Hopp til innhald
Bristol ensemblet i 2025 utgåva.

Bristolorkesteret anno 2025. (Foto: Nemanja Cadjo)

Fest i klangfargerike med forstyrrande ubehag og lågfrekvent stille

Ballade jazz: Superspreder har naila det på si andre plate, Geir Sundstøl feirer ti år som soloartist, vi får klangleg skulptur frå Sofa, og orkestrert stille frå Bristol.

Torkjell Hovland er kritikar for ballade.no, og skriv Ballade jazz ein gong i månaden. (Foto: privat)

Der Superspreder er langt inne i ein fest på dansegolvet, har Geir Sundstøl vore på roterommet og funne enda fleire lydar. Det er eit spenn i lytteopplevingane i denne utgåva av Ballade jazz.

Men vi startar med ein platedebut som har eit mørkt bakteppe.

John Andrew Wilhite – Bristol Silence (Motvind 2025) (Foto: Coverdesign ved Greyory Blake)

John Andrew Wilhite – Bristol Silence (Motvind 2025)

Før, under, og etter andre verdenskrig, var det husorkesteret leia av Øivind Bergh som underholdt på Hotell Bristol i Oslo. Dette er orkesteret som sidan vart til Kringkastingsorkesteret (no Kork).

Det var det ingen som snakka om. Og denne forteljinga har komponist og kontrabassist John Andrew Wilhite hatt som kreativt utgangspunkt i verket Bristol Silence, som allereie har vunne ei rekke med prisar. No er musikken ute på plate, og musikken er stor også her.
Forteljinga kan du lese meir utfyllande om i Ballades intervju med Wilhite her.

Det opnar med den skrapande lyden av ei grammofonplate, vi høyrer Bristolorkesteret. Gradvis tek Wilhites «Bristolorkester» over – dei speler stilla. Verket er skrive for same instrumenteringa som det opprinnelege orkesteret, her spelt av nokon av dei mest interessante på sine instrument.

Vi møter vokalistane Sofia Jernberg og Robin Steitz. Jernberg kjenner nysgjerrige lyttarar frå ei rekke utgjevingar særleg i jazz- og impro-verda, ofte med halsbrekkande vokalakrobatikk. Steitz er derimot eit nytt bekjentskap iallefall for meg, og hennar rolle er sentral i lydbiletet – eg får assosiasjonar til Kurt Weill. Ikkje så fjernt, akkurat.

Wilhite har nemleg leika seg med musikalske uttrykk frå den tida. Men heile vegen med eit forstyrrande ubehag. Ofte høyrer vi eit øydelagt og stygt festorkester i ein vulgær swing. Og denne swingen går vi inn og ut av, ofte på ein vittig og absurd måte.

Reint klangleg tek Wilhite tak i lydar eller motiv, initiativ frå enkeltinstrumenta . I «As Many Sighs» blir dei glidande tonane frå Jernberg og Steitz orkestrert og ramma inn. Omtrent så stemmene har orkesteret som ein effektboks, til tider. Det kjem eit fantastisk(!) «Intermezzo» der Wilhite er aleine med kontrabassen. Ikkje berre er dette virtuost (og fascinerande presist!), men det er i seg sjølv eit stort stykke musikk. Det er ei musikalsk hending som står for seg sjølv.

Klarinetten til Andreas Røysum er levande til stades, og med ei blåserrekke som er rikt arrangert. Lytt til «As Many Sighs II».

Ledige stillinger

Bristol Silence er eit stort verk, det inneheld så mykje, og det kan med fordel lyttast til nokre gongar før du fattar storleiken. Første gong kan det nesten vere noko uforløyst. Men Wilhite har gått djupt inn i ideane sine. Men lyttar du til det fleire gongar, blir du overraska over kor mykje rom her faktisk er. Det er ei bredde i uttrykk her, og det er ei full utnytting av det klanglege spekteret som ligg i orkesteret.

Dei avsluttar med ein slags blues, ein som overveldar oss, som viser til at det er noko større her. Og eg tenkjer at denne stilla, passiviteten som Wilhite peikar på, er like relevant i dag. Og utan samanlikning forøvrig får eg tanken over til årets satiretekst nr. 1 frå Larry David (Seinfeld-skapar og mannen bak Curb Your Enthusiasm) i New York Times – My Dinner with Adolf.

Bristol Silence by John Andrew Wilhite

Superspreder – Notification Generation (Sonic Transmissions 2025) (Foto: Sonic Transmissions)

Superspreder – Notification Generation (Sonic Transmissions 2025)

Når dyktige og kreative musikarar bestemmer seg for å gjere noko festleg, musikk med overskot og kick, altså – du høyrer det med ein gong. Superspreder er den unge superkrafta frå Trondheimsmiljøet, som rykta byrja å gå om allereie nokre år tilbake. Men først no kjem den første longspelaren.

Det første som slår meg er eit mykje meir utvikla og variert uttrykk på denne plata enn dei singlane eg har høyrt før, og for så vidt det dei spelte live for nokre år sidan.

Delvis er dei lause i snippen, eksploderer fritt ut – men på den andre sida er også låtane tighte, ideane godt skrudd.

Vokalist Miriam Kibakaya er punchy og rik, og gjennom plata syner ho eit stort dynamisk spenn.

Det er fleire høgdepunktlåtar. For eksempel opningslåta «Trash Can Hills», med melodiar og riff som minner om Esperanza Spalding, for å nemne ein gamal ungdom. Ein utrulig gøy hiphop-ish groove i «Kill it Before It Breeds». Og i kvar av desse låtane, så er ideane tenkt eit par runder gjennom. Korleis kan ein høyre det? Eg trur det handlar om uventa småting. Vokallyden skrudd på ein gøyal måte. Trommegrooven er holdt simpel her, eksplosiv der. Det er fantastiske blåser-arrangement, sjølv på små «uviktige» stader. Blåserrekka med Amalie Dahl, Guro Kvåle og Mona Krogstad er toppa lag.

Det er energi som først og fremst er varemerket til Superspreder. Men på Notification Generation er ikkje energien ein ukontrollert galskap, men meir som optimalisert spurtar.

Det er varmt i veret, og tid for å hoppe i supersprederen!

Notification Generation by SUPERSPREDER

Geir Sundstøl – Sakte film (Hubro 2025) (Foto: Raymond Mosken, design: Aslak Gurholt)

Geir Sundstøl – Sakte film (Hubro 2025)

Geir Sundstøl feirar ti år som soloartist, men som kreativ musikar er han å finne på hundrevis (sikkert) av plater langt tilbake i tid.

I det vesle studioet hans, Studio Intim, har han plass til alle antikvitetane og snurrepiperiane sine som han har samla med seg opp gjennom åra, og med nysgjerrige øyrer har han arbeida fram eit instrumentalt vokabular som gjorde solokarrieren uunngåeleg.

Opninga på Sakte film, «Mats», er som ei scene i ein storfilm der ein eller annan seier replikken «Welcome!», før eit stort landskap opnar seg med strykarar og det heile. Eg tenker Lawrence of Arabia, eller noko i den duren. Det er sjølvsagt Mats Eilertsens fingerspitz-spel på kontrabassen vi høyrer. Under har Sundstøl det fargerike flettateppet.

Det er drøymande musikk, og lett å skjøne at Sundstøl har fått fleire oppdrag om å lydlegge podkastar og filmar. Men det er også givande å lytte til Sakte film, berre lytte til lydane i seg sjølv.

«Divan» har for eksempel noko barokt over seg (barokken snik seg inn overalt framleis, altså). Klangleg trygg sorg.

Andre gongar er musikken meir kårny. På ein god måte! Som på «Maroder misjonær» – du høyrer det jo i namnet. Med eit riff som er likefram.

Og så er det analogt. Gjennomgåande analog feeling. Musikken er spelt inn på teip og klippa og limt, som han sjølv fortel i presseskrivet. Det er i det heile tatt nok anti-KI over heile vibben her. Grove lydar. Sundstøl driv med lydnysgjerrig musisering, akkurat som du høyrer smilet bak musikken når «aha – der er linja – der er lyden!». Og han plasserer dei riktige lydane akkurat der dei trengst.

Espen Reinertsen, Anja Lauvdal/Christian Winther – Night as Day Day as Night (SOFA 2025) (Foto: Sofa)

Reinertsen/Lauvdal/Winther – Night as Day Day as Night (SOFA 2025)

Espen Reinertsen er ein saksofonist eg lenge har vore glad i. Hans Forgaflingspop på SusannaSonata i 2015 har jamleg rotasjon her i huset. Han har nokre unike, varme tonar i seg. Her på Night as Day Day as Night er han med ekteparet Christian Winther, gitarist, og tangentisten Anja Lauvdal.

Det første som slår meg er kor roleg det lét. Vi blir liksom sette rett inn i ei ro, og musikken står eigentleg heilt stille gjennom dei stutte 25 minutta utgjevinga varer. Musikken skal liksom ingen veg reint dynamisk, og det gjer lytteopplevinga til noko anna. Vi må endre innstilling.

For likevel skjer det jo heile tida noko – i dei små lydvariasjonane. Somme gongar opplever eg klangen som eit pulserande sår, der blodet pumpar rundt i kroppen. Lågfrekvent. Andre tider er musikken i det meir direkte – særleg med Christian Winthers snille kassegitar. Det er i det heile tatt venlegsinna harmoniar.

Men meir enn meditasjonsmusikk, så er dette ei av desse utgjevingane som liknar fotografiet, biletet. Det er stillbilder, tenkjer eg.

For brått tek det slutt. Og det er det einaste eg skulle ynskje meg – at eg kunne vere i det lenger når vi først hadde landa i det. Kvar er neste halvpart? Kanskje må vi fylle den sjølve.

Night As Day Day As Night by Christian Winther, Anja Lauvdal, Espen Reinertsen

Ledige stillinger

Relaterte saker

Øivind Bergh i spissen av sitt orkester – med påskriften «Til Arvid». Musikerne spilte for hotellgjester på Hotell Bristol.

Når hotellmusikerne spiller for fienden – Bristol Silence på turné

Hva så de, Øivind Berghs orkester, da de sto på podiet i hotellsalen og spilte tidsriktig dansemusikk? Hva tenkte musikerne,...

Mona Krogstad

Likte du Rings of Power? Kva med Mona Krogstad og Geir Sundstøl?

Kritikar Torkjell Hovland held fram sin kamp mot algoritmene og insisterer på at musikk aldri er smal. Om Rings of...

Amalie Dahl

Ballade jazz: Å bryte og bygge vaner

Dette er platene du pakkar med deg i lag med krimromanen, kvikklunsjen og appelsina.

Yes! Dei er tilbake!

Ballade jazz: Bang Bang

Kan vi oppleve tid gjennom rytme? Kritikar Torkjell Hovland reflekterar rundt nye album frå Karl Bjorå, Telehiv, Building Instrument og...

Blåserekka i Treverket

Ballade jazz: Ein betre stad

Håpet kjem med musikken, også i 2025. Lytt til Treverket, Jo David Meyer Lysne, Stein Urheim og Christian Winther.

Flere saker

Pensjonert landsdelsmusiker Inge Rolland

Landsdelsmusikerne i Nord-Norge 40 år – et tilbakeblikk

INNLEGG: Inge Rolland ser tilbake på 40 år med Lansdelsmusikerordning i Nord-Norge.

Karpe i Paris – Diaspora

Tjener ikke penger på Europa-turnéen

Plassmangel, bussparkering og britisk skjemahelvete. Det har vært de største humpene i veien når Karpe nå er ute på sin...

Arif på Sentrum Scene under Bylarm i Oslo,

Amerikanske Grammy Awards endrer sin «urban»-kategori

Den store musikkprisen annonserte onsdag at de bytter navn på “Best Urban Contemporary Album”-kategorien.