Musikkfabrikken Foto: Fred-Olav Vatne, Oslo-Filharmonien

Fugl, fisk og fyrverkeri

Oslo-Filharmoniens musikkfabrikk fortener å slå an, meiner Astrid Kvalbein

Kalender

Oslo-Filharmoniens nye familieproduksjon Musikkfabrikken er ein imponerande gjennomarbeidd, fargesprakande fest for store og små. Berre på nokre punkt skin blasse konvensjonar gjennom.

Etter å ha opplevd eit uvisst tal såkalla familiekonsertar (eit problematisk konsept i seg sjølv, ettersom det skal dekkje aldersgruppa 4-99 år omtrent, inkludert barn på svært ulike stadium), veit eg ein del om kor lett merksemda til særleg yngre barn kan svikte, og særleg i det digre konserthuset, der scena er langt unna dei fleste, ein sit nærmast innelåst i tunge benkjerader og akustikken liksom forsterkar summinga i salen – som er konstant på slike konsertar – langt meir enn det som skjer på podiet.

I denne produksjonen, utvikla av Sigurd Slåttebrekk som er både klassisk pianist og kjent produsent for Elias-filmane, var det tatt mange smarte grep for å overvinne problema: filmlerretet var skuve fram og fylte heile breidda av scena og orkesteret var forsterka. Det gav sjølvsagt meir ”bokselyd” enn direkte akustisk kontakt med orkesteret, som er eit tap. Samtidig blanda live og innspelt lyd godt, og når anlegget først var oppe blei det utnytta også til fiffige surround-effektar: ei usynleg surrande ”humle” plaga oss titt og ofte gjennom framsyninga, som eit artig leiemotiv, sjølv om det til tider blei litt for høglydt, tydelegvis skummelt for nokre av barna på min benkjerad.

Oppkome av idear
Musikkfabrikken er same kva eit oppkome av effektar, idear og musikk som heldt merksemda fanga – eventuelt raskt fanga henne inn igjen – i ein god time, og det er godt gjort. Mykje bidrog, frå den første oransje fisken smaug inn på det blå, lett boblande lerretet, mens orkesteret spelte – ja: Camille Saint-Saens’ ”Aquarium” frå Dyrenes karneval. Valet av musikk var representativt, ikkje superoriginalt og fungerte stort sett strålande: det gjekk i kjent og kjær orkestermusikk med vekt på det som er rekna som barnevenlege klassikarar.

Klovnane i leiken, energisk og vakker koreografi av Cina Espejord, knytte kontakt slik berre musikalsk danse- og klovnekunst kan, frå scena, via lerretet og ved å utnytte salen. Mellom anna henta dei barn fram til å spele på ein stor ”touchskjerm” og frå den fekk dei (liksom) styre ”Blinke, blinke stjernelill”. Ein søt hit for YouTube-generasjonen av småttisar,

Orkesteret blei i stor grad akkompagnatør, men innimellom blei det kopla inn i det animerte universet i musikkfabrikken. På eitt punkt kom ein trist klarinettist fram med eit øydelagt instrument. Via ei dør på scena – eit smart element i samspelet mellom scene og lerret – blir instrumentet levert til fabrikken. Her jobbar fire robotliknande, muntre skapningar mellom tannhjul, samleband og instrument av ulike slag, i nær konstant rørsle. Mot slutten leverer dei tilbake ein reparert klarinett. Men musikaren får ikkje lyd! Det tar tre forsøk – frå null lyd, til hjelpelause pip før ho brasar inn i rasande løp i ”Humlens flukt”. Slike innslag var eit av mange små moment som skapte spenning og vaken lytting.

Angry Birds i farten
Eit fint påhitt var det også å sende dirigenten ”opp på lerretet” for å vere den siste kanonkula, eller ”sinnafuglen”, i helgas versjon av Angry Birds: der det var stablar av instrument som skulle skytast ned – sjølvsagt til eit arrangement av spelmusikken (signert Aleksander Waaktaar). Slik fekk også dirigenten si rolle framheva, sånn i tilfelle han skulle ha blitt litt borte bak klovneria og den store styreflata fremst på scena.

Episoden demonstrerte samtidig problemet med produksjonen: at symfoniorkesteret, som det vel skulle handle om, ofte hamna for langt i bakgrunnen. Og det sjølv om produksjonen visste at dei hadde grep til å få fram meir. Kvifor fekk berre ei einaste jente spele ein enkel sang på fiolin til fullt orkester? Kvifor kom ikkje fleire barn (eller vaksne) fram med fagott eller fløyte, triangel eller tuba?

Dersom ein går ut frå at å engasjere med musikk mellom anna handlar om å få publikum til å identifisere seg med det som skjer, er det å trekkje barn opp på scena eit enkelt og effektfullt grep, som kunne vore brukt meir direkte i kontakt med orkesteret her.

Samtidig var noko av det beste med universet i musikkfabrikken at det var så ope. Det fargerike universet var ordlaust, likevel kommuniserte det godt, med musikarar som også var flinke til å mime. Dermed kan Oslo-Filharmonien selje konseptet vidare, også i utlandet, og få igjen for den store investeringa på denne måten også. Det bør dei.

Framsyninga var også fri for billege og stereotype prinsesse- og superhelt-referansar og tilhørande estetikk: dei to klovnane var først og fremst barnlege, leikne og akrobatiske, ikkje ho og han. Dei sjarmerande robotfigurane på fabrikken kunne like gjerne vere gutar som jenter, vaksne som barn. Dermed kunne mange identifisere seg med dei. Derfor blei eg faktisk ørlite skuffa då dei langt ute i showet tok til å syngje, og fekk stemmene til ein mannskvartett.

Komponistar = døde menn?
Mest irriterande var likevel anegalleriet av døde menn som skulle dukke opp like etterpå. Mens den eine klovnen styrte kontrollpanelet fremst på scena, spelte orkesteret eit klassisk slager-potpurri (svært stilig gjort av arrangør Helge Sunde) der rammene lyste gult etter tur rundt dei som var sitert: Beethoven, Rossini, Vivaldi, Grieg og andre ”gamle kjente”.

Som ein slags quiz for oss vaksne og kanskje nokre store barn var dette artig nok, men kva skjer med identifikasjonen med den levande musikken – som dei fleste barna truleg opplevde som lyd og klang, fengjande rytme og fine melodiar – når han blir så sterkt kopla til bileta av døde komponistar, og alle dessutan er menn? I ei elles fantasirik førestilling stod dette fram som merkeleg fantasilaust. Kor er dei kvinnelege komponistane? Kor er musikk frå etter 1900, bortsett frå filmmusikken til Star Wars, då? Kva med ein dæsj elektronikk à la Kaija Saariaho eller ein flik av Lili Boulangers franske klangar?

Når desse brillene først var komne på, la eg òg merke til korleis manne-/guteklovnen fekk springe og herje meir enn jente/dameklovnen, som gjekk inn for landing med ein grasiøs (litt meir gørr) dans med ei solsikke. Han, på si side, fekk styre noko av det aller flottaste på heile konserten, då han dansa med eksplosive spel av fargar på lerretet, i ein sekvens der musikk, rørsle og film verkeleg forsterka kvarandre. Og det animerte fyrverkeriet til slutt sat som eit skot.

Litt å flikke på for fabrikken her altså. Men ein så stor, gjennomkomponert og inspirerande produksjon fortener likevel ein salutt. På veg heim spurte eg min konsulent frå målgruppa kva ho synes var det beste på konserten. Svaret frå den overvelda 4-åringen kom kjapt: alt!

Musikkfabrikken
Oslo-Filharmonien
Christian Schumann dirigent
Lisa Nielsen danser
Mikael Rønne danser
Medvirkende barn på fiolin og dans
Kari Wien kostymedesigner
Maia Zahl maskør
i Oslo Konserthus lørdag 28.10.2017

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.
Konserttips Oslo