Åge Avedal, Norges Ungdomslag

Statsbudsjettet 2005: – Fortvilte folkedansarar, melder Noregs Ungdomslag

- Dette er eit slag i ansiktet. Staten tar ikkje ansvar for den norske kulturarven. Folkedansen i Noreg fortener mykje betre, fortvilar Åge Avedal, leiar i Noregs Ungdomslag. Noregs Ungdomslag (NU) er forarga etter at regjeringa i statsbudsjettet ikkje auka støtta til folkedansarbeidet i organisasjonen.

FolkemusikkPolitikk & debatt

Statsstøtte har vore ei viktig kampsak for organisasjonen dei siste fire-fem åra. Hausten 2003 blei NU støtta for første gong, med 300.000 kr.

— Fleire rapportar slår fast at folkedansen er i krise. Samtidig lovar ein samla kulturkomité i Kulturmeldinga eit krafttak for danseforma. Dette er løftebrot frå regjeringa, meiner Avedal og legg til:

— Noregs Ungdomslag er i ei særstilling. Vi er den største folkedansorganisasjonen i landet, og står for brorparten av rekrutteringa og breiddesatsinga. Det er tungt å jobbe lokalt for å utvikle og skape interesse rundt dansen utan ein sterk moderorganisasjon i ryggen.

Noregs Ungdomslag har rundt 300 lokale folkedansgrupper i organisasjonen. Fleire rapportar slår fast rekrutteringa til folkedansen er veik og at det trengst eit løft.

— Det er usannsynleg viktig at NU får gode rammer for at folkedansen skal blomstre, meiner Åge Avedal.

— Vi registrerer samtidig at regjeringa ikkje nemner ny riksscene for folkemusikk- og folkedans i Oslo med eit ord i budsjettet. Dette er veldig skuffande, med tanke på at ein samla kulturkomité omfamna ideen i Kulturmeldinga for eit halvt år sidan, seier leiaren i Noregs Ungdomslag.

Avedal varslar bråk rundt budsjettforslaget til regjeringa i tida framover. Støtta til vaksenopplæring er ei anna viktig sak for Noregs Ungdomslag. Mange lokale folkedansgrupper får støtte til si opplæring frå desse midlane.

— Regjeringa har systematisk kutta ned på støtta til vaksenopplæring. No forsvinn nye åtte millionar. Dermed har støtta til studieforbunda blitt redusert med 54 millionar kr dei fire siste åra. Dette er eit svik spesielt mot frivillig kulturliv. Opplæringa i dans, musikk og teater kan bli svært skadelidande, meiner Avedal.

Kultur- og Kirkedepartementets egen samleside for budsjettfremlegget for 2005, inkludert en rekke pressemeldinger, finner du her.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Ballade klassisk: Jeg har delte meninger

Ballade klassisk: Jeg har delte meninger

Denne gangen er det delte meninger i enmannsredaksjonen Ballade klassisk.

Ny mentorordning for unge orkestermusikere fra nord

Ny mentorordning for unge orkestermusikere fra nord

Musikkstudenter fra Nord-Norge kan nå søke opptak til mentorprogrammet Arktisk Mentor Arena. Programmet skal gi unge orkestermusikere erfaring, veiledning og et springbrett til profesjonell karriere.

Fuglefjellet som mista stemmen

Fuglefjellet som mista stemmen

Et stilnet fuglefjell åpner festival.

Blodtur til København

Blodtur til København

I midten av januar dro ein full buss frå Oslo og omland til København med Tuvas Blodklubb. Sjå korleis det gjekk med "den norske invasion” på dansk folkemusikkfestival.

Slik ble jeg en diva

Slik ble jeg en diva

KRONIKK: – Jeg må slutte å late som om forståelsen av sangerens rolle i jazzmusikken ikke henger sammen med likestilling og en kjønnsdefinert og forutinntatt forståelse av hva sangere befatter seg med.

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio