Hopp til innhald
Hekla Stålstrenga

(Foto: Brynjar Erdahl)

Hekla Stålstrenga er Årets Folkemusikar

50 artistar var påmeldt til Folkelarmprisen i år, som blei delt ut i kategoriane dokumentasjon, solo, tradisjonelt samspel og open klasse.I tillegg blei heidersprisen Årets folkemusikar delt ut laurdag kveld.

Juryen har bestått av Ragnhild Knudsen, Kjell Bitustøyl og Unni Løvlid. I tillegg har Ånon Egeland vore med på gjennomlyttinga av dei påmeldte artistane. Juryen seier følgjande om årets vinnarar:

Årets folkemusikar: Hekla Stålstrenga
Hekla Stålstrenga har på ein fabelaktig måte foreina nordnorsk folkemusikktradisjon og visetradisjon, og gitt dette eit moderne uttrykk med sterk appell. Dei har greidd å nå ut til eit større publikum, blant anna gjennom turneane sine. Dei har også skaffa seg eit namn gjennom TV-program og ved å bli A-lista på NRK-P1. Samtidig har Hekla Stålstrenga også oppnådd stor suksess innover i folkemusikkmiljøet og delteke på fleire folkemusikkfestivalar som eit toppnamn på plakaten.

Beste solo-utgjeving: Knut Hamre, Alexander Aga Røynstrand og Åse Teigland for plata «Spelarhola».
Hamre, Røynstrand og Teigland er på Noregstoppen av hardingfeleutøvarar! Utgivinga «Spelarhola» har ein fantastisk produksjon og eit godt slåtteutval. På dette albumet  finn ein eit interessant møte mellom lærarmeister og elev, og ein kan tydeleg høyre korleis elevane har utvikla sin heilt personlege stil over tid.

Tradisjonelt samspel: Honndalsmusikken med sigeren med plata «Brylljaupsafta».
Vinnar av klassa «Tradisjonelt Samspel», «Honndalsmusikken» med albumet «Brylljaupsafta», svingar på ein god måte med sitt inderlege spel. Det er tydeleg at det er godt innarbeidd samspel mellom medlemmane og dei leverer sterkt innanfor ein fargerik slåttetradisjon, som ein dessverre ikkje høyrer så ofte no lenger.

Dokumentasjon: Eli Storbekken og Hans-Hinrich Thedens i Norsk folkemusikksamling for plata «Rosekolla».
Samlinga inneheld eit eksklusivt utval av vokal folkemusikk med tilknyting til seterlivet, der vi får høyre lokk, laling, kringelhauk, hulling, regler og gjetarviser. Dette har vore ei særdeles viktig utgjeving for sjangeren dokumentasjon. Utgjevinga gjer ein del av denne gullgruva tilgjengelig og byr på eit spanande utval og god lytting».

Open klasse. Susanne Lundeng og utgjevinga «Et steg ut«.
Susanne Lundeng er ei kunstnarlig kraft heilt utanom det vanlege. På utgjevinga «Et steg ut» får ein nyskapande musikk tufta på solide tradisjonar. Dette er eit spel som har utvikla seg over lang tid, det er originalt og modig både når det kjem til det solistiske og samspelet med dei andre musikarane.

Vinnaren av Årets folkemusikkarrangør 2014 blei Kalottspel.

 

Ledige stillinger

Relaterte saker

Camilla Granlien

Mener Folkelarm fører til for få spillejobber

Denne uken arrangeres Folkelarm for åttende gang. Formålet er å profilere norsk folkemusikk. Men sangerne Camilla Granlien og Berit Opheim...

Aksel Tjora

– Kjøpers marked

Festivalforsker Aksel Tjora mener det er naturlig at Folkelarm-deltagelse ikke betaler seg for en stor andel av artistene som opptrer.

Flere saker

Sangkor under Skolenes sangdag i Oslo Konserthus onsdag 12. juni

Maner til kamp for sangen

– Vi kan ikke skrive inn alt skolen skal drive med i læreplanene, mener utdanningsminister Sanner.

Maria Lotus

Skal ta over hiphop-tronen

Festivalen EMPWR skal løfte kvinner i norsk hiphop og urban musikk.

Publikum på Riddu Riđđu i juli 2023.

To samiske festivaler sammen mot kulturell appropriasjon

Med oppfordringer til egne gjester vil Márkomeannu og Riddu Riđđu motarbeide appropriasjon av urfolks kulturer.