Hopp til innhald
Frode Rolandsgard

Kulturmoms – Ei gullgruve for mange

INNLEGG: – Det var bra Ballade publiserte eit positivt innlegg om kulturmoms. Innanfor folkemusikksektoren vil samtlege store festivalar ha stor nytte av kulturmoms, skriver Frode Rolandsgard i Landslaget for Spelemenn og plateselskapet ta:lik, men samtidig: – Problemet med kulturmoms er at han kan ramme skeivt – og dette bør myndigheitene sjå nærare på, mener Rolandsgard.

Av Frode Rolandsgard

Landskappleiken, Norges største folkemusikkarrangement,
vil tjene mellom 100- 150 000 i året ved kulturmoms.

Nokon vil vel tenkje at dette skuldast at
smale musikksjangrar har låge billettinntekter og mottek enorme offentlege
tilskot, tilskot som ikkje skal inn i mva-rekneskapen. Men Landskappleiken
er eit arrangement med små offentlege tilskot – i snitt ca. 200 000 av
eit budsjett på over 3 millionar. Resten er eigeninntjening i form av billettinntekter,
matsal etc.

Dei andre folkemusikkfestivalane vil truleg
også ha god nytte av kulturmoms.

Stor betydning

Overslag viser at fleire kjem til å tjene
mellom 50 og 100 000 kvar på kulturmoms. Pengar som kan brukast til artisthonorar
– eller til å senke billettprisane med 20%…

Hvis dette overslaget gjeld brorparten av
alle festivalar i Norge med eit billettsal over 300 000, vil forslaget
ha stor betydning for kulturlivet.

Fleire av innlegga på Ballade fokuserer på
kor vanskeleg det er å føre mva i rekneskapen, og at dette vil ta luven
frå frivillige arrangørar.

Argumentet er vanskeleg å forstå, for som
arrangørar har vi allereie krav om kassaapparat, og har ein eit billettsal
på over 300 000 bør ein uansett ha gode rekneskapsrutinar. Då er momsrekneskap
verkeleg ei lita utfordring.

Kan ramme skeivt

Ledige stillinger

Problemet med kulturmoms er at han kan ramme
skeivt – og dette bør myndigheitene sjå nærare på.

Festivalane, med store årlege kostnader til
leige av utstyr, lydmenn og ofte store, offentlege tilskot kjem særs godt
ut, medan store heilårlege arrangørar seier dei vil få det verre.

Stemmer dette, og det blir innført kulturmoms,
bør kanskje den nye arrangørstøtta prøve å rette opp skeivheita.

Når musikkrådet og mange av innlegga på Ballade
berre fokuserer på dei negative sidene med kulturmoms, overser ein altså
at store grupper innanfor musikklivet vil tjene på kulturmoms.

Frode Rolandsgard er informasjonskonsulent
i Landslaget for Spelemenn og driver plateselskapet ta:lik.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Pengesekk dollar

– Vil tilføre betydelige ekstra midler

INTERVJU: Arild Hervik, professor i økonomi ved Høgskolen i Molde, ledet det regjeringsoppnevnte Kulturmomsutvalget som la fram sitt dokument i...

Monica Larsson,

– Kartet stemmer ikke med terrenget

INTERVJU: Kulturmomsutvalget la fram sine konklusjoner i februar, og ble omtalt i revidert nasjonalbudsjett som ble lagt fram torsdag. Kulturmomsutvalget...

Norsk Rockforbund logo

Norsk Rockforbund: – Moms på konsertbilletter er dårlig kulturpolitikk!

Norsk Rockforbund frykter at regjeringen planlegger å innføre 8 % moms på billetter fra 2009 etter at revidert nasjonalbudsjett ble...

Morten Hagevik

– Ikke la deg presse, Trond!

Det er overskriften i en melding fra Norsk musikkråd i kjølvannet av revidert nasjonalbudsjett i dag. – Innføring av moms...

Monica Larsson,

Rock og regnskap

INNLEGG: – Vi går inn i festivalsommeren med noen mørke skyer i horisonten og jeg henviser ikke til været denne...

Camilla Granlien, Foto: Niels J. Røine

Landskappleiken – Granlien for tredje gang

Camilla Granlien fra Ringebu Spelemannslag fikk Kongepokalen og vant klasse A for vokal folkemusikk for tredje år på rad.

Flere saker

Miloud Guiderk Foto: Cosmopolite scene

Kulturrådets ærespris 2017 til Miloud Guiderk

Konsertarrangøren, som blant annet står bak Cosmopolite scene i Oslo, får prisen for sitt bidrag til å utvide det norske...

DNK og KyivS Cellistene Igor Patosovksy og Audun Sandvik

«Fyll stillheten med musikk»: Kyiv Soloists på Norgesturné med åpen retur

Kammerensemblet Kyiv Soloists spilte to konserter med Det Norske Kammerorkester i går. I kveld gjester de Bergen, før en rekke...

Arne Jørgen Øian

Musikkaktivitet innanfrå eller utanfrå

Oslo-Filharmonien byr på musikalske aktivitetar for dei unge, medan Barratt Due musikkinstitutt først og fremst let elevane sjølve utøve musikk....