Sigrid Moldestad, felespelar og songar: – Lett å trå feil mellom tradisjon og nykomponert. (Foto: Magne Fonn Hafskor)

– Kan ein ønske seg ein eigen modell for tradisjonsmusikken?

Fokemusikar Sigrid Moldestad beskriv skvisen folkemusikken hamnar i: Mellom respekt for tradering og respekt for komposisjon.

Kalender

Lørdagsopera

25/01/2025 Kl. 1400

Oslo

Operapub på Grønland Boulebar

25/01/2025 Kl. 1900

Oslo

Osloskolenes kammermusikkfestival

27/01/2025 Kl. 1700

Oslo

Denne uka oppsummerer Ballade kor forholdet mellom Tono og tradisjonsmusikken står. Ein snakkar ikkje lenger om ein konflikt, men det har definitivt vore konfliktar i forholdet.

Vegar Vårdal vil stå som komponist sjølv om komposisjonen høyrast tradisjonell ut. (Foto: Frank Michaelsen)

Eit døme er når musikar og lærar Vegar Vårdal skisserar korleis ein som nyskapande musikar i ein tradisjon kan gå glipp av opphavspengar: Manglande Tono-registrering kan føre til at nokon andre stikker av med rettane han som opphavar etter Åndsverkloven skulle ha hatt.

Som når andre har lært Vårdals eller ein eldre låt i hans form, så sett dei til eit enkelt grunnkomp, og dei har fått pengane for heile komposisjonen. Les Vårdals dømer her.

Dette kan kome etter tiår med mistillitt mot systemet, i nettopp folkemusikken.

 

– Musikken bør flytte seg med den som har den
– Ja, det er eit komplekst felt, dette. På den eine sida ønsker vi jo at traderingsprosessane skal gå slik dei «alltid har gjort». Ved at musikken flyttar seg med den som til ein kvar tid har den … Ein kan seie at ingen eig folkemusikken, og dei fleste av oss som jobbar i feltet er kjende med benemninga trad. arr. Som betyr at opphavsperson er ukjend eller at musikken vi spelar og har arrangert ut er så gamal at den er fri, skriv Sigrid Moldestad til Ballade.
– Begge delar er forsåvidt problematisk. Folkemusikk, slik den verkar i både Noreg og verda forøvrig, er også ein sjanger. Folk skapar musikk i denne sjangaren. Den høyrast med det kanskje tradisjonell ut, men er det ikkje. Her er det lett å trå feil, også for miljøet sjølv, fordi musikken gjerne vert formidla vidare i til dømes sosiale settingar, uformelle møtestader der musikken ofte har sine beste stundar, om ein kan seie det slik.

Moldestad satt i panelet der også Tono oppsummerte dialogen dei har hatt med folkemusikarane det siste året.

 

Difor mista dei tilliten til Tono-systemet
Ho kjem frå folkemusikken, og svarer Ballade før ho legg ut på sin faste turné «Vintersong». Ho har sjølv spelt på rockefestivalar, jazzfestivalar, folkemusikkfestivalar og countryfestivalar med musikken ho komponerer – og den ho har lært.

– Så er det mange utøvarar som har henta fram tradisjonelt materiale. Ofte nitidig arbeid i arkiv, notesamlingar, gamle opptak. I vår tid er mykje av dette digitalisert, men for berre eit par tiår sidan var dette tidkrevjande arbeid. Ein kan tenke at desse burde hatt større del av kaka når andre musikksjangarar hentar fram og brukar det same materiale i til dømes eit bestillingsverk, meiner Moldestad. Her tenker ho også på når folkemusikken dukkar opp i nykomponert samtidsmusikk eller jazz.

Sigrid Moldestad, Jo Asgeir Lie, Jan Espen Storo (på mikrofonen) og moderator Solbjørg Tveiten diskuterte folkemusikkens spesielle forhold til opphavsrett. (Foto: )

– Her trur eg mange har mista tillit til nettopp Tono-systemet, og har kjent seg tilsidesatt og ikkje respektert for det enorme arbeidet dei trass alt har gjort. Så vil nok dei same ikkje påberopa seg nokon komposisjonsrettigheitar, heller. Til det har dei for stor respekt for traderingsprosessen, skriv songaren og felespelaren.

Om ein skulle ønske seg noko, så er det at Tono og FolkOrg utarbeida ein modell der utøvarar som spelar tradisjonelt materiale vart tilgodesett med nokre av midla som konsertarrangørar betalar inn. Det kunne også vore fint om dei midla som arrangørar, også i folkemusikkfeltet, uansett betalar inn for offentlige konsertar, gjekk tilbake til sjangeren på eit eller anna vis. Slik det er no, er det lite som går tilbake, og det er for meg uforståeleg at dette ikkje kan løysast.

Moldestad trur dette ville gje folkemusikkfeltet ein grunn til å både betale inn og registrere verk til Tono. Med andre ord: Bli tettare knytt til opphavarar elles i norsk musikk.
– Og med det også gje ein meir presis registrering av nye komposisjonar i same sjanger der opphavsperson er kjend.
«Den nye» debatten om Tono og tradisjonen starta med dette oppropet – og denne artikkelen der artistane Ingrid Jasmin og Kirsten Bråten Berg tok for seg problema slik dei har vore.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.
Konserttips Oslo