Hopp til innhald
Gyrid Nordal Kaldestad

Gyrid Nordal Kaldestad er skapande og utøvande kunstnar.(Foto: Are Lothe Kolbeinsen)

Dei som festar skuggen sin til fellesskapet

«Det er ingen som bryr seg om dette du driv på med. Ingen vil jo ha denne musikken, denne kunsten, dette rare, skakke utforskande uforståelege.» Kunstnar Gyrid Nordal Kaldestad har skrive om det frie ytringsrommet i kunsten.

Dette er eit innlegg, der avsendaren gir uttrykk for sine meiningar og refleksjonar. Teksten blei først publisert i sosiale medier.

Av Gyrid Nordal Kaldestad, skapande og utøvande kunstnar

 

Eg vil prøve å seie noko om kunsten. Eg vil prøve å seie noko om den frie kunsten. Den frie tanken. Det frie ytringsrommet innafor kunsten, fordi nokon heile tida vil fortelje oss at dette ikkje er viktig.

For nokre veker sidan var eg på ei prisutdeling som hylla høgst levande og engasjerte skapande kunstnarar. Musikken fekk liv i hendene på sterke utøvarar, og energien deira gjorde at rommet utvida seg og løfta oss inn i klangar som fekk verda ut av balanse. Lyden av to stemmer som var like men ikkje like gjorde at tida stod stille. Nesten uhøyrlege strøk med bogen og krasse utbrudd i flygelet. I slike møter blir musikarane og musikken og publikum ein einaste stor organisme. Me pustar saman med musikarane på scenen, kjenner energien dei formidlar flytte seg inn i våre kroppar som igjen gjer at musikken vert levande i oss og fortset å vere det lenge etter at me har gått ut i den disige oktoberkvelden.

Nokon vil at desse stemmene ikkje skal ta plass. Dei vil legge hinder i vegen for at desse stemmene skal bli hørt. Det er ingen som bryr seg om dette du driv på med. Du har ingen likes. Ingen streams. Ingen vil jo ha denne musikken, denne kunsten, dette rare, skakke utforskande uforståelege. Den har inga oppskrift, ingen fasit eg kan gå til for å sjekke om eg forstår. Ingen rytme eg kan nikke gjenkjennande til. Den kan ikkje ligge der som bakgrunn medan eg snakkar med venene mine. Den kan ikkje fungere som lydspor til våre liv. Den kan ikkje ignorerast, denne insisterande musikken, og difor må me late som om den ikkje er der, og fortelje verda at den ikkje er viktig.

Etter ein dag som denne prisutdelingsdagen, som også innebar ein festmiddag med talar om Bergen som ein by med eit boblande og grensesprengande musikkliv, med engasjerte skapande og utøvande kunstnarar som hegnar om det utforskande fellesskapet. Den skapande kunstnaren som også arrangerer konsertar og riggar stolar både før og etter at publikum kjem. Som skriv søknader om tilskot til å løfte fram andre stemmer enn si eiga, for å inspirere og for å engasjere. Som lyttar til dei unge stemmene, som løftar blikket ut av sitt eige. Men for å ha overskuddet til å løfte andre, må ein først ha fått muligheten til å løfte seg sjølv. Å gi den frie kunsten levedyktige kår får så mykje større ringverknader enn den enkeltpersonen ein til ei kvar tid velger å investere pengar i. Denne eine personen kan vere med på å løfte og inspirere ein heil by i årevis. Utan eldsjelene forsvinn underskogen og det som skapar eit levande kulturliv på alle nivå. Ofte ber ein heller ikkje om så mykje, ein ber kanskje berre om å ikkje bli offer i ein kamp som handlar om meir enn pengar. For meg handlar dette om kva ein tillegg verdi og kva for stemmer ein meiner skal bli hørt.

Medan eg skriv kjenner eg at energien frå konserten framleis dirrar i meg. Eg trur det er fordi den fekk meg til å kjenne på eit håp, til å sjå eit lysglimt inni alt det buldrande og uforutseielege. Det er ei tekstlinje frå eit dikt av Marte Huke som brått kjem fram i minnet og står der som eit lysande neonskilt


Å skrive 

er å feste skyggen sin
til fellesskapet.

Me treng at kunstnarar festar skuggen sin til fellesskapet. Me treng fellesskapet. Me treng dei som brenn for eit levande, fritt og uavhengig kulturliv.

Ledige stillinger

 

Ledige stillinger

Relaterte saker

Deeyah Khan i den prisvinnende dokumentaren White Right: Meeting the Enemy. Filmen hadde premiere i desember 2017, og høsten 2018 vant hun den internasjonale, høythengende Emmy prisen for den. Hun er mottaker av Fritt Ord prisen 2020, som vil overrekkes så snart pandemien tillater det.

Deeyah Khan: – Utrolig at vi ikke beskytter kunstnere bedre når vi ser hvor mye kunsten betyr

Deeyah Khan mener musikkutdanningen er en forutsetning for hvordan hun lager sine prisbelønte dokumentarfilmer. Hun har selv sluttet som artist,...

9 forbilder i musikk/tech

Viser fram forbilder i musikk og teknologi

Kvinnenettverk er «in» i norsk musikk. Også i den elektroniske kunst-, tech- og akustikkleiren.

Solbjørg Tveiten

Var vi ikke enige om at kunst er viktig?

Må vi være så kultiverte? Hvorfor trenger vi kunsten? Store spørsmål med mange svar, skriver Solbjørg Tveiten etter at kulturministeren...

Even Aleksander Hagen er statssekretær i Kulturdepartementet.

Mener Sanna Sarromaa tar feil: – Kultur er ikke tull

Kultur som «avbrytelse» i skolens dannelse? Sanna Sarromaas beskrivelse av norske kunstnere og jobben de gjør i DKS er feil,...

Stine Sørlie og Jørgen Karlstrøm, nestleder og styreleder i Norsk Komponistforening

Norsk Komponistforening: Om ytringsfrihet

Norsk Komponistforening var en av underskriverne på oppropet fra 15 kunstnerorganisasjoner om ytringsfrihet i kunsten og Ytringsfrihetskommisjonen, et opprop som...

Flere saker

Trio HEP! Bildet er fra Julejazz 2015. Foto: Arne Hauge

Formidlende omstendigheter

Må en DKS-søknad inneholde ord som «inspirasjon», “interaksjon”, «refleksjon», «deltagelse», «fortelling»? Har vi å gjøre med en ensidig tvangsformel som...

Stillbilde fra Patrik Fitzgeralds musikkvideo No More Santa Clauses.

Ballade video LXVIII: Feierviser, egne begravelser og annet som hører julen til

Ni videoer, fem premierer. Helt ferske – og virkelig gode! – julesanger fra Ronni Le Tekrö, Ledfoot og Mona Halvorsen,...

Foto: Lars Opstad/Rikskonsertene.

Nyansert om musikk og tilhørighet

Hva skjer når man tar kjente sanger fra de største innvandrede musikkulturene i Norge, arrangerer dem for fire norske vokalister...