Føreslår 10 millionar til Balansekunst
– Balansekunst må få moglegheita til å kunne gjera enno meir, seier Anette Trettebergstuen i Arbeiderpartiet
Den sitjande regjeringa har skjenka kulturmangfaldet 20 millionar i sitt statsbudsjett for 2019. Av desse er 1,5 millionar føreslått tildelt den ideelle foreininga Balansekunst. I Ap sitt alternative statsbudsjett finn vi at den same foreininga er skjenka 10 millionar.
Nestleiar i Familie- og kulturkomiteen, Anette Trettebergstuen (Ap), har lenge vore ein forkjempar for kunstnarøkonomien og kulturbransjen. Til Ballade forklarer ho forslaget om auka rammer til Balansekunst slik:
– Metoo har vist kor dårleg det står til i store delar av kulturlivet. Folk har fått opp augo for kva som trengst gjerast meir med for å auke likestillinga, og også jobbe mot diskriminering og trakassering.
– Vi meiner at eit av dei verkemiddela vi treng å satse på er nettopp Balansekunst, som gjer veldig mykje bra der allereie. Mellom anna gjennom lågterskeltilbod som rådgjevingstelefonen, kursing, sertifisering og liknande.
Sertifiseringa, som Trettebergstuen peiker på her, er ei planlagt merkeordning for likestillings- og mangfaldsarbeid, og mot trakassering og diskriminering. Dette er ein forholdsvis ny idé, som tek utgangspunkt i ei skulering av leiinga for ulike kulturinstitusjonar, slik at ein kan sikre eit aktivt arbeid mot trakassering.
– Balansekunst må få moglegheita til å kunne gjera enno meir, så vi har ei ganske bra likestillingssatsing i vårt statsbudsjett. Der er Balansekunst eit viktig tiltak. Dei er i gang allereie, og dei gjer mykje bra. Og med meir pengar kunne dei ha gjort enno meir ¬– og det trengs. Det har MeToo-kampanjen fått alle til å innsjå, fortel Trettebergstuen.
Meir i budsjettforslaget
Balansekunst består av 67 kunst- og kulturorganisasjonar, institusjonar og aktørar frå heile landet. Saman, og på eige initiativ, har dei jobba for eit likestilt og mangfaldig kulturliv sidan stiftinga i mai 2016 (https://balansekunstprosjektet.no/om-prosjektet).
Trettebergstuen trekk også fram Balansekunst sine planar om å opprette eit fond der organisasjonar kan søke midlar til likestillingsarbeid som positivt.
– Dette er tankar som Balansekunst har, og som vi meiner at dei må få utvikle vidare. Eg trur ikkje det er noko problem å få brukt opp ti millionar på aktivt likestillingsarbeid i kulturlivet. Dette er eit signal frå oss om at vi må få opp likestillinga i kulturlivet, og Balansekunst er eit veldig viktig verktøy.
– Går dette då utover nokre andre punkt i statsbudsjettet – kvar ligg inndekninga?
– Nei altså, vi brukar 500 millionar meir enn regjeringa på kultur generelt og det er fordi vi ikkje prioriterer store skattekutt. Vi bruker meir pengar på likestilling og på kultur, og då prioriterer vi igjen Balansekunst fordi dei er eit viktig verkemiddel.
Dei framlagte midlane frå sitjande regjering var altså på 1,5 millionar. Dette var allereie nok for å få folk til å juble, ettersom at foreininga først vart etablert i 2016. Balansekunst er såleis ei av 25 grupper og institusjonar som er tildelt midlar. Så kvifor reagerte AP på at det var for lite?
– Det skulle berre mangle at ikkje Balansekunst kom på statsbudsjettet, men 1,5 million er jo lite pengar. Balansekunst har ein tilsett i ei 50 prosent stilling, og dei har ikkje eigne lokale ein gong. Då er det klart at det er avgrensa kva ein får gjort. Vi meiner at Balansekunst er ein så god organisasjon – som er eigd av alle medlemmene – at ein berre bør seie at dette vil vi vera med på for at dei får rigga opp og gjort meir.
Betyr mykje
Påtroppande Ballade-redaktør Guro Kleveland og styreleiar i Balansekunst er nøgd med Arbeiderpartiets forslag.
– Først og fremst, uansett utfall av budsjettforhandlingane som skal skje no: Vi er utruleg glade for og stolte av denne enorme tillitserklæringa til Balansekunst i Arbeiderpartiets alternative budsjett. Å bli sett, høyrt og anerkjend slik vi blir no betyr veldig mykje for Balansekunst som foreining, for alle medlemene som er og som skal bli med, og for arbeidet vi skal gjera framover, seier Kleveland.
– Kva vil det bety om det alternative statsbudsjettet blir ein realitet?
– Vi kunne ha bygd opp ein profesjonell og solid organisatorisk infrastruktur for Balansekunst: Bemanning og administrasjon, moglegheit for langtidsplanlegging og føreseielege rammer for utvikling av ressursar, verktøy og tilbod som ville bidra til å styrke og løfte likestillings- og mangfaldsarbeidet innan heile kulturfeltet, vera ein aktiv rådgivar, rettleiar og ressurs for kulturaktørar og verksemder, kulturbyråkrati og politisk nivå over heile landet; nasjonalt, regionalt og lokalt. Vi ønsker å opprette ein søkbar likestillingspott aktørar kan søka pengar til eigne tiltak frå.
Vil bli fagressurs
Ho trekk også fram at for å kunne seie noko om kva status er for likestillinga, kva slags endringar som kan visast over tid trengs fakta, tall, statistikk og kartleggingar. Dette er også oppgåver Balansekunst kunne ha hatt ansvaret for å utføre.
– Med midlane i det alternative statsbudsjettet ville Balansekunst ha moglegheita til å vera det til (det) fulle, og utnytte sitt potensial som ein ressurs for kulturlivet enno betre
– Balansekunst kan bli ein fagressurs for alle kulturaktørar som ønsker å jobbe med likestilling og mot diskriminering, og ikkje berre for dei 67 organisasjonane som er medlem av Balansekunst per i dag.
Kleveland er overtydde om at ein breitt forankra innsats er nøkkelen til ei vedvarande forandring når det kjem til inkludering og mangfald.
– Dei siste åra har vi sett eit kraftfullt, inspirerande og stadig veksande engasjement hjå både store og små kulturaktørar. Ei finansiering på det nivået Ap føreslår vil sikre at vi kan ivareta og rettleie nye initiativ i langt større grad enn tidlegare.
– Det vedvarande fokuset på samfunnsstrukturar vi har sett i #metoo-debatten gjer det klart at vi ikkje kan snakke om trakassering utan å snakke om maktforhold. Det er i stor grad dei asymmetriske maktrelasjonane som mogleggjer trakassering, og det er desse strukturane Balansekunst vil jobbe for å demontere gjennom målretta kursing og bevisstgjeringsarbeid.
– Har du trua på eit framtidig vedtak?
– Ja, det har eg. Det er mange krefter i både kulturlivet og politikken som er utålmodige no, og som ønsker fortgang i arbeidet med likestilling og mangfald. Den enorme krafta vi var vitne til under MeToo i vinter står som ein knyttneve i arbeidet for likestilling og likeverd.
– Trakassering, undertrykkande strukturar og haldningar har hatt fruktbar grobotn i alle år, over heile verda. Vi må anerkjenne at arbeid for likestilling, likeverd og mangfald også er et arbeid mot trakassering og diskriminering. Likestilling, likeverd og mangfald er sårbare verdiar både hjå enkeltmennesket og i politiske konstellasjonar, verd rundt. Eg har tru på at norske politikarar ønsker å vise at landet vårt kan vera eit føregangsland for rettferd, valfridom, lønnsamheit og for god og mangfaldig kunst og kultur, avsluttar Kleveland.
Ledige stillinger
Kommunikasjonsrådgiver/ medarbeider i 60% stilling
Norsk Viseforum (NVF)Søknadsfrist:11/11/2024
Doktorgradsstipendiat i kunstnerisk utviklingsarbeid innen opera
KHiO OperahøgskolenSøknadsfrist:01/12/2024
Scenetekniker/ snekker
Operaen i KristiansundSøknadsfrist:20/10/2024
Fem ledige stillinger
Kristiansund kulturskole og Operaen i KristiansundSøknadsfrist:20/10/2024
Journalist/redaktør til vikariat
Kontekst / Creo - forbundet for kunst og kulturSøknadsfrist:13/10/2024