Rørvik

De får prisen fra Kritikerlaget for barneoperaen Purriot og den forsvunne bronsehesten.

Kygoselena

Flere norske låter på utenlandske lister

Music Norway har laget en oversikt over artister, produsenter og låtskrivere som har markert seg i utlandet.