
FORKLARAR FORMULERING: Tono svarar – igjen – om strøyming og avrekningar.(Foto: Tono)
Tono svarar Klever
Vederlagsorganisasjona arbeidar med enno betre informasjon til kvart medlem, skriv Tono i dette svaret.
Dette er eit svar frå Tono til manager og forlegger Aslak Klever. Ballade publiserer Klever sitt innlegg eitter at Dag og Tid publiserte det fyrst.
Tono følgjer gjeldande regelverk for frådrag og rapportering til medlemmene sine. Årsaka til formuleringa i openheitsrapporten om digitale inntekter er at Tonos nettinntekter tidlegare vart handterte av Network of Music Partners (NMP), der frådraget varierer noko mellom ulike inntektstypar som strøyming og nedlasting. Samla ligg frådraget på om lag 10 prosent, og difor blir formuleringa «tilnærma 10 %» nytta. Tono arbeider kontinuerleg med å utvikle og forbetre rapporteringa, og planen er at medlemmene frå neste år skal få individuell informasjon om frådrag i avrekningane sine. Med atterhald blir Tono, så vidt vi veit, den fyrste kollektive forvaltningsorganisasjonen i Europa som gjer dette.
Medlemmene skal få individuell informasjon om frådrag i avrekningane sine
Fordelinga av kulturelle midlar skjer i samsvar med vedtak fatta av Tonos årsmøte og i tråd med gjeldande regelverk. Tonos styringsmodell er demokratisk forankra gjennom vedtekter vedtekne av årsmøtet med kvalifisert fleirtal. Spørsmål om organisasjonen si styring og representasjon av medlemmene og gruppeforeiningane er viktige tema som blir avgjorde gjennom demokratiske prosessar. Tono ønskjer brei deltaking i denne dialogen, også på det komande årsmøtet 1. september.














