Den norske indieartisten Bo Milli skulle spela på FOMO i helga. Ho har trass avlysinga konsert på Kulturhuset i Bergen i kveld, fredag 20. mai. (Foto: Made management)

Bergens nye showcase-festival avlyst rett før start

Festivalen FOMO blei annonsert avlyst denne veka, berre dagar før den skulle samle musikkelskarar og bransje på Kulturhuset i Bergen.

Kalender

Lunsj med kultur – Operettelunsj

06/12/2024 Kl. 12:00

Oslo

Lørdagsopera

07/12/2024 Kl. 1400

Oslo

Det engelske slanguttrykket FOMO (Fear Of Missing Out, «frykt for å gå glipp av noko») har gitt namn til showcase-festivalen, som for første gong skulle arrangerast på Kulturhuset i Bergen denne helga.

Gjennom eit samarbeid mellom konsertselskapet FKP Scorpio og Kulturhuset i Bergen skulle ei rekke uetablerte artistar stå på scena under den nye festivalen.

– Ideen med FOMO er å visa frem norske og internasjonale artistar me trur vil prega konsertscenene i framtida innanfor ei rekke ulike sjangrar, fortel bookingansvarleg ved Kulturhuset i Bergen, Espen Overskeid.

Medan Bergen sin etablerte showcasefestival, Vill Vill Vest, utelukkande booker norske artistar, har FOMO hovudsakleg eit internasjonalt program.

Espen Overskeid, bookingansvarleg ved Kulturhuset i Bergen. (Foto: Privat)

Overskeid fortel at målet med FOMO er å samla musikkelskarar og bransje, men har foreløpig ingen plan om å arrangera seminarer i motsetning til Vill Vill Vest der konferanse, seminar og delegatprogram er ein sentral av festivalen.

Promotør Kedist Bezabih frå FKP Scorpio fortel at dei ikkje ser på Vill Vill Vest som ein konkurrent, men at Bergen treng fleire scenar for nye artistar.

– Me meiner arrangementet vil vera til stor hjelp for nye artistar som har lege i dvale i nokre år og venta på å ta fatt på si nye karriere. Ved å legga FOMO til helga etter The Great Escape i Brighton, England, si største festival for ny musikk, håpar me å kunne by på eit knippe av dei aller mest spanande nye artistane. Sidan Vill Vill Vest er i september er det eit hol i markedet rundt The Great Escape i mai, seier Bezabih.

Under ei veka før avspark vart festivalen avlyst med denne meldinga:
«Vi må dessverre avlyse FOMO. Skuffelsen er stor når man har gledet seg til å presentere noen virkelig fantastiske nye artister, men vi har noen utfordringer som ikke lar seg løse. Derfor må vi ta denne avgjørelsen og heller starte planleggingen av FOMO i 2023.»

Ifølge Bezabih skal FOMO vera eit årleg arrangement, og planlegginga av 2023-utgåven startar over sommaren.

Joar Nicholaysen er dagleg leiar ved Kulturhuset i Bergen og initiativtakar bak mange musikkprosjekt i Bergen, mellom anna Vill Vill Vest. Han håper FOMO vert gjennomført neste år.

– Eg trur det er behov og ikkje minst plass til ein festival som visar fram nye nasjonale og internasjonale artistar med fokus på indie og Leftfield-sjangrar, fortel Joar.

Det einaste som står att frå den originale planen er den norske indieartisten Bo Milli, som vil spela på Kulturhuset i Bergen i kveld, fredag 20. mai.

Det har ikkje lukkast Ballade å få svar frå arrangørane på kvifor FOMO er avlyst.

 

 

 

 

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.
Konserttips Oslo