Hopp til innhald
To som feirar folkemusikk i helga: Hennar Majestet Dronning Sonja og spelemann Knut Buen.

(Foto: Jørgen Gomnæs / Thor Hauknes)

Organisert folkemusikk i 100 år

Feirar 100 år med krona og ukrona heltar i norsk folkemusikk.

Folkemusikken har levd i uminnelege tider, men for 100 år sidan fekk han ein organisasjon som sette miljøet og musikken på kulturkartet. I 1923 vart Landslaget for Spelemenn stifta i Bergen. Arne Bjørndal var første formann. Målet var å styrke dei lokale folkemusikktradisjonane, og arbeide for både bevaring og vidareføring.

– Sidan den gongen har organisasjonen jobba jamt og trutt for folkemusikken og folkedansen i Noreg. I motgang og medgang har Landslaget, seinare FolkOrg, ivra for felespel, langeleik, lokk og lur, hardingfele, munnharpe, halling, stevtonar, slåttemusikk, gammaldans og bygdedans, skriv FolkOrg om jubileet.

– Større og sterkare enn nokon gong kan vi presentera det ypparste av folkemusikk og folkedans i ein forrykande jubileumskonsert i Grieghallen 14. oktober, heiter det i invitasjonen. Levande musikk, dansefest, men også arkiv og kjelder er del av feiringane.

Jubileumshelga
Feiringa denne jubileumshelga startar med Vestlandskappleiken, som er eit samarbeid mellom Bergen UL Ervingen, Spelemannslaget Fjellbekken og Bygdedanslaget i Bjørgvin. Laurdag speler og fortel Knut Buen i foajeen i Grieghallen. FolkOrg lanserer også jubileumsbok i samme foajé – før jubileumskonsert i Griegsalen med Hennar Majestet Dronning Sonja til stades.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Astrid Sulheim

Landskappleiken 2022: Magisk under Gaustatoppen

I ny og ne slår magi inn på kunstscener og idrettsarenaer. Utøvere tar av, kommer i flyt og forløp der...

Margit Myhr Foto: Runhild Heggem

Landskappleikens kongepokal til Margit Myhr

En rekke andre priser ble også delt ut under Landskappleiken i Vågå sist helg.

Flere saker

Halvard Rundberg fra Violet Road og Maciek Ofstad fra Kvelertak sammen med Asbjørn Slettemark Foto: Simen Eidsvåg

#hørnorsk lanserer podkast

Podkastserien Bransjeprat skal ta for seg ulike utfordringer i musikkbransjen.

Skapia og nye prosjekter er offisielt lansert Foto: Hanne Eide Andersen/ Kavlifondet

Stiftelsen Veslefrikk bytter navn til Skapia

Men skal fortsatt arrangere Veslefrikk og nystartede U-trykk.

Spellemann1

NRK skal produsere Spellemann selv

Kringkasteren tar tilbake regien for prisutdelingen, og dedikerer en hel uke til norsk musikk.