© Mari S Ljones

Hilmarprisen Arne M. Sølvberg

Arne Sølvberg er spelemann, komponist og dansar og får prisen som tildelast personar som har gjort ei særskild innsats for å fremje interessa for folkemusikk.

Kalender

Hilmarprisen vert delt ut at Stiftinga Hilmar Alexandersen saman med Nord-Trøndelag fylkeskommune og Steinkjer kommune, som òg dannar jury for prisen.

«Årets pris går til Arne Sølvberg(63) frå Stryn, og juryen si grunngjevnad er slik:

I tillegg til å vera utøvande spelemann, komponist og dansar, har Arne Sølvberg også hatt ei rekkje tillitsverv innan folkemusikk og folkedans.

Han er fødd i Stryn i 1950 og er ein av landets aller fremste og mest allsidige folkemusikarar og folkedansarar. Han er ein uvanleg dyktig utøvar på både vanleg fele og hardingfele – og også trefløyte/tussefløyte, og er ein av få som er A-klasse-spelemann både på hardingfele og vanleg fele. I 1989 vann han Landskappleiken på vanleg fele, og i 2004 vann han Landskappleiken i dans saman med kona Asbjørg.

Prisvinnaren er frilans folkemusikar og har vori tilsett som fylkesmusikar i heimfylket. I tillegg til flittig konsertering i Noreg, m.a. fleire konsertturnear for Rikskonsertane og mange oppdrag på Førde internasjonale folkemusikkfestival, har han hatt konsertoppdrag i store delar av Europa og i USA.
Sølberg har gitt ut sju eigne plater og deltatt på mange fleire.

Juryen seier i si grunngjeving, at han er ein framifrå formidlar på kurs og forelesingar og har gjort ein stor innsats for å rekruttere barn og unge til folkemusikkmiljøet.

Han har hatt mange tillitsverv innan norsk folkemusikk og folkedans og har motteke både spelemannspris og Kongens fortenestemedalje for sitt store og allsidige kulturarbeid.

Arne Sølvberg er ein flott og verdig vinnar av Hilmar Alexandersen musikkpris.»

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.
Konserttips Oslo