Hopp til innhald
Marius Neset

– Bra utstillingsvindu

I år blei saksofonisten Marius Neset den femte mottakaren av JazZtipendiatet under Moldejazz.

Under Moldejazz hadde Stian Westerhus, som tok i mot stipendet i fjor, premiere på sitt prosjekt med Jazzorkesteret på tysdag, i tillegg til at CD-utgivinga av fjorårets konsert med Magic Pocket blir lansert fredag.

–Moldejazz er eit utruleg bra utstillingsvindu som gir mykje merksemd til desse prosjekta, seier kunstnarleg leiar i Trondheim Jazzorkester (TJO), Eirik Hegdal.

Ringverknadar
Dagleg leiar i Midtnorsk jazzsenter, Bjørn Willadsen, kan fortelje at dei ulike stipendiatprosjekta har hatt store ringverknadar.

— Prosjektet har blitt mykje større enn stipendiatet i seg sjølv, seier han.

Fleire av prosjekta har hatt fleire konsertar etter premiera i Molde, også i utlandet.

–Til dømes har prosjektet med Kim Myhr blitt tatt med til Canada, og det ser ut til at det blir nokre konsertar i Australia i januar, fortel Willadsen.

Nerve
–Stipendiatordninga gir jazzorkesteret eit utvida repertoar og praksis. No har vi dei større, internasjonale samarbeida på den eine sida, og talentutvikling på den andre.

Eirik hegdal synest det er vel så spennande å jobbe med dei litt meir uerfarne artistane.

–Stipendiatane har ein sterk søken og ein eigen nerve. I TJO vil vi alltid invitere til å gjere noko nytt, fortel han.

Eit steg vidare
Dei tre stipendiatane som er aktuelle i år representerer ganske ulike uttrykk.

Ledige stillinger

–Magic Pocket er eit reint brassband uten bassist. Dei er sterke komponistar som har satt eit sterkt preg på arrangementa. Med Stian Westerhus nærmar vi oss meir rock, støy og samtidsmusikk, seier Hegdal.

Medan dei som har mottat stipendiat til no har base i trondheimsmiljøet, har årets stipendiat base i København.

–Å dele ut stipendet til Marius Neset er eit steg vidare, fortel Willadsen.

Hegdal er spent på kva Neset vil finne på.

–Eg kjenner ikkje like godt til Neset som dei andre stipendiatane, men eg veit at han er ein heftig saksofonist. Han har eit litt meir amerikansk preg enn dei norske utøvarane, og neste års prosjekt blir heilt sikkert unikt, fortel han.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Jan Ole Otnæs

Arven etter Otnæs

KOMMENTAR: I juli leier Jan Ole Otnæs oss gjennom jazzveka i Molde for siste gang. Å oppretthalde posisjonen som Noregs...

Erlend Skomsvoll

Med lisens til å tolke

Erlend Skomsvoll rører seg fritt mellom klassisk og jazz på Trondheim Kammermusikkfestival.

Flere saker

SPØR MINISTEREN: Morgan Engebretsen Langfeldt (FrP)

Krever svar av kulturministeren om folkemusikkarkiv

Vil sikre arkivopptak.

Illustrasjon: Thomas Sandnæs

En dårlig hilsen kan føre til utilsiktet beføling, et blåmerke eller i verste fall krig

Om du skal på bransjefest, og ikke vet om du bør gå for et håndtrykk, en klem eller en klaps...

Tuv

Fortsatt like nybrott?

I år feiret Numusic 15-årsjubileum med fokus på norsk elektronika. Nye navn og gamle travere bekreftet at den norske bølgen...