Arven etter Otnæs

KOMMENTAR: I juli leier Jan Ole Otnæs oss gjennom jazzveka i Molde for siste gang. Å oppretthalde posisjonen som Noregs leiande jazzfestival har nok ikkje vore problemfritt, skriv Olav Opsvik.

Jazz

Molde Internasjonale Jazz Festival går inn i ein ny epoke. Etter elleve år bak roret i Molde set festivalsjef Jan Ole Otnæs kursen mot Oslo for å tiltre stillinga som dagleg leiar ved Nasjonal Jazzscene. Anders Eriksson, som dei siste tretten åra har hatt ansvar for turné og eigenproduksjon ved Festspillene i Nord-Norge, kjem til Molde for å ta over styringa.

Konstante endringar
Men mykje har endra seg sidan 2001, då Otnæs sette i gang. Jazzlandskapet er større og meir komplekst og eklektisk enn nokon gang, platebransjen, og dermed konsertbransjen, er totalt forandra og konkurranseevna frå andre festivalar har auka betrakteleg.

Alle desse faktorane er uforutsigbare og i konstant endring og utvikling. Otnæs har nok ikkje berre hatt det lett på jobb.

Men gjennom alle desse åra har vi som er faste gjengangarar ved Moldejazz fått oppleve ein synleg og robust festivalsjef, som ofte har vore både framsynt og kreativ i møte med stadig nye utfordringar.

Les også: [link id=67944 title=»Tøft år for norske jazzfestivaler«]

Syklisten
Når eg seier at Otnæs har vore synleg, meiner eg det heilt bokstavleg. Kven kan vel gløyme den langhåra nordlendingen som syklar rundt i gatene i Molde for å få eit glimt av alle konsertane han har sett i stand? Å oppleve og digge ein dødsbra konsert for så å sjå at festivalsjefen er der og gjer det same gjer at ein kjenner seg heime.

Slike små ting skaper ein god atmosfære, og viser ein festivalsjef som openbart brenn for det han gjer. Dette engasjementet viser også igjen i mange av bookingane han har fått til.

I samband med det må ein særleg trekke fram dei mange artistane Otnæs har huka tak i frå andre sida av Atlanterhavet. Medan mange deltakarar i diskursen rundt jazz i dag vil påstå at Europa har [link id=67639 title=»tatt over styringa «]innanfor jazzfeltet, har Otnæs vist oss at der framleis er mykje spennande som skjer i USA.

Spåmann
For der er vel få norske jazzentusiastar i dag som ikkje likar Esperanza Spalding? Sjølv har eg eit minne om å stå i funksjonærkø med Spalding og hennar band utanfor Alexkjellaren i Molde i 2007 – i god tid før hypen rundt Spalding verkeleg eksploderte.

Eit tilsvarande døme har vi hjå Robert Glasper som i år har blitt ein sjeldan Grammy-vinnar. Otnæs presenterte trioen for oss alt i 2006.

Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook
Ballade på Twitter

Otnæs har med andre ord vist seg som ein spåmann. Han har hatt ein fantastisk teft for å plukke opp nye og lovande talent, og har som regel treft svært godt med slike bookingar.

Medan Spalding og Glasper er sterke representantar for afroamerikanske uttrykk som naturleg nok ikkje står like sterkt her, har Otnæs i tillegg vist oss at frittenkjande og nyskapande jazz- og improartistar også har spelerom i statane. Det er kanskje når det er snakk om frijazz og impro’ at europearar kan vere aller mest arrogante. Men kven kan vel gløyme den fantastiske rekka med konsertar vi fekk servert av den mildt sagt eksentriske trommeslagaren Tyshawn Sorey i 2011? Og ikkje minst hans fabelaktige medsamansvorne pianist John Escreet!

Trøblete trekkplaster
Dei økonomiske tilhøva for å drive ein jazzfestival er ikkje særleg luksuriøse, og festivalen i Molde har lent seg mykje på trekkplastera dei hukar inn til Romsdalsmuseet. Artistar i dette sjiktet har blitt dyrare etter kvart som platemarknaden har endra seg, og vi får nok neppe artistar av samme kaliber som Leonard Cohen eller Stevie Wonder i Molde igjen.

Les også: [link id=67007 title=»Bra utstillingsvindu«]

I tillegg har festivalane rundt Momentium i Ålesund vokst veldig dei siste åra. I år kan ein ved festivalane Jugendfest, Sommerfesten på Giske og Midtsommerjazz vise til namn som 50 Cent, Sinead O’Connor og Jamie Cullum.

Moldejazz har lenge vore avhengig av regional oppslutning rundt «folkefesten» og store besøkstal til Romsdalsmuseet, og når slike artistar kjem til nabobyen Ålesund er det naturlegvis ikkje problemfritt for festivalen.

Likevel er det i møte med slike utfordringar Otnæs og hans apparat har vist seg å vere løysingsorienterte og kreative. Årets trekkplaster Bryan Ferry er eit godt døme på at det framleis er mogleg å gjere kvalitetssterke bookingar til Romsdalsmuseet.

Artist in Residence
Jan Ole Otnæs har mykje bra å vise til etter elleve år i Molde, og til slutt må vi få med at han i tillegg til alt over har gjort ein framifrå jobb med å utvikle «Artist in Residence»-konseptet og dessutan mange interessante crossoverprosjekt, som til dømes Shinings samarbeid med Enslaved nokre år tilbake.

Å legge til rette for spennande samarbeid og kræsj mellom ulike uttrykk og tradisjonar er framleis noko av det mest fruktbare ved jazzfeltet, og stadig like avgjerande for å halde det levande og aktuelt.

Les også: [link id=66064 title=»Lokalhelten«]

Generasjonsskifte
Samtidig er der rom for mange forbetringar og mykje å ta tak i for Eriksson når han tiltrer si nye stilling til hausten, og eit lite generasjonsskifte kan festivalen alltids ha godt av. Vi treng kanskje litt mindre resirkulering av artistar som John Scofield og meir innhenting av dei nye, relativt store jazzartistane som også kan fungere godt som trekkplaster. Når kjem Glasper og Spalding tilbake?

Og mange av utfordringane står framleis uløyst. Kven skal vere neste års trekkplaster ved Romsdalsmuseet? Eller om ti år?

I tillegg er det krevjande å basere så mykje av festivalen på frivillig arbeid. Det første ein ny festivalsjef bør sjekke ut er kanskje om apparatet rundt dei frivillige ikkje burde fungere meir profesjonelt og systematisk og vere mindre personavhengig.

For Moldejazz vil utfordringar og problem alltid stå i kø. Det skal ikkje vere enkelt å styre Noregs viktigaste jazzfestival.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Tekstforfatterpris til Ane Brun

Tekstforfatterpris til Ane Brun

– Hun skriver personlig og eksistensielt, men samtidig universelt.

Ballade video: Søvnløse netter

Ballade video: Søvnløse netter

Med Synne Sanden, Døssi, Bjørn Berge, Jonas Lovv, Joakim Kleven, Leander, Twin Serpent, Nullskattesnylterne & Teater nonSTOP, Halycon Days og Nicolas Leirtrø’s Action Now!

Sarah Winona Sortland er ny daglig leder i Musikkforleggerne

Sarah Winona Sortland er ny daglig leder i Musikkforleggerne

Går fra kommunikasjonsstilling til toppjobben.

Musikk på litteraturfestival: Fortelling, poesi – og nødvendig friksjon

Musikk på litteraturfestival: Fortelling, poesi – og nødvendig friksjon

Hvilken rolle kan musikk ha i en litteraturfestival? Blir vi klokere på musikkens og ordenes roller i språkmodellenes tid? Kan konserter vise veien til leselyst?

– Hva skjedde med rehabilitering ...

– Hva skjedde med rehabilitering ...

Ting man tenker på er som regel lett å få ut, bare man får det til å rime. Slik ser en innsatt på Ullersmo på rap.

Et rom for alt – unntatt musikk

Et rom for alt – unntatt musikk

INNLEGG: – Det er rart hvordan musikkens kraft alltid hylles i festtaler, men aldri i romfordelingen. Musikkfaget er viktig – så lenge det ikke tar plass, skriver Bodil Gullseth, musikklærer og 2. nestleder i Skolenes landsforbund.

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio