Hopp til innhald
Guro Gravem Johansen

Å øve på improvisasjon

Fredag disputerer Guro Gravem Johansen med spørsmålet: Kva øver improviserande musikarar på?

Kan ein øve på å frigjere seg frå det ein har øvd på? Korleis gjer ein i så fall det?

Guro Gravem Johansen sitt tema i Ph.D.-studien har vore korleis improvisasjonskompetanse utviklast gjennom øving. For å finne svar på spørsmåla sine har ho gjennomført ein kvalitativ studie av øvepraksisar hos jazzstudentar innan høgre musikkutdanning.

Studentane kom frå både Noreg og Sverige. Ho har intervjua 13 studentar og har óg gjennomført ein kasusstudie med tre av desse.

Les også:

Vektlegg autonomi
Funna viser at det å utvikle ei personleg musikalsk stemme er overordna for øvinga til jazzstudentar. Dette kjem til uttrykk ved at dei vektlegg autonomi ovanfor institusjonen og lærarane. Dei er òg opptekne av eigarskap og individuell eksperimentering når det gjeld utval og nyttegjering av musikalske gjenstandar. Slike gjenstandar spenner frå tekniske aspekt (handverk) til prosessuelle aspekt ved improvisasjon, der studentane øver på å utforske musikalsk materiale, å unngå vaner og innøvde mønstre, og å sleppe kontrollen når dei speler.

Mange er opptekne av å lære gjennom å høyre på innspelingar frå ulike jazztradisjonar. Men dei er selektive i val av repertoar eller utøvarar dei lyttar på, og i måten dei nyttar musikken. Mange studentar lyttar etter musikalske idear og for å avkode konsept snarare enn å kopiere detaljert. Dei sett dermed i verk si eiga skaping med materialet umiddelbart.

Les også:

Utforskande øving
Samspelspraksisar gir den individuelle øvinga større meining. Speling i band er dessutan ein sentral læringsarena i seg sjølv, der det å kunne utvikle musikalske idear i spontant fellesskap, å takle det uføreseielege og det å gi og få musikalsk respons er moglegheiter for læring den individuelle øvinga ikkje tilbyr.

Studentane eksperimenterer ofte med konvensjonane for instrumentroller i band, og denne eksperimenteringa rommar dermed eit skapande og ekspansivt potensiale i samspel med andre. Funna underbygger korleis sosiale aspekt som tryggleik og gjensidig tillit påverkar det musikalske utfallet, og avgjer om samspel opplevast lærerikt eller ikkje.

Guro Gravem Johansen sin studie viser kor variert og mangfaldig øvepraksisane hos studentar i jazzutdanning er. Ho lanserer omgrepet utforskande øving for å fange opp eksperimenterande og improviserande aspekt ved øving som supplement til det meir etablerte omgrepet målretta øving. Omgrepet er eit bidrag til øveforskingsfeltet, som fram til no i liten grad har undersøkt øving innanfor jazz og improvisasjonsbaserte musikkformer.

Ledige stillinger

Disputasen finn stad 1. november kl 10 ved Noregs musikkhøgskole.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Art Directors

Guro Skumsnes Moe: Full bevegelsesfrihet

INTERVJU: På tvers av kunstarter og musikalske båser er kontrabassist Guro Skumsnes Moe i ferd med å etablere seg som...

Michael Duch

Om å øve inn ti forskjellige knirkelyder

Lørdag avslutter kontrabassisten Michael Duch sitt kunststipendiatprosjekt ved NTNU, «Friimprovisasjon – Sjanger og metode». Det har handlet mer om selvoppdagelse...

Flere saker

Sofia Gubaidulina

I sjelens labyrint

Om den russiske komponisten Sofia Gubaidulina.

Åpent møte om Jazzahead 2019 hos Music Norway. Ulrich Beckerhoff (v) og Burkhard Hopper deler tips og råd

Åpent hus om Jazzahead i Bremen: Tips, råd og forberedelser

Hard konkurranse for å nå gjennom, understreker tysk og britisk musikkbransje.

Solveig Kringlebotn

Solveig Kringlebotn blir professor

Kringlebotn, som blant annet er sanglærer ved Barratt Due musikkinstitutt, har fått personlig opprykk til professor.