HAR TEKE EITT STEG TILBAKE: – Alle har godt av å bremse ned toget og stoppe opp litt. Det vi treng mest, er å vere i lag, å sjå folk, seier Sigrid Moldestad, som meinar at vi kan ta med oss mykje bra inn i den nye tida frå det me har lært under pandemien. (Foto: Magne Fonn Hafskor)

– Det kan kome mykje kreativitet ut av å gjere ingenting

Ballade startar helga med eit langt intervju med Sigrid Moldestad i høve at ho kjem med nytt album i dag – og vi toppar det heile med premiere på hennar nye musikkvideo.

Kalender

– Eg trur jo alltid at berre eg får tid, så skal eg få gjort alt mogleg. Så får du med eitt tid, og så berre kjenner du at nei, eg er ikkje heilt klar, seier Sigrid Moldestad, som kjenner at fjoråret stod litt på vent – også kreativt. Litt har ho likevel fått unnagjort, og i dag kjem ho ut med si sjette soloplate.

Felespelaren og songaren Sigrid Moldestad er oppvaksen i Breim i Nordfjord, og tok utdanning ved Ole Bull-akademiet på Voss. Etter å ha vore gjestemusikar på nokre innspelingar debuterte ho som eigen plateartist for 20 år sidan med Spindel; ein framleis aktiv folkemusikkduo ho har saman med Liv Merete Kroken.

Sidan har ho gjeve ut seks reine soloplater, i tillegg til at ho har medverka på meir enn 30 andre plateinnspelingar – mellom anna fleire med Karl Seglem Band.

– Veit du kva, eg fekk ein slik motreaksjon då pandemien slo inn. Eg har skjøna etter kvart at eg ikkje er aleine om det.

Frå 2017 har ho òg prøvd seg som skodespelar; først på Den Nationale Scene i Bergen, så i Heim-serien ved Det Vestnorske Teateret (tidlegare Hordaland Teater), og sist haust i 62 (!) framsyningar av «Vestland, Vestland» (saman med Claus Sellevoll).

Det er i så måte ein svært aktiv artist som stiller til intervju med Ballade; pandemi eller ikkje pandemi. Sjølv er ho ikkje heilt einig i det.

SAKNAR Å KLEMME
– Veit du kva, eg fekk ein slik motreaksjon då pandemien slo inn. Eg har skjøna etter kvart at eg ikkje er aleine om det, seier ho når eg spør om ho har fått brukt nedstenginga til kunstnarleg arbeid.
– Heldigvis hadde eg gjort mykje av det kreative arbeidet då våren kom. Innspelinga av plata har vore god å jobbe med, men eg trur jo alltid at berre eg får tid, så skal eg få gjort alt mogleg. Så får du med eitt tid, og så berre kjenner du at nei, eg er ikkje heilt klar.

SIGRID OG BANDET: – Vi er eit ganske leikent og ope band, seier Sigrid Moldestad. Frå venstre: Sigbjørn Apeland, Kåre Opheim, Jørgen Sandvik, Sigrid Moldestad, Anders Bitustøyl og Roald Kaldestad. (Foto: Magnus Skrede)

SIGRID OG BANDET: – Vi er eit ganske leikent og ope band, seier Sigrid Moldestad. Frå venstre: Sigbjørn Apeland, Kåre Opheim, Jørgen Sandvik, Sigrid Moldestad, Anders Bitustøyl og Roald Kaldestad. (Foto: Magnus Skrede)

Ho ler, noko ho gjer mykje gjennom intervjuet. Ikkje slik merksemdsøkjande som enkelte politikarar har lagt seg til. Nei, når ho ler, så er det meir avvæpnande og sjølvironisk – og kanskje eit uttrykk for den livsgleda som på ein måte går hand i hand med den djupe melankolien i mange av songane hennar.

– Dette med å øve; skal eg gå ut og jogge eller skal eg spele fele. Men det blir ikkje, veit du, slik ein hadde tenkt at det skulle bli om ein berre hadde tid.

– Du prokrastinerer?
– Ja, veldig. Det er vel litt adelsmerke for kunstnarar også. Det kan kome mykje kreativitet ut av å gjere ingenting, sjølv om det blir litt motstridande i høve til kva du veit at du bør gjere. Kva eg skulle ha gjort. Dette med å øve; skal eg gå ut og jogge eller skal eg spele fele. Men det blir ikkje, veit du, slik ein hadde tenkt at det skulle bli om ein berre hadde tid.

– På den andre sida så trur eg alle har godt av å bremse ned toget og stoppe opp litt.

– Det vi treng mest, er å vere i lag, å sjå folk. Eg saknar å klemme. Det er veldig merkeleg. Me må ikkje bli for vant til det, sjølv om vi vestlendingar kvepp litt av den valdsame klemminga på alle framande.

VIDEOPREMIERE PÅ BALLADE
Musikalsk oppheld Sigrid Moldestad seg i eit svingande folkrock-landskap. Hennar faste band består av Jørgen Sandvik (gitarer, guzheng, banjo, lap-steel, mandolin), Anders Bitustøyl (bass), Sigbjørn Apeland (trøorgel og andre tangentinstrument), Kåre Opheim (trommer) og Roald Kaldestad (gitarer). På den nye plata har ho også med seg ein strykekvartett, medan ho sjølv trakterer fele, hardingfele og ukulele.

Dagens plateslepp blir fulgt av videoen til tittellåta «Tonen i meg», som Ballade har fått æra av å ha premiere på. Dette er ein song som hyller kvinnekraft og lyset vi har i oss.

Videopremiere: Sigrid Moldestad – Tonen i meg

– Dette er mi helsing til kvinner før meg og kvinner kring meg, til meg sjølv og jentene som kjem etter meg: Ikkje ver redd for ditt lys og di kraft, oppmodar Moldestad.

– Opp gjennom tidene har denne krafta vorte mistenkeliggjort og motarbeidd; kalt mørk og farleg. Den har gjort mange redde og den har gjeve mange jenter og kvinner ei skam for å vere for mykje, vere feil – for lysande, for sterke.

– Eg trur vi alle kjenner kvar den krafta er, men vi er godt trena i å presse den ned og ikkje syne den fram.

Teksten kom til då ho las om Lisbeth Andersdotter frå Nordfjord, som i 1828 miste mannen sin på fjorden – og etterpå kom til den konklusjonen at det var hennar «syndige» felespel som hadde skuld i tragedien.

– Desse historiene vert eg aldri ferdig med, og eg kjem til å ville minne både meg sjølv og våre døtre – og søner – på at vi ikkje skal vere redd for den krafta vi har i oss.

– Eg trur vi alle kjenner og veit kvar den krafta er, men vi er godt trena i å presse den ned og ikkje syne den fram. Det er mange mørke kapittel i historia som viser kva som skjer med oss då.

TRIVST MED FLEIRE SJANGRE
– Den nye plata er ditt sjette soloalbum. Stilmessig har du hatt ei utvikling frå eit meir tradisjonsbunde uttrykk til det meir personlege og eigenarta. Har du fått nokon reaksjonar frå «folkemusikkmafiaen»?
– Nja, eg likar ikkje å bruke ordet «folkemusikkmafiaen». Det finst ikkje noko slikt «musikkpoliti» i folkemusikkmiljøet. I den grad det finst så er det kanskje i ei førestilling som andre utanfor miljøet har.

«TONEN I MEG»: – Eg trur vi alle kjenner og veit kvar den krafta er, men vi er godt trena i å presse den ned og ikkje syne den fram, seier Sigrid Moldestad, her på biletet som blei nytta til omslag på den nye plata. (Foto: Magnus Skrede)

– Men du skriv eigne tekstar og eigne melodiar?
– Eg ser på meg sjølv som ein tradisjonsberar i botn, og balanserar på ein knivsegg mellom det å ta vare på det eg har lært og denne tronga til å uttrykkje sitt eige og seg sjølv.

– Folkemusikken er alltid med meg, men for meg er det ikkje noko motsetning mellom å spele ein springar heimanfrå og ein pop- eller rockelåt.

– Du har også skrive ein rein countrylåt denne gongen – med «Bonden»?
– Det er ei ordentleg sjangerhelsing inne i den songen, noko som var eit medvite val. Eg likar å leike og flørte litt med fleire sjangre. For meg kjennes det naturleg. Musikarane eg har med meg kjem frå fleire sjangre, og vi er eit ganske leikent og ope band. Musikken vår blir litt til på kva som skjer og kva energiar me tek inn.

– «Drøyma det att» er din eigen versjon av ein ganske ukjend Fleetwood Mac-låt?
– Det er ein nydeleg kjærleikssong som eg omsette til nynorsk for nokre år sidan. Eg hadde veldig lyst til å synge den; eg syntes den kledde oss.

– Ein ser seg jo stadig tilbake, anten det handlar om ting ein har opplevd sjølv eller noko andre har fortald.

Originaltittelen er «Dreamin’ the Dream». Den er opphavleg med på Fleetwood Macs «end of the line»-album Time (1995), og har ein tilbakeskodande tekst om det å halde liv i draumen sjølv når ein veit at alt er over. Albumet var det første sidan 1974 der Stevie Nicks ikkje var med, så kanskje den også hintar mot hennar oppbrotssong «Dreams» (1977) – som ho skreiv om det turbulente kjærleiksforholdet ho hadde med Lindsey Buckingham.

– Den handlar om å sjå tilbake på noko som har vore?
– Ja. Ein ser seg jo stadig tilbake, anten det handlar om ting ein har opplevd sjølv eller noko andre har fortald. Eg ser at slike historier umedvite påverkar meg i kva eg skriv om.

EI GAMAL SJEL: – Eg likar ordet «påminning», som eg synest er litt i slekt med nostalgi. Det er nokon verdiar og ting ein godt kan bli påminna om, seier Sigrid Moldestad. (Foto: Magne Fonn Hafskor)

EIN MARKØR I HEIMLENGTA
– Det går vel mykje tilbake til heimstaden din, slik som på den instrumentale «Våtedalen»?
– Eg har hatt eit nesten religiøst forhold til Våtedalen like sidan eg flytta heimanfrå. Opplevinga av å kome inn i Våtedalen frå Jølster-sida; uansett kva ver det er eller kva årstid det er så synest eg at denne dalen er heilt magisk, fortel ho.

– Det er noko med dette opne landskapet, med stupbratte høge fjell på begge sider. Elva som renn gjennom dalen er stor eller liten alt ettersom, det går nokre geiter og kyr der, det er ørner på toppen og det heile er veldig trolsk. Det er liksom ein slik strekning der bussturistane går heilt bananas med kamera.

– Våtedalen er ein veldig markør i heimlengta mi. Når eg er der, byrjar eg å kome heim.

Dette er området før du kjem til Byrkjelo og Breim, og på slutten av dalen der ser ho korleis bygda opnar seg og kjem henne i møte.

– For meg er Våtedalen ein veldig markør i heimlengta mi. Når eg er der, byrjar eg å kome heim, seier ho, og legg til at Yngve Leidulv Sætre, som har produsert dei to siste platene hennar, har ei liknande oppleving når han kjem til heimstaden.

– Yngve har eit hus i Ørsta som han ofte pendlar til, så vi deler veldig denne storslåtte kjensla.

– Korleis er det å samarbeide med Yngve?
– For meg er det heilt fantastisk fint. Det er godt å ha ein å sparre med som er så ærleg som han er – det ligg ein tryggleik i det, seier ho.

– Det er betre at folk er ærlege enn at dei seier «ja, det var kjempefint, kan du prøve ein gong til» – det gjev meg ingenting.

– Han kan gje slike tilsynelatande brutale tilbakemeldingar – han kan sei frå kontrollrommet at «no høyrest du sutrete ut». Det er betre at folk er ærlege enn at dei seier «ja, det var kjempefint, kan du prøve ein gong til» – det gjev meg ingenting. Yngve har bidrege sterkt til å få mykje ut av både meg og bandet. Han er kreativ og idérik, og har alltid respekt for det du vil fortelje. 

– Har du endra deg som artist på desse åra?
– Ja, det håpar eg. Hehe. Det er alltid vanskeleg for meg å sjå slikt sjølv – det blir kanskje meir tydeleg sett utanfrå – men eg ser ikkje nokon grunn til å gjere om igjen ei plate eg allereie har gjort, seier ho.

– Litt av det å halde på med dette er at ein ynskjer å fortsetje – både å forske litt og prøve litt – og kanskje blir ein litt tøffare når det kjem til det å våge, å vere den ein er fullt ut. Nokre ting modnast litt meir med tida – som det at eg ikkje lenger er like oppteken av å bli likt. Det er nok noko der.

– Det er alltid kjekt å bli likt, men ein skal jo leve med musikken sin og forske i den og uttrykkje tekstane sine. Ein kan ikkje lage musikk for at det skal passe inn i eitt eller anna format – det er ikkje difor eg lagar musikk, det er ikkje difor eg held på med dette.

PLATEINNSPELING I EIN PANDEMI
– Plate blei spela inn medan samfunnet stengde ned. Korleis har dette påverka prosessen?
– Vi har vore svært medvitne på reinhald og avstand, men elles så er det ikkje noko koronaplate eg har laga. Eg har vore veldig heldig samanlikna med mange av mine kollegaer. Då alt stengde ned, var me eigentleg i gang med å lage ny plate.

– Har de kunna vere saman i studio?
– Hovuddelen var gjort før nedstenginga, og då me kom til juni, opna det seg litt – så då kunne me faktisk fortsetje.

Fram til nedstenginga stod Moldestad òg på scena i teaterstykket Heim 3. Dette var tredje del av «vestlandskrønika» Heim, som tek for seg eitt tiår om gongen.

Like etter gjekk ho i gang med «Vestland, Vestland». Her stod ho på scena saman med Claus Sellevoll frå Alversund i Nordhordland i eit humoristisk stykke skrive av Finn Tokvam og med Arvid Ones som regissør.

PÅ TEATERTURNÉ: Sidan 2017 har Sigrid Moldestad òg prøvd seg som skodespelar. I fjor haust turnerte ho og Claus Sellevoll med «Vestland, Vestland»; eit humoristisk stykke skrive av Finn Tokvam. (Foto: Espen Nyttingnes)

«Vestland, Vestland» blei satt opp av Teater Vestland i Førde, og i eit samarbeid med Det Vestnorske Teateret i Bergen.

– Det var berre vi tre, Arvid, Claus og meg. I starten jobba vi i Logen Bar i Bergen, og der kunne vi halde god avstand. På hausten blei det premiere i Førde, før vi drog på lang turné i det nye fylket. Då var smittetala låge, så vi var heldige.

Etter 62 framsyningar i ulike salar var dei tilbake i Bergen for å gjera ein ny runde der. Då stengde samfunnet ned igjen.

Moldestad er oppvaksen med revy. Ho har gjort mykje kabaret både heime og saman med trioen Fjøgl, og har òg sett opp forestillingar som jobbar i grenselandet – slik som konsertframsyninga «Samuline – frå fela syng din song».

– Det er enormt mykje klokskap som ligg i alt som har vore før oss.

Sistnemnde blei vist på Førdefestivalen i 2017, og handla om Samuline Seljeset (1804-1872) og andre kvinnelege folkemusikarar frå Nordfjord og Sunnmøre.

– Så det er ikkje nytt for deg å vere skodespelar?
– Nei, men det er første gongen eg har jobba så kontinuerleg og tydeleg med skodespel som det eg har fått lov å gjere i Heim-krønika.

– Har noko frå teaterstykka smitta over på plata, i og med at det er ein del tilbakeskodande tekstar?
– Nei, eg er jo ei gamal sjel, og har alltid vore oppteken av gamledagar. Nostalgi er ei kjempekraft. Alle har ein nostalgisk tone i seg – alle lengtar mot noko som har vore eller til andre tider, trur eg. Eg likar ordet «påminning», som eg synest er litt i slekt med nostalgi. Det er nokre verdiar der som ein godt kan bli påminna om.

– Alt det som har gjort deg til den du er?
– Ja, og ein må akseptere og ta med seg alt. Ein må sjølvsagt sjå framover og ta til seg det som kjem til ein, men eg trur at ein er betre rusta om ein har med seg det som har vore. Det som har vore før ein sjølv levde òg. Det er enormt mykje klokskap som ligg i alt som har vore før oss.

MED FELA SOM REISEFØLGJE: Spelemannen Sigbjørn Bernhoft Osa (spela av Claus Sellevoll) fortel korleis fela har teke han ut i verda. Biletet er frå stykket «Heim 1» ved Det Vestnorske Teateret. Til høgre: Sigrid Moldestad. (Foto: Andreas Roksvaag)

LEI AV ALT TYTET
– Samstundes blir samfunnet stadig meir ope. Vi vil ikkje tilbake til tida før metoo – som på ein måte var eit slag paradigmeskifte.
– Ja, heldigvis. Metoo var òg ei påminning; for ikkje å seie oppvakning. Men tida me lever i har også ein understraum av skumle krefter som gjer at vi lett kan havne i bakleksa igjen – og at endringar skjer utan at vi heilt klarer å skjøne det. Sjå kva som skjer rundt i verda med tanke på kvinners rettar.

– Tida me lever i har ein understraum av skumle krefter som gjer at vi lett kan havne i bakleksa igjen – og at endringar skjer utan at vi heilt klarer å skjøne det. Sjå kva som skjer rundt i verda med tanke på kvinners rettar.

Mykje av dette vert kamuflert av ei jevn straum av det ho ikkje nølar med å kalle «tyt» – anten det er på radioen eller på sosiale media.

– Folk meinar så sterkt om alt mogleg. Det synest eg er blitt verre no det siste året; eller kanskje det berre er eg som er blitt mindre mottakeleg, seier ho.

– Og så er det eit slikt fokus på dei som sit og tyt. Dei sit og tyt om ingenting, eller dei tyt om det same som skjer på nettet. Eg trur vi treng å ta det litt med ro og heller snakke meir med kvarandre – eller berre tenke oss litt om og vere stille. Men no høyrest eg sikkert ut som ei gamal dame, haha.

– Kanskje det handlar om å dekke over meir vanskelege tankar?
– Det er vanskeleg å vite. Folk drøymer om at alt vil gå tilbake til normalt etter pandemien – men det vil det jo ikkje. Det har aldri skjedd. Vi har hatt helsekriser tidlegare òg, med spanskesjuke og spedalsksjuke.

– Bestemor mi var oppteken av vask og reinsemd, og av å brenne ting. Dette hadde dei nok med seg fordi dei hadde opplevd sjukdomar som tuberkulose. Vi får eit litt anna bilete av korleis det var den gongen no når vi er opp i det sjølv, reflekterer ho.

– Nei, eg håpar at koronatida gjer at det blir ei anna tid. Det er eit skifte, og eg trur at vi kan ta med oss mykje bra inn i den nye tida frå det me har lært under pandemien. Folk treng ikkje fly til Oslo annakvar dag for å gå på møte. Det er ein del slike ting. Tett busetnad. Kanskje det er bra at me bur i eit land der me kan spreie oss litt utover.

KVINNELEG SPELEMANN: – Spelemannskulturen sit framleis ekstremt sterkt i meg. Eg fekk fele då eg var ti år, og var ikkje gamal første gongen eg spela til dans, sa Sigrid Moldestad då ho blei tildelt Vossajazzprisen i 2012. (Foto: Arkivfoto/Magne Fonn Hafskor)

– Men konsertar bør framleis skje fysisk?
– Ja, eg er ikkje så glad i slike strauma konsertar. Eg gjorde ein slik på Stereo (bar i Bergen, journ. komm.) i april. Altså, eg er jo avhengig av den fysiske energidansen som er ulik frå konsert til konsert. Det er slik med teater òg – det er same framsyninga kvar kveld, men den er jo ulik kvar kveld likevel, seier ho.

– Eg treng publikum for at musikken min skal gje meining. I det siste året har vi vel alle kjent på kor mykje vi saknar å oppleve noko saman med andre. Eg trur difor på ei oppblomstring av kunst og kultur når dette er over.

HELD I KNEA TIL KARI BREMNES
– Skal du ut på vegen med det nye albumet?
– Vi skal ha ein liten lanseringsturne i mars, men vi har ikkje våga å booke meir enn fire konsertar – så får vi håpe at det blir mogleg med fleire konsertar seinare.

– Eg tenker det er bra, for å halde seg frisk opp i åra, at ein alltid har eit prosjekt – og å tilstrebe å ikkje bli bitter. Har ein dei to tinga med seg inn i alderdomen, så trur eg ein kan ha det ganske bra.

– Kanskje du kan halde sjukeheims-konsertar, sidan pasientar og ansatte der står fremst i vaksinekøen?
– Ja, eg har gjort mange konsertar under paraplyen «Den kulturelle spaserstokken» oppigjennom åra, og er det noko som er gjevande, så er det å spele for dei eldre. Då får du verkeleg oppleve musikkens kraft. Eg har spela på demensavdelingar, der folk sit i kvar si verd. Det er så sterkt å oppleve. Du ser liksom korleis filmane berre går i hovuda deira når dei får høyre dei gamle songane. Eg har alltid vore glad i gamle folk.

– Eg tenker det er bra, for å halde seg frisk opp i åra, at ein alltid har eit prosjekt – og å tilstrebe å ikkje bli bitter. Har ein dei to tinga med seg inn i alderdomen, så trur eg ein kan ha det ganske bra.

– Eg tenker at ein kan programmere seg sjølv til å vere positiv og venleg, foreslår eg.
– Ja, det kan ein. Eg trur det er slik med mange ting i livet. Tittelen på albumet – «Tonen i meg» – er jo òg ein slags tanke om at ein må akseptere seg sjølv på godt og vondt. Det å programmere seg sjølv er ikkje alltid like enkelt. Ein slit gjerne med sine indre demonar; negative tankar og historier – og så trur eg òg at mange – spesielt kvinner, kanskje – er ekstra redde for å skine for sterkt eller ta for mykje plass. Det ligg eit godt nedarva kraftsenter i oss der, seier ho.

– Når eg ser rundt meg, så er det ikkje så mange kvinner på min alder som driv med det same som meg. Eg kjem opp i eit alderssegment no der veldig mange kvinner fell frå som musikarar. Då ser eg til Kari Bremnes. Eg held rundt knea hennar og håpar at eg kan bli med på den krafta som ho symboliserer for meg.

– Men du har ikkje kvinner med i bandet ditt?
– Nei, og det er på ein måte tilfeldig; men eg må få presisere at eg er bandleiaren. Det er eg stolt av, og eg jobbar med dei finaste musikarane. Dei karane er nokre av mine beste vener, seier ho.

– Eg har vore oppteken av historiene til alle kvinnene som spelte fele heime, så eg kjenner meg så absolutt ein del av ei kvinnekraft. Liv Merete Kroken og eg møtes stadig for å spele i duoen Spindel. Det er få ting som gjev meg så mykje som å spela med henne – det er eit eviglangt musikalsk forelskingsnivå på samarbeidet vårt. Du møter av og til nokon slike personar som du klikkar så enormt med. Slik sett kjenner eg meg heldig.

KORONA-DRAUMAR: – Fleire eg kjenner fortel at dei har drøymt så mykje i koronatida. Eg har hatt det slik sjølv; ekstremt styrete og veldig levande draumar. Det er liksom alle har hatt ein bieffekt av at vi har roa ned og senka guarden litt – og så har det kanskje opna opp for noko anna, fortel Sigrid Moldestad. (Foto: Magne Fonn Hafskor)

KJÆRLEIK OG KLØKT
– Innleiingsvis snakka vi litt om tittellåta på plata, som du har videopremiere på i dag. Presseskrivet snakkar om at det er ein mørk inngang?
– Den er tilsynelatande mørk, men eigentleg så handlar det om lyset. Eg er jo eigentleg ein melankolikar. Ein må lodde litt djupt av og til – og akseptere at det er lov å ha dårlege dagar, å kjenne på det mørkret i seg sjølv. Så den delen av det er nok ein del av grunntona i plata.

– Ein må lodde litt djupt av og til – og akseptere at det er lov å ha dårlege dagar, å kjenne på det mørkret i seg sjølv.

– Så har du med den kjende barneregla «Ta den ring», som høyrest noko annleis ut i din versjon.
– Ja, den teksten passa brått så perfekt til ein melodi eg hadde laga på ukulela. Eg ville så gjerne ha ei regleaktig tekst. Så kom den til meg, og eg syntes at den passa perfekt – òg fordi den har noko litt skummelt over seg når ein tek den ut av den glade melodien vi song som born.

– Kva handlar desse ringleikane om eigentleg? For meg handla den brått om historiene vi skal fortelje vidare; det at vi skal aldri eige noko heilt og haldent – vi skal alltid gje det vidare, dele det.

– Kanskje litt det at du står i ein tradisjon også?
– Ja, no det ansvaret som fylgjer med. Plutseleg sit du med ein gard eller ein ring – ein tradisjon – og så må du… (ho trekk pusten). Så den blei til litt etter den tankegongen.

– «Blågras» er derimot veldig fri. Er det ein jam?
– Ja, det vil eg sei – den har ein ganske fri struktur, og med bandet i fri dressur.

– Så har du ein låt som har eit namn, «Karolina». Kven er det?
– Den er skriven ut frå ei historie frå den tida då det kunne vere praktiske grunnar til at det blei giftarmål. Songen handlar om ei eg kjenner som då ho var lita jente var vitne til ei brud som sat og gret og gret medan ho blei pynta.

– «Karolina» handlar om ei eg kjenner som då ho var lita jente var vitne til ei brud som sat og gret og gret medan ho blei pynta.

– Seinare blei ho fortald at det var ein annan mann inne i biletet. Så blei det eit solid ekteskap til slutt likevel – og kanskje meir harmonisk enn det kunne blitt med denne karen som var den store umiddelbare kjærleiken.

– Kjærleik og kløkt går ikkje alltid så godt saman?
– Nei, og det er jo den klassiske historia – så det er ei slik historie som eg har hatt med meg – som eg er blitt fortald.

– Du avsluttar albumet med ein liten voggesong. Er det for at du skal kunne sove fram til neste album?
– Hehe. Nei, det er jo livet og mysteriet, og kva som skjer og ikkje skjer i draumane. Kva er det vi bearbeidar, og kvar er vi eigentleg hen når vi drøymer?

– Eg har òg snakka med fleire vener om det – at vi har drøymt så mykje i denne tida, i koronatida. Eg har hatt det slik sjølv; ekstremt styrete og veldig levande draumar. Det er liksom alle har hatt ein bieffekt av at vi har roa ned og senka guarden litt – og så har det kanskje opna opp for noko anna.

RIK PLATEKATALOG: Sigrid Moldestad har gjeve ut seks reine soloplater, i tillegg til at ho har medverka på meir enn 30 andre plateinnspelingar. (Foto: Billedmontasje)

OM SIGRID MOLDESTAD

  • Felespelaren og songaren Sigrid Moldestad (f. 1972) vaks opp i Breim i Nordfjord, og tok utdanning ved Ole Bull-akademiet på Voss.
  • Saman med Liv Merete Kroken har ho gjeve ut to plater som duoen Spindel: Spindel (2001) og Aminje (2005).
  • Trioinnspelinga Gamaltnymalt (2005, saman med Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes) blei tildelt Spellemannprisen i klassen folkemusikk/gamaldans.
  • Ho debuterte som soloartist med albumet Taus (2007), som blei tildelt Spellemannprisen i same klasse.
  • Sidan har ho gjeve ut fem album til: Sandkorn (2010), Himlen har sove bort mørkret (2010), Brevet til kjærleiken (2014), Vere her (2017) og Tonen i meg (2021).
  • Ho har også gjeve ut den doble samleplata «Så ta mitt hjerte: Dei beste songane» (2015).
  • Frå 2017 og fram til no har ho vore skodespelar i fleire teaterstykke ved Det Vestnorske Teateret og Teater Vestland. Meir informasjon: sigridmoldestad.com
For å kommentere her må du ha en Facebook-konto. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du sende oss en e-post.

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev