— Eg er veldig glad for å motta årets Peer Gynt! Eg opplever det som ei stor ære, ikkje minst med tanke på lista over tidlegare prisvinnarar. Spesielt gler eg meg til å oppleve Per Gynt-stemnet på Vinstra, som eg har høyrt så mykje flott om over mange år, seier Andsnes.
I statuttane for utnemninga av årets Peer Gynt heiter det at den som blir vald må vera ein person eller ein institusjon som har markert seg på ein positiv måte på det samfunnsnyttige plan, og som har gjort Noreg kjent i utlandet.
Leif Ove Andsnes vart fødd på Karmøy i 1970. I ein heim der båe foreldra var musikklærarar vart musikken ein naturleg del av oppveksten. Som 15-åring flytta Leif Ove til fastlandet for å studere med Jiri Hlinka ved konservatoriet i Bergen. To år seinare var han solist med Edvard Griegs a-moll konsert på avslutningsgallaen under Festspillene i Bergen.
Andsnes er blant Noregs mest framgangsrike og profilerte musikarar, og har trass sin unge alder ei eventyrleg karriere å syne til. Han har gjort ei rekkjke plateinnspelingar og har motteke fleire nasjonale og internasjonale prisar. I 2005 var han den yngste nokon sinne som Carnegie Hall «Perspectives» artist.
I mai 2002 vart Leif Ove Andsnes utnemnt til kommandør av den Kongelege Sankt Olavs Orden. Andsnes er kunstnarisk leiar fro Risør Kammermusikkfestival, og frå 1. august tiltrer han stillinga som Professor i klaver ved Musikkhøgskolen i Oslo.
Det er Peer Gynt-stemnet som melder dette.

Ballade klassisk: Jeg har delte meninger
Denne gangen er det delte meninger i enmannsredaksjonen Ballade klassisk.

Ny mentorordning for unge orkestermusikere fra nord
Musikkstudenter fra Nord-Norge kan nå søke opptak til mentorprogrammet Arktisk Mentor Arena. Programmet skal gi unge orkestermusikere erfaring, veiledning og et springbrett til profesjonell karriere.

Den største norske artisten i Spotifys historie
Sammenlagt seier til Kyrre.

Blodtur til København
I midten av januar dro ein full buss frå Oslo og omland til København med Tuvas Blodklubb. Sjå korleis det gjekk med "den norske invasion” på dansk folkemusikkfestival.

Slik ble jeg en diva
KRONIKK: – Jeg må slutte å late som om forståelsen av sangerens rolle i jazzmusikken ikke henger sammen med likestilling og en kjønnsdefinert og forutinntatt forståelse av hva sangere befatter seg med.




















































