Hopp til innhald
Valgerd Svarstad Haugland 2004 (Foto: Berg, KKD)

Stortingsmelding om kultur og næring lagt fram i dag

– Noreg bør utnytta potensialet for kulturbasert næringsutvikling betre i framtida. Den vidare utviklinga av kulturbaserte næringar vil vere avhengig av verkemiddel og rammevilkår over eit breitt spekter av politikkområde og må sjåast i nær samanheng med innovasjonspolitikken, seier Valgerd Svarstad Haugland. – Staten skal ikkje vera ein aktør i feltet, men leggja til rette for kulturbaserte næringar ved å sikre gode rammevilkår, heter det i pressemeldingen Ballade her bringer videre.

I dag vart stortingsmeldinga om kultur og næring lagt fram i statsråd. Meldinga viser at kultursektoren omfattar eigne verdiskapande næringar med relativt stor innverknad på norsk økonomi. Det kan dessutan liggja gevinst i eit fruktbart samspel mellom kultur og anna næringsverksemd

Meldinga er det første regjeringsdokumentet i Noreg som gir eit samla oversyn over dette feltet. Dokumentet reiser ei rekkje spørsmål som krev ytterlegare utgreiing, og er ei plattform for den vidare diskusjonen om korleis vi skal fremja veksten i dei kulturbaserte næringane.

— Kultursektoren er ein viktig arena for meiningsdanning og refleksjon, og har såleis ein sentral funksjon i samfunnsforminga. Regjeringa ønskjer å synleggjere kva rolle kunst og kultur kan spele i ei nyskapande samfunnsutvikling og leggje til rette for at kultursektoren får større plass og aksept innanfor ein framtidsretta innovasjonspolitikk, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.
 
Det er bransjane sjølve som må vere drivkrafta i den vidare utviklinga av kulturbaserte næringar. Staten skal ikkje vera ein aktør i feltet, men leggja til rette for kulturbaserte næringar ved å sikre gode rammevilkår. Det er viktig med ein heilskapleg og balansert tilnærmingsmåte der ein ser kultur i nær samanheng med utdanning, forsking, teknologi og næringsliv.

— Ein praktisk politikk for kulturbasert næringsutvikling krev kunnskap om lokale og regionale tilhøve. Denne politikken bør i høg grad utformast regionalt og lokalt i partnarskap med ulike aktørar innanfor kulturliv, næringsliv og forskings- og utdanningssektoren. Kommunar og fylkeskommunar arbeider i dag aktivt for å kopla ulike politikkområde i ein heilskapleg politikk for regional utvikling. Kultur og kulturbasert næringsutvikling inngår som sentrale delar av desse satsingane, understrekar Svarstad Haugland.

Interesserte kan følge saken nærmere på http://odin.dep.no/kkd/norsk/. Om du ønsker å lese hele Stortingsmelddingen i sin helhet, kan den lastes ned fra denne siden fra Kultur- og Kirkedepartementet: http://www.dep.no/kkd/norsk/dok/regpubl/stmeld/043001-040008/dok-bn.html.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Kulturmeldingfugl

Kulturvisjoner frem mot 2014: Her er hovedlinjene

Her kan du lese Kulturkomiteens hovedmerknader til musikkfeltet, der man tar for seg situasjonen for bl.a. Ensemblefeltet , Symfoniorkestrene, Kor...

Oslo Kirkefestival symbol

Kulturkomiteen om de forskjellige genrenes vilkår og vekstmuligheter

Ballade bringer her videre utdrag fra Stortingsinnstilling nr. 155, som ble lagt frem tirsdag. I denne bolken presenterer vi Stortinginnstillingens...

Kulturmeldingfugl

Om kulturmeldinga: – Toler kulturlivet fri ferdsel?

Som et apropos til dagens kommunevalg, bringer Ballade her videre Solveig Grødem Sandelsons kommentar til kulturmeldingen, som ble lagt frem...

Tore Hansen,

Om Kulturmeldingen og kulturpolitisk debatt

Tore Hansen i Norsk Artistforbund var ikke invitert til det store kulturmøtet i Oslo tirsdag, men befant seg likevel i...

Bendik Hofseth 2

Bendik Hofseth: – Kulturdepartementet må vise mot igjen!

Styreleder i NOPA, Bendik Hofseth, gir uttrykk for en meget sterk støtte til Kanal 5 , som han mener er...

Ann Ollestad, UD

– Vi satser på det nytenkende og spennende

– UD ønsker mer aktivt å bruke musikk og kultur til å profilere Norge i utlandet. Vi vil i enda...

Flere saker

Skolekonsert Fløytemannen var en populær utøver etter forestillingen – her fra Marked for Musikk i Larvik

Musikklandet Norge: Ingen likestilling i Den kulturelle skulesekken utan kunstnarleg innverknad

KRONIKK: Først når makta delast og strukturar for kunstnarleg medverknad er på plass, kan vi byrje å snakke om reell...

Beyoncé og Rebecka Ahvenniemi Montasje: Ballade/wikipedia/Karjaka studios

You’re Beyoncé!

I Rebecka Ahvienniemis operatrailer spiller fenomenet Beyoncé en viktig rolle. Hvorfor?

Illustrasjonsfoto fra Gloppen musikkfest, et av medlemmene i Klassisk, interesseorganisasjonen for klassiske arrangører

Kjenner ikke TONO de klassiske konsertarrangørene?

TONO-DEBATTEN: Vi ønsker mer norsk samtidsmusikk i våre konsertlokaler, og vi ønsker å betale for det, skriver Anderz Døving i...