Stine Janvin på All Ears 2020 (Foto: Juliane Schütz)

Øyrene er opna

Det har aldri vore viktigare med fri improvisert eksplosivitet. All Ears 2020 var ei fire timar sonisk øyreskylling.

Kalender

AVLYST: Operapub på Røverstaden

15/04/2020 Kl. 20:00

Oslo

JAZZ I SIKTE

17/04/2020 Kl. 20:00

Rogaland

Kroke

17/04/2020 Kl. 19:00

Oslo

AVLYST: Operapub på Røverstaden

22/04/2020 Kl. 20:00

Oslo

Legg til arrangement
Se alle

All Ears har i år, det 19. året, valt å turnere med festivalen. Dei siste åra har festivalen gått over tre-fire dagar og hatt rundt 15 artistar. I år var festivalen ein kveld, med fire artistar som reiste rundt, i tillegg til ein konsert med G·bop XXL Percussion Orchestra på Deichman Grünerløkka søndagen.

Det er forståeleg at festivalar går slike vegar. Og eg vil tru at det tilsynelatande høge publikumstalet på Victoria ikkje var gjennomsnittet på tidlegare festivalar. Så om poenget er å få musikken ut til flest, kan det hende at dette er like lurt. Du kan lese kva ein av arrangørane, Christian Meaas Svendsen, seier om å bli turnerande festival her og her.

Men er det framleis ein festival? Ikkje at det gjer noko at det ikkje er det, men er det det? Eg tek meg i å tenke at det hadde vore kult om nokon laga ein All Ears-festival. Fleire ulike lokale. Spreidd utover dagen, eller kanskje fleire dagar. Samtidig er det kanskje tyngre for folk å oppsøke slikt då? Det ryktast i alle høve at det er spennande planar for All Ears 2021, jubileumsfestivalen.

Uansett – å kuratere ein konsertkveld på fire timar er ein kunst i seg sjølv. Dei fire musikarane som står bak årets All Ears kan denne kunsten. Kvelden blir ei sonisk reinsing over fire timar.

Kvelden opnar i dei øvste frekvensane med Stine Janvin. I kvite klede står ho midt i rommet og blinkar i takt med strobelysa. Ho glir opp i det lyse, og boksane gjentek og formar om. Det er høgt volum, alarmerande musikk. For den som torer opne øyra også bokstaveleg talt, kan ein kjenne det gå kvitt på bølgjene i det indre øyret. Kombinert med strobene blir alle sansar tvinga inn i lyden.

Om lyduttrykket er radikalt, nyttar Janvin seg av konkrete, tradisjonelle mønster kva gjeld formstruktur, tonalitet og taktartar. Med ein virtuos stemmekontroll syng ho brutte akkordar og pipande riff og lagar på eit vis diggbar, suggurerande tekno for dei høge frekvensane. Stine Janvin sitt sett er djuptpløyande, og framstår detaljert gjennomtenkt.

Øyrene er opna for kvelden.

Guro (dyna) Moe Revolution Sextet er sett saman av Vivian Wang på vokal og diverse elektronikk, Cheryl Ong på trommer, vokal, Danishta Rivero på diverse elektronikk og vokal, Alexandra Bushman, elektronikk og vokal, Ane Marthe Surlien Holen på perkusjon, og Guro Skumsnes Moe på bass og vokal. Det er mykje lyd, mykje lydar. Og alt lét uhyre taktilt. Som om kvar lyd tek på meg fysisk.

Anten det er knitringa frå det reflektive overlevelsesteppet som Guro gnikkar mot bassen eller Danishta Rivero sine nære kontaktmikrofonar. Ein høgsensitiv mikrofon på Cheryl Ong si skarptromme er også eit døme på korleis enkeltlydar får sin plass i det massive lydbiletet.

Gruppa lyttar og byggjer opp energi i musikken for kvart initiativ. At samtlege også bidreg vokalt, meir eller mindre, er eit av elementa som er med på å gi denne musikken eit sterkt menneskeleg uttrykk – midt i all elektrisiteten, elektronikken.

Der eg står og voggar frå side til side, tenkjer eg – aldri før har eksplosiv fri improvisert musikk vore viktigare. Det er ein befriande aggressivitet i revolusjons-sekstetten som kjennes so rett i vår innimellom frustrerande, håplause tid. Opne øyrene!

På tysdag 14. januar kan du høyre fleire av medlemmane solo på Kafé Hærverk i Oslo.

Kvart år sett All Ears saman ei gruppe musikarar som aldri før har spelt i lag. I år, den engelske fagottisten Mick Beck, cellisten Elisabeth Coudoux og pianist Shih-Yang Lee frå Taiwan. Dei tre spelte heilt akustisk, noko som hadde ei spesiell effekt då det tidlegare hadde vore både høgt volum og høg spenning. Det er korleis konteksten musikken står endrar lyttinga som gjer slike kveldar spesielt interessante.

Den engelske fagottisten Mick Beck (Foto: Juliane Schütz)

Det første eg beit meg merke i var pianisten Shih-Yang, som lét både jazza og klassisk, og som stadig vekk var innom konkrete referansar. Likevel inne i det same, frie rommet som dei to andre. Dei tre blander seg bort i kvarandre sine lydar og leikar seg med å finne klangen, stien.

Coudoux sitt cellospel er ein tekstur som Dock teiknar strekteikningar over. Når Shih-Yang i tillegg flyt i impresjonistiske klangar, kjem det ein undrande poetisk musikk frå trioen. Heile tida er det nye ord, setningar og uforutsigbare vendingar med moglegheit for nye refleksjonar i hovudet på lyttaren.

Trio for første gang. Fagottist Mick Beck, cellist Elisabeth Coudoux og pianist Shih-Yang Lee (Foto: Juliane Schütz)

Supersilent kan seiast å vere “headlinerar” for å bruke festival-lingo. Ståle Storløkken, Arve Henriksen og Helge Sten sin legendariske trio har nådd større publikum langt over det gjengse All Ears-publikumet. Like fullt er det eit openbart logisk namn å sjå på programmet. Det kvadratiske bordet på scena var fylt opp av knottar, nye og nostalgiske boksar. Det lét Supersilent frå første tone.

Det kvadratiske bordet på scena var fylt opp av knottar, nye og nostalgiske boksar. Det lét Supersilent frå første tone, skriv anmeldaren (Foto: Juliane Schütz)

Eit nytt kapittel frå det same musikalske universet. Storløkkens nokturne sorg-orgel, medan historien om den gråtande trompet blir fortalt av Henriksen, med ei hand på lap-topen for å gi melodiane djup eksistensiell krise.

Arve Henriksen i Supersilent (Foto: Juliane Schütz)

Frå sine djupaste frekvensar tek Helge Sten opp “dødsknappen”. Det ser nesten ut som han er redd for den, sperrer opp auga og bevegar seg vekk frå bordet i det det brakar laust og vi på galleriet nærast er bekymra for kva eit slikt bygg kan tóle. Heile publikum gliser – hjelp, dette er enormt!

Brått bryt dei tre opp i slag, beat og deng. Det strammar seg til, og dei dansar spasmisk på knottane. Arve Henriksen ler og slår på tromme-paden med lydar frå britisk nittitals-house. Ståle Storløkken spring over dei forvrengte Rhodes-tangentane. Gauling i publikum, ein vanvittig energi i rommet. Trioen vekslar blikk som seier “Ja! Det er DETTE eg snakkar om! DETTE er gøy!”

Ei perfekt avslutning på ei sonisk reinsing. Øyrene er opna for 2020.

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev