Vokalist Vilde Torheim Skjerdal tenker høgt og snakkar med mentor Torun Eriksen om lykke og låtskriving.

Vilde Skjerdal Foto: Brandon McDade

For musikar og låtskrivar Torun Eriksen er sjølvrealisering «eit forsøk på å utvikle seg i tråd med den ein opplever å vera som menneske, og å komma nærare dei måla og draumane ein har». Når det gjeld opplevinga av kven ein er, er dette noko som krev at ein fokuserer innover, og audmjukt anerkjenner alle aspekt ved sin eigen person. Såleis, tenker eg at det viktigaste leddet i sjølvrealiseringsprosessen blir å akseptere at det heile nettopp er ein prosess.

Som Eriksens vokalstudent på bacheolrstudiet i rytmisk musikk ved UiA, har eg blitt kjent med henne både personleg og profesjonelt. Gjennom tre år har vi delt og bearbeida tekstar, noko eg føler har opna opp for ein diskusjon som når langt djupare enn det handverksmessige.

Vår kjensle av lykke blir i stor grad påverka av vår hang til å samanlikne (Lama og Cutler, 2014). Om vi samanliknar vår noverande livssituasjon med den førverande, og finn at livskvaliteten vår har auka, aukar også vår kjensle av lykke. Frå dette kan vi dra ein parallell til Erik Eriksons teori om personlegdomens utvikling, der han set opp stagnasjon, eller nullvekst, som det kontrasterande alternativet til sjølvrealisering (Imsen, 2015). Om vi antek at dette stemmer, verkar det også logisk å kunne anta at ein gjennom kreativ skriving vil kunne føle at ein realiserer seg sjølv. Dette, både ved å realisere sine krefter gjennom den faktiske skriveprosessen, men også ved å bruke tekstane som eit refleksjonsverktøy for eins personlege vekst.

Torun Eriksen Foto: Anders Nilsen

Ei kontinuerleg utfalding
Når eg spør Eriksen korleis ho tenker at låtskriving kan vera eit middel til sjølvrealisering, får eg også eit svar som i stor grad harmonerer med dette:

– Om ein vel låtskriving som uttrykksform ligg det ofte ein sterk indre motivasjon der, som gjer at ein tek fatt på – og fortsetter – dette arbeidet. For meg er ikkje låtskrivinga berre eit middel til sjølvrealisering, til dømes ved at eg blir ferdig med ein song og kan dele den; det er på mange måtar (både) middelet og målet fordi sjølve arbeidsprosessen er viktig og interessant, seier Eriksen.

For henne rommar låtskrivingsprosessen utforminga av dei kunstnariske ideane og visjonane, samstundes som at den gir innsikt i – og kunnskap om dei temaa ein arbeider med når ein skriver, på eit djupt personleg plan.

Og det er ikkje berre for seg sjølv ein skriv. Eg trur at ein ofte ønsker å ha noko å seie også for andre menneske sitt tilvære – å utøve noko større enn seg sjølv. I sjølvrealiseringsprosessen er ei slik kjensle av nødvendigheit ein viktig faktor, då den fungerer som ein føresetnad for at ein skal kunne skape endringar. Det modne mennesket treng å gi omsorg og å vera naudsynt for nokon. Spørsmålet blir då korleis ein kan utvikle ei kjensle av nødvendigheit i kvardagen?

Nemnde Erikson viser til kreativitet og produksjon på det materielle eller åndelege feltet som ein nødvendig føresetnad for sjølvrealisering. Det er snakk om ei realisering av indre krefter, som også minner mykje om det øvste behovet i Maslows pyramide. I følge Maslow, vil det sjølvrealiserande menneske kunne kjenneteiknast ved eigenskapar som kreativitet og openheit i møte med nye erfaringar, ny kunnskap og nye idear. Her er det enkeltindividets sjølvstendige og kontinuerlege utfalding som er hovudidealet – og det endelege målet.

Hjernens plastisitet
Om ein ønsker at spesifikke hendingar skal inntreffe, er det på same måte naturleg å forsøke å utløyse årsakene og føresetnadane som framkallar desse hendingane. Det same gjeld sinnstilstandar og opplevingar: Søker ein sjølvrealisering må ein, i tråd med effektlova, søke årsakene som kan leie ein dit.

Det kan høyrast enkelt ut, men vi kan jo fastslå at ein i dialogen om mentale prosessar sjeldan finn enkle løysningar. Likevel, er det eit faktum at vi fysisk kan endre nervecellene våre, og dermed også måten hjernen fungerer på, kun ved å mobilisera tankane våre i nye retningar. I følgje Lama og Cutler (og noko forenkla) let hjernen seg forme ved å endre koplingar, som svar på nye tankar og opplevingar. Som eit resultat av læring, blir også nervecellene sine funksjonar endra, noko som tillét elektriske signal å passere på enklare vis. Denne evna, kalla plastisitet, synast å vera det psykologiske fundamentet for endringar i hjernen.

Dette er også sjølve grunnlaget for ideen om at indre forandring startar med nye impulsar, og ein gradvis kontroll over å det å kunne erstatte vår negative åtferd med positiv åtferd. Såleis blir ideen om å låtskriving som middel til sjølvrealisering ei svært så handfast og realistisk moglegheit.

Det meiningsfulle held oss vakne.

Vilde Skjerdal Foto: Brandon McDade

Eg spør Eriksen igjen:

Opplever du låtskriving som ein meditativ eller aktiv prosess? Kan ein til dømes snakke om låtskriving som ei aktiv trening av sinnet?

– Ein skriveprosess har mange fasar, nokre tilsynelatande mindre aktive enn andre, men kanskje er det berre ulike former for aktivitet. I starten på nye låtar er det ofte behov for å få skikkelig tak i ideane, og å forstå kva dei handlar om. Då vert det gjerne kravd meir fri flyt, stillheit og observasjon enn styrt tankekraft og problemløysing.

– Dei seinare fasane der ein skriv mykje og jobbar konkret med form og tekniske, eller handverksmessige val er dei mest synlege aktive delane av prosessen. Eg trur låtskriving, som all kreativ utfalding bidreg til å halde sinnet vakent og trent. Det som følast meiningsfullt gjer at vi held oss vakne og nysgjerrige, og i små augeblikk til og med lykkelige.

Kva er det som set i gang skriveprosessane for deg?

– Det er ein kombinasjon av korleis eg betraktar verda, og dei faktiske møta eg har med folk og omverda mi.

Ei etterlengta kjensle av lykke
Personleg, opplever eg at sjølvrealisering står i eit direkte forhold til lykke – at lykke er ein motivasjon til, og eit produkt av det å realisere seg sjølv. Vidare opplever eg at ein i dialogen om sosiale indikatorar forvekslar lykke med den følelsen vi kjenner som glede. Som følgje av den forenkla portretteringa, kan det derfor verke som at folk distanserer seg frå omgrepet lykke i sin heilskap, noko som også svekker dialogen rundt emnet.

Les også: Slik løser du skapersperre

Trass dette, trur eg at det eksisterer semje om at lykke verkeleg er ei etterlengta kjensle – ei kjensle som i stor grad blir styrt av vår eiga oppfatning av tilværet. For meg handlar det om å fungere godt som menneske – å føle at eg realiserer mi eiga førestilling av kven eg er. Sjølvrealisering og lykke er begge høgst intime og personlege omgrep, som best lar seg definere av eins eiga og noverande forståing av tilværet. Desto vakrare blir det derfor å samtale om.

Eg vender meg til Eriksen igjen, og spør om ho opplever menneskets søken etter lykke som allment gjeldande:

– Om du meiner eg trur det ligg i den menneskelege natur å jakte etter lykke?

– Ja?

– Eg trur kanskje ikkje alle opplever at dei jaktar lykke, men å finne eller leite etter meining i livet ein lever, trur eg ligg djupt i oss..

Vilde Skjerdal er student ved master-studiet i Utøvende rytmisk musikk Universitet i Agder.

Kjelder:
– Imsen, Gunn (2015) Elevens Verden. 5. utgåve. Oslo: Universitetsforlaget
– Lama, Dalai og Cutler, H. C. (2014) Kunsten å være lykkelig. Oslo: Arneberg Forlag

Publisert:

Del: