Hopp til innhald
Hilde Bjørkum Foto: Dagrun Reiakvam

Hilde Bjørkum sluttar som direktør for Førdefestivalen

Men forlater ikke festivalen heilt, blir deltidskonsulent frå neste haust.

Hilde Bjørkum har vore sjef for Førdefestivalen sidan hausten 1989, berre avbrote av to morspermisjonar og eit år som fylkesmusikar.

– Det har vore ei lang, spennande og lærerik reise. No er det tid for at nye krefter leier skuta vidare, difor har eg orientert styret om at eg ynskjer å tre av som direktør etter at festivalen 4.-8. juli 2018 er gjennomført, seier Bjørkum.

Frå ein sped start med ei 50 prosent prosjektstilling har Førdefestivalen i dag 7 kompetansearbeidsplassar og ein årleg omsetnad på rundt 19 mill. kroner. Festivalen er Skandinavias største i sitt slag og er anerkjend nasjonalt og internasjonalt for høg kvalitet både kunstnarleg og arrangementsmessig, og for ein klar og særeigen profil.

Stillinga som direktør vert lyst ut like over nyttår. Festivalen samarbeider med selskapet Hodejegerne Møllerstad & Christiansen i rekrutteringsprosessen. Styreleiar Tone Winje trur stillinga vil vere attraktiv.

– Hilde Bjørkum har lagt eit svært godt grunnlag gjennom sitt årelange arbeid. Vi vil takke henne for den formidable innsatsen ho har lagt ned for å utvikle festivalen til det den er i dag. Den som no kjem inn vil ta over ein solid organisasjon med gode moglegheiter for vidare utvikling, seier ho i ei melding.

Frå 1. september går Bjørkum over i 50 prosent rådgjevarstilling ved festivalen med fokus på utviklingsarbeid.

Førdefestivalen er eitt av dei største fleirkulturelle arrangementa i Noreg, og største festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk i Skandinavia. Kvart år vert omlag 300 artistar frå heile verda presenterte gjennom rundt 90 arrangement. Totalt besøkstal er 25-30 000 pr. år. Sidan 2010 har Førdefestivalen vore kåra til ein av dei 25 beste i sitt slag av det internasjonale tidsskriftet Songlines, og er også ranka på eksklusive festivallister i the Guardian og hos National Geographic Travel. HKH Kronprinsesse Mette-Marit er høg beskyttar for festivalen som 4.-8. juli 2018 vert arrangert for 29. gong.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Nordic Sound Folk Orchestra Foto: Oddleiv Apneseth / Førdefestivalen

Den lille, store Førdefestivalen

Ja greit, Førde, jeg er imponert, skriver Igor Dunderovic.

Festivalparaden 2015 Foto: Heidi Hattestein

Integrering som kulturelt mål

Årets Førdekonferanse, Kulturens kraft i et samfunn i endring, vil drøfte hvordan kultur kan brukes som integreringsverktøy. Men er det...

Igor Dunderovic og Arne Berg Foto: Privat

20 år med: «Hva er verdensmusikk?»

NRK P2s Jungeltelegrafen feiret nylig 20-årsjubileum med direktesending fra Melahuset i Oslo. Festgjest Igor Dunderovic rapporterer.

Hilde Bjørkum

Direktør for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival får Fylkeskulturprisen 2015

Hilde Bjørkum vil motta prisen på fylkestingsmøtet i Sogn og Fjordane 8. desemeber

Per Idar Almås Foto: Førdefestivalen

Per Idar Almås ny direktør for Førdefestivalen

Almås er tilsett frå oktober 2018.

Hilde Bjørkum

Prisdryss til Førde

Hilde Bjørkum heidra med internasjonal pris for sitt arbeid med å løfte europeisk folkemusikk.

Flere saker

Utsnitt fra ta:lik utgivelsen «Norsk folkemusikk»

Kvalitet i endring

Hva skjer når et felt beveger seg mellom det kommersielle og det kulturbærende? Kulturrådet har gitt midler til forskning på...

Anette Trettebergstuen

Statsbudsjettet 2023: Gjennomgang av musikkfeltet

Den største kunstretninga, den med flest sysselsatt i underholdningsbransjen, musikken, får sin egen statlige gjennomgang.

Ari Bajgora, Synne Vo/Tobias Sten og Ståle Kleiberg

Musikkforleggerne: – Her er de nominerte til årets gjeveste

Fra store, historiske verk og hits, til profilert filmmusikk: Disse er nominerte til Musikkforleggerprisen 2026.