Hopp til innhald
Jan Beitohaugen Granli

Øivind Bergs minnepris til Jan Beitohaugen Granli

Landslaget for spelemenn har bestemt at Øivind Bergs minnepris for 2005 skal gå til Jan Beitohaugen Granli. Prisen på 20 000 kroner blir delt ut 12. august i samarbeid med Per Gynt-stemnet på Vinstra.

Av Frode Rolandsgard, Landslaget for Spelemenn

Øivind Berghs minnepris vart innstifta av dirigentens enke Rigmor i 1989. Prisen går til unge lovande fiolinistar, helst med bakgrunn i folkemusikken.

Jan Beitohaugen Granli har i ung alder klart å etablere seg som ein av landets beste spelemenn, og han er i dag den fremste eksponenten for valdrestradisjonen på hardingfele. Både i fjor og i 2002 vann han Landskappleiken på hardingfele. I 2003 vart han nummer to. I 2003 og 2004 vann han Fanitullkåringa på Den norske Folkemusikkveka på Ål.

Jan har særleg dyrka dansespelet, og han er ein etterspurt spelemann alle stader der folk skal danse. Han har eit drivande og intenst spel som lokkar alle dansarar ut på golvet.

Han har også deltake som skodespelar og spelemann i kortfilmen «Kristofferrengja», som vann kortfilmfestivalen Zoomin i 2003. Vinteren 2004 vart han nominert til Spelemannsprisen for cd-en «Lite nemmar», som kom ut på Landskappleiken 2003.

«Beitohaugen sin musikk har ein makelaus evne til å halde deg vaken og oppegåande, det blir aldri likegyldig. Kva han gjer veit eg ikkje, veit berre at han har laga ei plate som vil bli ståande, lenge», skreiv Kjell Bitustøyl i Spelemannsbladet.

Jan har no fullført meisterstudiet ved Ole Bull-akademiet, er aktiv medlem av Øystre Slidre spel- og dansarlag, frilans musikar og lærar i musikkskulen i Valdres.

Artikkelen er hentet fra nettsidene til LfS, og kan leses i sin originale kontekst her.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Landslaget for Spelemenn – åpningsbilde

Sjokoladekappleik i Seljord

Seljord spelemannslag, Seljord juniorspelemannslag og barneleikarringen Tusseleiken i Seljord inviterer til sjokoladekappleik laurdag 9. april 2005 kl 12.00 på Granvin...

Odd Nordstoga 2005 (s/v)

Høy Spellemanns-temperatur for folkemusikkmiljøet

I avisen Varden har bølgene de siste tiden gått høyt rundt Spellemannpris-showet, og ikke minst måten folkemusikken ble gjemt bort...

Landslaget for Spelemenn – åpningsbilde

Årsmøte i Landslaget for Spelemenn

Randi Skei vart attvald som styreleiar da Landslaget for Spelemenn heldt årsmøtet sitt i helga. Randi går dermed på sitt...

Magnar Sundt, LfS (Foto: Kjell Bitustøyl)

Statsbudsjettet 2005: – Skuffande statsbudsjett for folkemusikksektoren, seier LfS

– Det er knapt nok smular i auke til folkemusikksektoren i regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2005, skriv Magnar Sundt...

1000 lapp (Norges Bank)

Statsbudsjettet 2005: «Samstemt»-organisasjonene er skuffet

De sju organisasjonene Norsk jazzforum, Norsk Rockforbund, Landslaget for Spelemenn, Norsk Folkemusikk og Danselag, Gramart, NorgesNettet og Fono startet arbeidet...

Landslaget for Spelemenn – åpningsbilde

Landslaget for Spelemenn med drahjelp frå Frelsesarmeen

Norsk folkemusikk tyr til hjelp frå Frelsesarmeen når dei skal meisle ut vegen framover. Tidlegare marknadssjef Jan Størksen i Frelsesarmeen...

Flere saker

Rune Grammofon Tono

Tonos formidlerpris til Rune Grammofon

Med marsipankake og et knippe gode musikkvenner rundt seg ble Rune Kristoffersen og plateselskapet Rune Grammofon overrakt Tonos formidlerpris 2023...

TONO logo fremhevet 700×441

Godt år for TONO

Økte omsetningen med 17,3 prosent og fikk 1575 nye medlemmer.

Sarah Winona Sortland Musikkforleggerne

Sarah Winona Sortland er ny daglig leder i Musikkforleggerne

Går fra kommunikasjonsstilling til toppjobben.