Hopp til innhald
Landslaget for Spelemenn – åpningsbilde

Landslaget for Spelemenn med drahjelp frå Frelsesarmeen

Norsk folkemusikk tyr til hjelp frå Frelsesarmeen når dei skal meisle ut vegen framover. Tidlegare marknadssjef Jan Størksen i Frelsesarmeen er eit av trekkplastera når Norges største folkemusikkorganisasjon samlar seg til lanseringsseminar for den nye strategien sin på Gardermoen 2.- 3.oktober. – I strategiprosessen har vi diskutert korleis vi skal knyte saman det kunnskapsarbeidet som blir gjort i folkemusikken: Samanhengen mellom kjelder, folkemusikkarkiv, lag, artistar og forskingsinstitusjonane, seier dagleg leiar Magnar Sundt.

Kva har norsk folkemusikk å lære av Jan Størksen? Ganske mykje, meiner dagleg leiar Magnar Sundt i LfS:

— Verdiforankring står sentralt når folkemusikken skal fornye seg. Den samme utfordringa har Størksen stått overfor i Frelsesarmeen. Det har vore viktig å gjere tydeleg kva verdiar organisasjonen er tufta på, ved å bruke hjelpemiddel som er ganske uvanlege for Frelsesarmeen: CD-suksessar som «Perleporten» og «Stolpesko», suppekokeboka «Kraft», moteoppvisning frå Fretex og andre spreke prosjekt har profilert Frelsesarmeen på ein frisk måte, seier Sundt.

Jan Størksen seier sjøl at det har ingen hensikt å lage annonsar, brosjyrer eller reklamefilmar, dersom ingen av dei tilsette trur på bodskapa som blir formidla. Overføringsverdien til LfS er ganske tydeleg: Heile organisasjonen må tru på den vegen som blir staka ut.

Størksen har arbeidd med store kundar som Statens Vegvesen, Trygg Trafikk, Operasjon Dagsverk, Redd Barna, Aker Kværner, Kirkens Nødhjelp og avisene Vårt Land og Nationen, og har sidan 2000 vore marknadssjef i organisasjonen han sjøl vaks opp i. Motivasjon og informasjon Seminaret på Gardermoen blir startskotet for arbeidet med å lansere strategien utover i LfS.

Alle tiltaka som skal settast i gang i dei næraste to, tre åra blir presentert. På seminaret blir informasjon og motivasjon dei viktige stikkorda. Det er krevande for LfS å gjennomføre dette arbeidet, og mange vil nok stille spørsmål med kva det vil kreve av ressursar:

— Vi er fullstendig klar over at det blir tøft. Men vi er fast overbevist om at retninga no er rett, og at ressursbehovet vil løyse seg med hardt og målretta arbeid, seier Magnar Sundt. – Det finst endå meir å hente ut av posen, både av tiltak og vyer. Det var i utgangspunktet etterlyst eit nytt namn på organisasjonen? Det måtte komme som eit resultat av denne prosessen, og det er ikkje utenkjeleg at det ligg eit nytt forslag på bordet i oktober. Men kva med sjølve organisasjonsstrukturen?

— Diskusjonen om dette spørsmålet kjem til å bli løfta fram på Gardermoen, slik at vi eventuelt kan ha ein prosess som også omfattar årsmøtet i november, seier Sundt.- Fokuset for LfS vil alltid vere tradisjonane. Det er fundamentet for alt arbeid i organisasjonen. I strategiprosessen har vi diskutert korleis vi skal knyte saman det kunnskapsarbeidet som blir gjort i folkemusikken: Samanhengen mellom kjelder, folkemusikkarkiv, lag, artistar og forskingsinstitusjonane. Eit anna viktig fokus er å auke kompetansen til dommarar. Her kan det sikkert vere beho for nytenkjing. Mange har etterlyst støtteprogram for dei musikalske og dansefaglege leiarane ute i laga. Mange av dei musikalske leiarane føler at det har eit stort ansvar både for det musikalske og sosiale, og somme veljer å trekke seg fordi presset er for stort. Kjente hardingfelespelarar på folkemusikkpøbb. Dette kan bli ein ny trend i formidlinga av norsk folkemusikk.

2. -3.oktober er altså datoar alle medlemslag i LfS bør sette av. Då samlast flest muleg av organisasjonens medlemmer til strategiseminar. Seminaret er lagt til Quality Airport Hotell på Gardermoen, lett tilgjengeleg frå alle landets kantar. Seminaret startar kl.13.00 på laurdag og sluttar på tidleg ettermiddag søndag.

— No skal vi pakke ut og finslipe strategien for norsk folkemusikk i åra som kjem, og det må alle vere med. Vi oppfordrar sterkt til at alle lag sender ein eller fleire deltakarar, men også enkeltmedlemmer som er interesserte i å følgje prosessen vidare må melde seg på, seier dagleg leiar Magnar Sundt.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Bukkehorn lagd av Odd S. Lund

Lokketoner og bukkehorn på Bygdøy

I samarbeid med Norsk Folkemuseum arrangerer Norsk Lur- og Bukkehornlag for tredje gang Lur- og Bukkehorndag på Bygdøy. Her kan...

Folkemusikkillustrasjon (Foto: Norsk folkemusikk og Danselag)

Idédugnad for Riksscene for folkemusikk og folkedans

Norsk Folkemusikk- og Danselag, i samarbeid med Forum for folkemusikk og folkedans, inviterer til åpent møte om Riksscene for folkemusikk...

Odd Nordstoga

OsloFOLK flytter til Fabrikken

FolkemusikkSCENA i Oslo har nå sluppet sitt vårprogram og flytter alle sine arrangementer til Fabrikken på Grünerløkka. . – Fabrikken...

Folkemusikkillustrasjon (Foto: Norsk folkemusikk og Danselag)

Musikklivets tiltakspakke: Slik vil vi ha det!

I denne artikkelen presenterer Ballade kommentarene til kravene som ble presentert i tiltakspakken «Samstemt». Bak «Samstemt» står syv norske musikkorganisasjoner...

Trond Giske,

Stor glede over at Ap, SV og SP er samstemte: 1% av statsbudsjettet skal gå til kultur!

Landslaget for Spelemenn, Norsk Folkemusikk- og Danselag, Norsk jazzforum, Norsk Rockforbund, FONO, GramArt og NorgesNettet la i starten av mars...

Olemic Thommessen

– Historisk samstemthet!

For første gang i historien har syv av Norges viktigste aktører innen musikkbransjen samstemt sine politiske bestrebelser og presenterer en...

Flere saker

Vivaldi Henning Kraggerud Arktisk Filharmoni pressefoto

Framoverlente tolkninger

Kraggerud og Arktisk filharmoni presenterer en frisk og framoverlent utgivelse med personlighet – bundet tematisk sammen av en nokså tynn,...

Hallvard T. Bjørgum, Knut Buen, Kirsten Bråten Berg, Annbjørg Lien og Hallgrim Hansegård. Foto: Sara Rose www.ajhs.no

Disse får Anders Jahres Kulturpris

Utdeling til de fem folkemusikerne deles ut i Universitetes aula i Oslo torsdag.

Johan Dalene representerer en ny generasjon nordiske solister som kombinerer teknisk briljans med en tydelig kunstnerisk identitet. Nå bærer han 1725-fiolin til Svalbard, et av verdens mest ettertraktede strykeinstrumenter.

​​1725-fiolin til Svalbard

En 300 år gammel Stradivarius har funnet veien til Arktis, båret fram av en ung fiolinist mange allerede omtaler som...