BERGEN: I 2010 uteksaminerte Griegakademiet dei siste masterstudentane i etnomusikologi og musikkvitskap. Sidan har programmet ligge på is, men denne hausten skal instituttet vurdere kva tid dei eventuelt kan opne tilbodet att.
– Me har ambisjonar om å byggje opp att mastergraden og i tillegg starte opp ein bachelorgrad i musikkvitskap, noko det ikkje har vore i Bergen tidlegare, seier instituttleiar ved Griegakademiet, Frode Thorsen.
Var eit moderne kulturstudium
På slutten av førre tiår skjedde det mykje som førte til at det ikkje blei noko tilbod til masterstudentar i etnomusikologi og musikkvitskap. Fakultetet gjekk med underskot, Griegakademiet mista ei mellombels stilling, og to oppseiingar gjorde det vanskeleg å drive vidare. I tillegg var det få søkjarar.
Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook
Ballade på Twitter
I dag kan ein ta ein mastergrad med eit etnomusikologisk utgangspunkt andre stader i landet, men det var noko spesielt med studiet i Bergen, fortel Sigbjørn Apeland, etnomusikolog og leiar for Arne Bjørndals samling.
– Studiet i Bergen var reint teoretisk. Det var meir eit moderne kulturstudium enn gamaldags folkemusikkforsking. Professor Jan-Petter Blom, som bygde opp faget, kom frå Institutt for sosialantropologi og sytte for at det teoretiske nivået på undervising og fagplanar var svært høgt, samstundes som det blei lagt vekt på detaljerte empiriske studiar.
Studentar frå fleire verdsdelar har teke mastergraden, og fleire internasjonale forskarar har hatt deltidsstillingar.
– Dette var noko av det fine med faget. Det var veldig ope kva ein kunne studere, og det var ei breidde blant studentar og tilsette, seier Apeland.
Les også: [link id=68372 title=»Syngande journalistikk«]
Globale endringar visast i musikken
Tidlegare stipendiat på fakultetet, Anne Murstad, meiner etnomusikologi har perspektiv som kan vere viktige for å forstå endringane i mellom anna folkemusikken.
– Faget har mange reiskapar som ein kan bruke for å forstå endringsprosessane ein står oppe i no. I ei verd med globalisering er det kanskje i musikken endringane blir tekne opp først. For å forstå slike endringar trur eg faget kan vere til god hjelp.
I tillegg trur ho at folkemusikkmiljøet på Vestlandet kunne hatt godt av eit fagforum i Bergen.
– Men kanskje den akademiske verda er litt fjern frå utøvarmiljøet, seier Murstad.
Apeland meiner at miljøet i Bergen, slik det er i dag, blir veldig sårbart.
– Forskinga blir veldig personavhengig. Eg må innrømme at eg har tenkt tanken på at det hadde vore betre å samle alle forskinga på ein stad.
– Men kan miljøet bli betre viss både ein bachelor og ein master kjem på beina?
– Ei bachelorutdanning kan vere eit godt rekrutteringsgrunnlag for vidare studium, men ein er heilt avhengig av masterstudentar, og kanskje særleg doktorgradsstipendiatar, for å byggje eit oppegåande fagmiljø.
Diskuterer i haust
Dei siste som tok mastergrad i etnomusikologi, avslutta studiet i 2010. Instituttleiar Thorsen seier det likevel ikkje betyr at tilbodet ikkje kjem på beina att.
– Me vil ikkje ta inn studentar før me er sikre på at me har folk til å stå for undervisninga i alle kursa. Men studieprogrammet er ikkje lagt ned. I haust vil me diskutere studiet og finne ut kva tid me vil opne masteren att, seier han.
Totalt har 37 personar teke mastergrad eller hovudfag i etnomusikologi og musikkvitskap ved akademiet. Studentane har kome frå andre skular og studieretningar for å ta mastergraden i Bergen. No vil Griegakademiet prøve å få ein bachelor på beina for å tryggje rekrutteringa til masteren.
Saka sto først på trykk i Bladet Folkemusikk nr 4-13 og er gjengive med velvillig tillatelse.

Ny mentorordning for unge orkestermusikere fra nord
Musikkstudenter fra Nord-Norge kan nå søke opptak til mentorprogrammet Arktisk Mentor Arena. Programmet skal gi unge orkestermusikere erfaring, veiledning og et springbrett til profesjonell karriere.

Den største norske artisten i Spotifys historie
Sammenlagt seier til Kyrre.

Blodtur til København
I midten av januar dro ein full buss frå Oslo og omland til København med Tuvas Blodklubb. Sjå korleis det gjekk med "den norske invasion” på dansk folkemusikkfestival.

Slik ble jeg en diva
KRONIKK: – Jeg må slutte å late som om forståelsen av sangerens rolle i jazzmusikken ikke henger sammen med likestilling og en kjønnsdefinert og forutinntatt forståelse av hva sangere befatter seg med.

Ballade video: Trygghet og kontroll
På utstilling med Himmelleite, Luna Mare, Andie Loui, Maizu & Richard, Kristine Blir Rapper, Kamelen, Rule Of Two og Clawfinger.

















































