Hopp til innhald

Eit spel på spedbornlydar

I sin babykonsert på Oslo World brukte Eldbjørg Raknes spedborna sine musikalske utsegn og løfta med det musikken, skriv Olav Opsvik.

I mellom verdsstjerner frå alle verdshjørne under Oslo World, sto også heile to babykonsertar med Eldbjørg Raknes på programmet. Med baby meiner vi born frå 0-12 månadar. Eg har høyrt om babysong og vore på mange konsertar for ganske små born, men aldri opplevd eit konsept skreddarsydd for spedborn.

For å nå denne målgruppa er Eldbjørg Raknes ein av dei første musikarane eg ville tenkt på om eg sjølv skulle arrangert ein slik konsert. Både før og etter ho gav ut den fabelaktige Det bor en gammel baker . . . tilbake i 1999, med kreative og leikne tolkingar av Inger Hagerup-dikt, der tøysete dyrelydar sklir elegant over i ganske stilig impro – med eit bunnsolid komp frå Ståle Storløkken, har ho synt at ho veit å ta små publikumarar høgst alvorleg.

Kaudervelsk impro
Likevel blir eg litt slått i bakken når eg reflekterer over publikumssegmentet. Ingen er vel mindre kultiverte som publikumarar, eller mindre fri til å gi uttrykk for sine ubehag og primærbehov på rimeleg lite diskrét vis enn born i sitt første år. I tillegg til utfordringane dette måtte medføre er det også ein enorm forskjell på publikumarane innanfor dette avgrensa segmentet: Tenk alt ein 9 månadar gamal baby kan som ein 3 månadar gamal baby ikkje har snøring på!

Med andre ord skulle ein tru dette kravde svært store tilpassingar av konseptet, og på mange måtar kan ein seie at Raknes har gjort store grep frå ein meir tradisjonell konsertsituasjon. Men det viktigaste med Raknes sitt konsept synte seg å vere å gjere det enkelt.

Staseleg pynta i lilla kjole med blå, glinsande detaljar gjorde Raknes det tydeleg for borna at vi gjekk inn i noko anna enn i det kvardagslege — ho løfta konsertsituasjonen opp dit den høyrer heime. Ho innleia med å avbryta summinga frå spedborn og foreldre med ein «shh»-lyd som sklei gradvis over i plystring.

Les også: Fugl, fisk og fyrverkeri

Midt i rommet, sitjande på eit teppe og med enkel hjelp frå ein samplar og små perkusjonsinstrument som marakas og kalimba, fekk ho konserten brått i gang, og la på ein enkel, men effektiv improvisert melodi, som kunne minne om ein slags voggesong, med kaudervelsk språk (akkurat dét er jo spedbarn veldig gode på).

Umiddelbar respons
Borna var trollbundne med éin gang. Nesten alle hadde blikket hardt festa på Raknes og øyrene på stilkar. I det ein unge braut ut i ei «GAKA!»-utsegn, spelte ho raskt vidare på dette og gjekk over i ein meir rytmisk og perkussiv vokalimprovisasjon.

Dette var utan tvil musikk som vart utøvd på borna sine premiss, men det blei ikkje mindre kunstnarleg interessant av den grunn.

Så skapte ho også eit lett, rytmisk underlag («bom-bom-chack!») og improviserte ein like venleg og fin melodi over dette. Stemninga hjå borna tok seg gradvis meir opp, og nokre byrja å respondere meir med lyd. Alle stira framleis rett på Raknes. Etter kvart styrte ho uttrykket inn mot total stille igjen; ho skapte først ein ganske kvass støy med eit vindspel og slutta dernest brått.

Nokre av dei eldste borna byrja no å krabbe ut på golvet mot Raknes, og blei raskt belønna for initiativet med at dei fekk utdelt små perkusjonsinstrument. Små utvekslingar og «jamming» mellom Raknes og nokre heldige born var herleg å observere. Raknes spegla dei og spelte vidare på dei små, musikalske utsegnene deira, anten det var med marakas eller hennar eiga stemme og skapte både forundring og stor entusiasme blant borna.

Ledige stillinger

Nakent kroppsspråk
For å runde av gjekk Raknes tilbake til dei små, enkle komposisjonane ho hadde improvisert fram, og etter om lag 35 minutt opna ho for «frileik», der både born og foreldre fekk kome fram og prøve dei ulike perkusjonsinstrumenta. Raknes var like delaktig i denne delen av konserten, og stemninga var svært harmonisk og lystprega.

Samtidig var det sikkert også eit høveleg tidspunkt å bryte opp den meir formelle delen, då nokre born var tydeleg dratt mellom å finne tryggleik i fanget til far eller mor, og det å skride fram mot den spennande dama midt i rommet.

Kroppsspråket til babyane lyg ikkje, og det var tydeleg at Raknes har lært seg å kjenne dette publikumet allereie. Ho følgde responsen deira nøye, og tilpassa dramaturgien og framgangen i konserten etter kva som gjekk føre seg hjå borna.

Belønninga frå desse små er òg umiddelbar, anten den kjem er i form av fasinerte utrop, store smil eller berre nyfiken, intens stirring på utøvaren. Om du er den rette musikaren må dette vere det ultimate publikumet.

Enkelt og genialt
Etter å ha observert Raknes i aksjon verka det heile så enkelt, men bak konseptet er der mykje erfaring, og sikkert ein heil del prøving og feiling. Raknes heldt seg til enkle strukturar og fokuserte mykje på direkte kommunikasjon med borna. Å gjere dette krev varsam og lyttande improvisasjon, og der har ho eit godt utgangspunkt som improviserande songar.

Les også: Beatles-forbindelser

Dette var utan tvil musikk som vart utøvd på borna sine premiss, men det blei ikkje mindre kunstnarleg interessant av den grunn. Sjølv om det musikalske utgangspunktet var ukomplisert (men fint!), blei det løfta av Raknes sitt spel med borna, og det heile blei som ein improverkstad, der deltakarane er heilt blinde for merksemda dei får og eventuelle avgrensingar vi gir oss sjølve etter kvart som vi veks til. Det første som skjedde då Raknes trilla ein marakas til ein baby var, naturlegvis, at ungen på direkten sette i gang med å lage lyd med denne.

Slik har Raknes lukka med å skape eit konsept som spelar på alle dei fantastiske fordelane som kjem med å leike og skape musikk med born, og har laga enkle, ukompliserte løysingar på dei tilpassingane ein må gjere frå ein meir tradisjonell konsertsituasjon. Eg vonar mange fleire musikarar følgjer etter.

Eldbjørg Raknes heldt babykonsert under Oslo World på Sentralen i Oslo 2. og 3. november. Ballade deltok på den første konserten.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Musikkfabrikken Foto: Fred Olav Vatne, Oslo Filharmonien

Fugl, fisk og fyrverkeri

Oslo-Filharmoniens musikkfabrikk fortener å slå an, meiner Astrid Kvalbein

Du og jeg og vi 2 – 3 – 4 Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

Kvalitet, uansett alder

Den plateaktuelle trioen Du og jeg og vi 2 – 3 – 4 har samme utgangspunkt enten de skriver musikk...

Beatles for Babies Foto: Cindy Hughes

Beatles-forbindelser

Babyene og foreldrene får samme fortryllete uttrykk i ansiktet når de hører besteforeldregenerasjonens musikk, skriver Maja Skanding.

Skodespelar Ida Holten Worsøe, Jon Arne Bjørnstad på bass og på akustisk gitar og sang Ronny Yttrehus

Slagers og smertefulle minne

Dei fleste av oss har sterke, og truleg ganske mange vonde, minner frå ungdomstida «Musikk fra en walkman» demonstrerer korleis...

Miss Tati Foto: Helge Brekke

Formiddagsklubbing

Miss Tati har beundringsverdig god kontakt med ungdomsskoleelevene på DKS-turneen sin, mener Maja Skanding.

Frå venstre: Ordstyrar Rob Young (m.a. Jazznyttredaktør), Nabil Canaan, Tone Hansen, Rabah Mezoane (fransk kritikar og kulturarbeidar) og Anne Hilde Neset (Kunstnernes Hus).

Kulturrådsleiaren er forbanna på Siv Jensen

Eller, ho burde i alle fall vere det? Kven ville i så fall brydd seg?

Flere saker

A ha, her i Rio,

Filmen om a-ha kommer våren 2021

Regissør Thomas Robsahm vil fortelle historien om hvorfor a-ha ble så store, om de er undervurdert, og hvordan de selv...

Sara Skarpaas på Gain

Musikk i spill: Uforløst potensial for musikkbransjen

Musikk- og spillbransjen bygger stadig broer. Men norsk musikkbransjes posisjon i spillverdenen er for svak, var en av tilbakemeldingene etter...

Tidligmusikkensemblene Silva Nordica og Canto i Varniai Litauen

Norsk tidligmusikk-ensemble i Litauen for samarbeid om musikalsk kulturarv

Tidligmusikk-ensemblet Silva Norvegica samarbeider med litauiske Canto Fiorito om et EØS-støttet prosjekt for å ivareta og videreformidle den musikalske kulturarven...