Solveig Kringlebotn

Oslo-Filharmonien på Présences i Paris

Présences-festivalen er i gang i Paris for 16. året på rad. Denne franske samtidsmusikkfestivalen, som eigentleg er ein orkesterfestival, har dei siste tre år hatt norsk fokus. I år stod Oslo-Filharmonien for det norske utøvarbidraget, og presenterte eit program med verk av Lasse Thoresen, Ludvig Irgens Jensen og festivalkomponisten Krzysztof Penderecki. Fredagens konsert utmerkar seg neppe som noko det franske publikum vil festa seg ved for ettertida, men ynskjast velkomen som eitt steg i rett retning, skriv Ballades meldar i denne konsertomtalen frå Paris.

Kalender

Lørdagsopera

20/04/2024 Kl. 16:00

Oslo

OperaFest!

20/04/2024 Kl. 19:00

Viken

Operapub på Grønland Boulebar

20/04/2024 Kl. 19:00

Oslo

Av Ida Habbestad

Det er sørgjeleg lite media-merksemd kring storhende i norsk musikkliv. For tredje året på rad er eit norsk orkester invitert til Paris, utan at det i nemneverdig grad får plass i norske medier. Nokre få har kanskje, gjennom serien ”Orkesterliv” på NRK1, fått med seg at Kringkastingsorkesteret var der i fjor. Ballade har vore tilstades med reportasjar samtlege år — men stort meir er ikkje å finna.

Festivalen Présences har, i samarbeid med den norske ambassaden, satsa norsk og gjennom desse tre åra har Bergen Filharmoniske Orkester, Kringkastingsorkesteret, BIT20, Sidsel Endresen Christian Wallumr¿d og Helge Sten m.fl vore invitert og framført verk av mellom andre Rolf Wallin, Cecilie Ore, Maja Ratkje, Rolf Gupta, Kjell Flem, Arne Nordheim og Geirr Tveitt. Alt i alt ein stor og fyldig presentasjon av norsk kulturliv i det udiskutable kultursentrum Paris framleis er. Vedkomande framføringar har i tillegg vorte vidareformidla i sendingar til kring tredve andre land.

I dette siste året med norsk fokus er altså Oslo-Filharmonien invitert, med eit program samansett av verk av Lasse Thoresen, Ludvig Irgens-Jensen og festivalkomponisten Krzysztof Penderecki. Ein så omfattande internasjonal presentasjon skulle vel vera verd å merkja seg?

Men, under konserten som fann stad i Salle Olivier Messiaen i Radio France sine lokale fredag 10. februar, kjenner ein seg altså som i inste krins av hemmeleg innvigde. Eit høvevis stort publikum syner at det i alle fall i Paris er ei viss merksemd for det einaste norske utøvarbidraget under festivalen dette året. Orkesteret gjennomførte forøvrig det same programmet i Oslo Konserthus dagen før, med Christian Eggen som dirigent og Solveig Kringlebotn som solist.

Assisiasjonsrik opning

Tittelen på opningsverket, “Emergence – Luohti Boade!” av Lasse Thoresen spelar på blandinga mellom å koma fram, eller kanskje til og med mana fram (“Louhti Boade” tyder “joik, kom fram!”) samstundes som det engelske “emergence” (tilsynekomst) ifylgje komponisten og gjev rom for ei tolking mot det meir “fårefulle”. Det femten minutt lange verket, som vart tinga av Oslo-Filharmonien og Mariss Jansons til residensvekene i Athen og Wien 1997, tek utgangspunkt i ein joik, som vert projisert gjennom to konserterande trombonistar (Aline Nistad og Terje Midtgård) plassert på kvar si side bak i orkesteret.

Verket er assosiasjonsrikt – førestillinga om springande reinsdyr over den aude, kalde vidda er nærliggjande gjennom Thoresens bruk av dombjeller og joiketemaet som óg framkjem i lange, homofone, konsonerande parti hjå strykarane. Element av mystikk kjem til uttrykk ved bruk av fluttertunge i treblås, claves etc. som leiar fantasien mot det okkulte, magien og sjamanismen. “Emergence – Luohti Boade!” er eit verk fullt av liv, og med ein friskhet som gjer stykket til konsertens høgdepunkt.

Japansk innslag

Salle Olivier Messiaen er ikkje særleg stor; det opplevest mest som ein er på kammerkonsert. Særleg gjaldt dette då ei mindre utgåve av orkesteret framførde ”Japanischer Frühling” av Ludvig Irgens Jensen med Solveig Kringlebotn som solist. Utanom Thoresen sine verk, er dette det einaste norske verk representert på festivalen i 2006. Verket som er skrive i 1957 består av ei rekkje små satsar. Tekstane er eldre japansk lyrikk, gjendikta på tysk av Hans Bethge.

Verket vart skrive for sopran og klaver i 1920, men framstod i ny, revidert versjon i 1957. Det intime uttrykket i Salle Olivier Messiaen gjorde seg godt – og ein fekk nær kontakt med Kringlebotn si innleving og formidling som er særleg god i dei lystigare avsnitt. Desse satsane liva opp denne «unorske» songsyklusen, som er både gjennom­siktig og kraftfull, med fin orkestrering og vakre melodiske spenn – men noko langdryg etter fem-seks satsar.

Langdrygt

Langdrygt får vel óg stå som overskrift for kveldens siste verk, “Symfoni nr 3” av
Krzysztof Penderecki. Verket markerer komponisten sin overgang frå avantgardisme mot ein ”seinromantisk” stil, og sjølv om det startar lovande, med grundig oppbygging og solid orkesterhandsaming, finn verket liksom aldri nokon skikkeleg retning, men vert ståande som noko keisamt og innhaldslaust, til tross for solid innsats og god framføring frå orkester og dirigent.

Eitt steg på vegen
Dette er ein konsert som oppfyller mykje av det eit norsk musikkmiljø kunne ynskja seg: musikken vår vert presentert i utlandet; både samtidsmusikk og eitt meir ukjent verk frå mellomgenerasjonen. I tillegg bringar orkesteret heim nyare og sjeldan framført utanlandsk musikk. Og likevel kjennest det berre som eit steg på vegen. Konsertprogrammet er ikkje spesielt heilskapleg utforma – og byr knapt på dei heilt store utfordringane. Konseptet nyttar neppe høvet til å syna fram kva som rører seg i musikkmiljøet i Noreg for tida, gjev berre ein kort ettersmak og utmerkar seg neppe som noko det franske publikum vil festa seg ved for ettertida.

Mykje av dette ligg nok i festivalens programprofil – det er neppe orkesteret sjølv som har stått for programvalet. Fredagens konsert er likevel eit steg i rett retning og må ynskjast velkomen. For ettertida får ein vona at slikt ikkje utelukkande vil skje på initiativ utanifrå, og at dei initiativ som måtte koma frå orkesteret sjølv, vil presentera minst like spanande program.

11. februar.
Konsert Salle Olivier Messiaen,
Oslo Filharmoniske orkester
Christian Eggen, dirigent,
Solveig Kringlebotn, sopran
Aline Nistad, og Terje Midtgård, trombone

Festival Présences vert i år arrangert av Radio France for 16. gang. Årets festival føregår frå 3. til 18. februar og presenterer 27 komponistar, 15 urframføringar, 23 førstegongsframføringar i Frankrike og heile 14 verk tinga av Radio France. Festivalkomponisten Penderecki er representert med 20 verk, m.a. tre symfoniar.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.