
Illustrasjonsbilde. Bildet er fra en skolekonsert med "Fløytemannen" under Marked for Musikk i Larvik, 2019. (Foto: Knut Sørhusbakken)
KRONIKK: Først når makta delast og strukturar for kunstnarleg medverknad er på plass, kan vi byrje å snakke om reell likestilling i Den kulturelle skulesekken. Inntil då er det berre språk utan substans. Musikar Hans Martin Austestad har lese den nye NOUen om musikkfeltet.
Dette er et meningsinnlegg, der avsenderen gir uttrykk for sine synspunkter og refleksjoner.
Av Hans Martin Rundberg Austestad, musikar og musikkpedagog
Hans Martin Austestad har lenge vore ein engasjert debattant i musikklivet, mellom anna her i Ballade, og spesielt i det som handlar om Den kulturelle skulesekken. (Foto: Privat)
Den nye og omfattande utgreiinga om norsk musikkliv, NOU 2025:7 (Musikklandet), representerer eit etterlengta løft i den kulturpolitiske samtalen.
Eg har sett på dokumentet spesielt i lys av Den kulturelle skolesekken (DKS), som har engasjert mange i lys av store og brå endringar fra 2015.
Diverre er det slik at mange som framleis jobbar med DKS må vera forsiktige med kva dei seier. Det har aldri vore lagt opp til ein open dialog der kunstnarane får stemma si høyrt. Dette håpte vi skulle endre seg då kunstnarar i eit opprop kravde utgreiing av DKS og Kulturtanken i 2022. Denne kom tilslutt i 2023, men var skuffande.
No tennes likevel eit lite håp gjennom Musikklandet, men først må forvaltninga anerkjenne at problema som er varsla frå byrjinga av treng gransking, og då treng ein opplysningar og debatt.
Der den førre DKS-rapporten frå 2023 (Oxford Research) primært diskuterte organisering og styringsnivå i DKS, fekk den problem med å gå inn i korleis ordninga fungerte reint kunstnarisk. Her går Musikklandet eit langt steg vidare ved å stille prinsipielle spørsmål knytt til kunstnarrolla og premissa for kunstnarleg kvalitet. Dette er veldig bra.
Utvalet peikar med styrke på utfordringar som særleg råkar musikkfeltet: manglande produksjonsvilkår, svak fagleg forankring i bestillarleddet og ei koordinering som ofte set logistikk over kunstnarleg innhald. Det er ikkje småtteri. Det er eit signal om at noko er i ulage – og at kunstnarrolla, som lenge har vore marginalisert i DKS, treng ein tydelegare plass. Det er fint å omsider kunne lese skildringar av ordninga gjenkjenneleg frå felt og fagmiljø, og eg vil tru at tilsluttande kunstsjangrar kan kjenne seg att i fleire skildringar.
LES OGSÅ Ballade-kommentaren Rapporten de alle venta på
Særleg verdt å merke er skildringa av korleis musikkfeltet sine frie kunstuttrykk står overfor strukturelle barrierer. Også her vil eg tru at andre kunstsjangrar kjenner seg att. Men utvalet dokumenterer spesielt at musikarar kjem dårleg ut i produksjonskjeda. Musikarar har gjerne lågare tilgang på prøvetid, transport, teknisk utstyr og ressursar – og at dette har direkte konsekvensar for kvalitet og rekruttering.
Ledige stillinger
I tillegg foreslår Musikklandet tiltak som betre opplæring for bestillarar, fagleg dialog mellom kunstnar og forvaltning, og fleksible visningsformer tilpassa musikken sitt vesen. Dette står noko i kontrast til Oxford Research rapporten som «friskmeldte» DKS i 2023.
LES OGSÅ Hans Martin Austestad: – DKS-omlegginga er ein fiasko, frå ende til annan
I Musikklandet står treffsikre observasjonar om DKS i kø. Men nettopp fordi utvalet har så mange treffsikre observasjonar, er det ikkje like gledeleg å lese i det innleiiande om DKS, at musikken vart «likestilt» som kunstuttrykk i DKS då Rikskonsertene vart lagt ned. Dette verkar som ukritisk gjenbruk av feilaktige politiske formuleringar – ei uheldig kjedereaksjon i offentlege dokument.
Musikklandet peikar tross alt på manglande innverknad og dårlegare vilkår for musikkfeltet. Dette bryt med oppfattinga om at sjangrane i DKS er «likestilte».
Difor må ein stille spørsmål med kva ein meiner med at musikk er likestilt i DKS: Kva slags kunnskap – og kven si røyst – ligg til grunn når ein hevdar at kunstuttrykka er likestilte?
Dette handlar ikkje berre om fagleg forankring. Ordvalet i Musikklandet rører ved kjernen i ein problemstilling som musikklivet i årevis har prøvd å synleggjere for styresmakter. Musikarane har lenge ytra behov for representasjon som står i proporsjon til musikkens omfang og tyding i DKS.
Mi påstand er: Musikken er den største kunstsjangeren i DKS – men samstundes er den uttrykkeleg underrepresentert i forvaltninga, ved at det ikkje finst noko produksjonsorgan eller fagleg instans som markerer tydinga av musikk som kunstsjanger.
Ein legg slik opp til at musikk som kunstsjanger blir teke forgitt, når ingen passer på. I rapporten til Oxford Research seies det at det ikkje er naudsynt med ei eiga nasjonal eining for musikk i DKS fordi det finst mykje kompetanse lokalt.
Det som kjem fram i NOUen Musikklandet er at dette ikkje er ei oppfatting utredninga deler. Musikkfeltet sjølv har i lang tid etterlyst ein instans med substansiell tyngde og autoritet som kan ta ansvaret for å vera dialogpartner og talerør for musikken i eit samfunn i brå og sårbar utvikling.
Eit løft, som løfta musikken ned
Med auka ressursar og brei politisk støtte forventa alle at det såkalla DKS-løftet av 2015 ville føre til betre produksjonskår og fleire kunstopplevingar for barn og unge på tvers av alle sjangrar. Ut frå løftene forstod ein det som at alle kunstsjangrar skulle løftast opp til musikkens nivå.
Men tala Kulturtanken har lagt fram, sett opp mot eldre tal frå SSB, viser det motsette: Meir pengar vart sett inn, færre produksjonar kom ut, og det vart færre deltakarar per arrangement. Musikken vart nedkvotert, og totalprisen på ordninga gjekk såleis opp.
Det er ikkje så vanskeleg å sjå ein samanheng der. Ordninga vart dyrare fordi den nedkvoterte musikken er billegare, men den er ikkje billegare i seg sjølv. Musikken har i årevis blitt nedslipe til å fungere som solo, duo og trioformat. Ein må kalle det for det det er. Musikk på sparebluss. Slike innarbeidde småformat har lite med musikkens sanne former å gjere, men er tilpassa skulekonsertformat over lang tid.
Å difor kalle musikk som likestilt med andre, dyrare sjangrar, kan vera provoserande. Dette handler slik om langt meir enn likestilling, sjølve DKS-formatet legg føringar og oppretter framføringspraksiser som ikkje er like på tvers av sjangre.
Kulturtanken har overraskande nok peika på at underleveransene i forestillingar per elev skuldast pandemi, inflasjon og dyrtid – utan å ha tallfesta dette, sjølv om det er dei som har ansvar for å føre oversikt. Ansvaret ser dei ikkje ut til å vere spesielt opptekne av, med følgjande grunngjeving for datamanglar i alle sine årsrapporter:
«Siden 2016 har vi ikke spurt om økonomien for den enkelte aktivitet. Det er grunnet manglende kompatibilitet mellom statlige, fylkeskommunale og kommunale økonomisystemer, noe som medfører en urimelig arbeidsbelastning for DKS-enhetene. Vi får derfor heller ikke skilt mellom kostnader til henholdsvis utøverhonorar og utøvers reise, diett og opphold i de totale kostnadene. Det betyr at det er enkelte spørsmål datamaterialet vårt ikke gir svar på, for eksempel om netto utøverinntekt fra DKS.» (DKS-rapporter 2016-2024)
Kulturtanken hevder altså at det er ein «urimeleg arbeidsbelastning» at DKS-enhetene skal rapportere om kor myke pengar dei bruker på den enkelte aktivitet. Herunder honorar, reise og diett. Som utøvar på turné måtte eg alltid føre alt dette inn på både reiserekning og faktura, så det er ikkje så lett å forstå kvifor dei ikkje kan innhente tal dei allereie sitt på. I mangelen på data er det i alle fall umogleg å seie noko om økonomien per sjanger. Og på den måten også vanskeleg å framskaffe viktige data til datadrivne beslutningar?
Verken Kulturtanken, Oxford-rapporten frå 2023 eller Musikklandet (NOU 2025:7) krev innsyn i kvar pengane i DKS faktisk går, som føresetnad for å omtale musikk som likestilt med andre kunstuttrykk. Dette er uheldig, for ordet «likestilling» har sterk signaleffekt, men står utan reell etterprøving. Det er likevel ein styrke at Musikklandet tek opp konsekvensane av manglande styring i sitt hovudinnhald.
Pengestraumane ingen eig
Det er mogleg å vera samd i at full likestilling mellom kunstuttrykka aldri kan målast presist – det er meir eit ideal enn eit faktisk mål.
Men pengestraumane i DKS kan likevel gi ein viktig indikasjon på kva slags vilkår kunstnarane faktisk har. Nettopp kunstnarøkonomien og betre arbeidsvilkår for kunstnarar er noko den sitjande regjeringa har hevda å ville styrke. I DKS-riggen er dette vanskeleg å etterprøve.
Når DKS-midlane går frå Norsk Tipping, via Kulturtanken, til fylkeskommunane – og derifrå vidare inn i ein mangfaldig og lite oversiktleg produksjonsøkologi – forsvinn spora etter pengestraumen. Kven som får kva, og til kva føremål, er ikkje open informasjon.
Musikklandet slår likevel fast at det manglar eigne tiltak for musikkproduksjon. Eit einskild initiativ, som Fagdøgn for musikarar, er ikkje i nærleiken av å fylle tomrommet etter det heilårsapparatet Rikskonsertene ein gong var.
Rett nok fanst det argument for at Rikskonsertene var både kostbart og topptungt, men tala viser samstundes at barn fekk fleire kunstmøte medan musikken hadde sin eigen nasjonale eining.
Utgreiingane har ikkje gått inn i desse tala. Utvalet bak Musikklandet løftar eit reelt problem når dei peikar på fråveret av strukturelle produksjonstiltak for musikk. Men det neste naturlege steget – ei systematisk kartlegging av pengestraumane – uteblir. Det kunne ha vore ei målretta og nødvendig anbefaling.
NOU 2025:7 Musikklandet skriv feil om DKS-historikken
Musikklandet bygger på ei feiloppfatning når dei framstiller Den kulturelle skulesekken som ei vidareføring av Rikskonsertene. Dette omskriv historia.
DKS oppstod som eit fylkeskommunalt initiativ, forankra i lokalt kunstfagleg samarbeid og med mål om brei tilgang til profesjonelle kunstuttrykk. Rikskonsertene var derimot nasjonalt forankra, og hadde sitt eige heilårsapparat for musikkproduksjon.
Då Rikskonsertene vart avvikla, skjedde det ei forskyving frå nasjonal institusjonsforvaltning til regional nettverksstyring – og Kulturtanken tok over som statleg etat.
Men eigarskapen til DKS vart samstundes delegert til fylka, utan at nokon held fylka til ansvar for kunstfaglege prioriteringar. I praksis betyr dette at definisjonsmakta over kva som er god musikk i DKS, ofte blir utøvd av einskildpersonar i små fagmiljø – eit system prega av lokal variasjon, sviktande oversyn og det ein kan kalle kulturføydalisme. At Musikklandet faktisk peikar på desse problema er positivt – men det undergrev poenget når utgreiinga likevel omtalar DKS som ei vidareføring av Rikskonsertene.
Fylka eig DKS, men ingen held fylka i tøylene. Kunstnarane står på utsida – eit problem Musikklandet rett nok anerkjenner, og forsøker å bøte på. Dei foreslår fleire tiltak for å styrkje kunstnarleg medverknad, mellom anna betre dialog, auka fagkompetanse hos bestillarane og respekt for kunstnarisk eigenart.
Men forslaga kunne vore meir slagkraftige. Det burde vere openbert: Kunstnarøkonomien i DKS må utgreiast. Utan ei slik utgreiing veit vi ikkje kva uttrykk som faktisk får støtte – og kvifor. Vi veit ikkje om midlane i DKS faktisk bidreg til likestilling av uttrykk, eller berre reproduserer eksisterande skeivfordelingar bak eit inkluderande språk.
Dette opnar for ei utvikling der DKS – og til dels òg Musikklandet – risikerer å undergrave sine eigne mål. For utan openheit om pengestraumar og utan forpliktande strukturar for kunstnarleg medverknad, blir likestillinga redusert til ei uforpliktande formulering.
Dette gjer DKS sårbart. Systemet framstår ineffektivt og uklart, og blir dermed eit lett mål for kuttvilje hjå politiske aktørar som stiller spørsmål ved verdien av kulturmidlar. Dette tener korkje barna, kunstnarane eller kulturlivet som heilskap.
Likestilling i DKS: Frå ideal til handling
Skal DKS overleve som eit kulturpolitisk prosjekt, meiner eg – i likskap med Musikklandet – at makta må delast med dei som står for det kunstnarlege innhaldet. Det trengst ein reell og forpliktande dialog mellom forvaltning og kunstnarar. I ei tid der avstanden mellom kunstnarleg praksis og politisk styring veks, er behovet for eit tydeleg løft av musikken større enn nokon gong.
Musikken er det største uttrykket i DKS, men manglar ei samlande fagleg forvaltning. Han går att i dei fleste sjangrar og kunstformer – men glimrar med sitt fråver i dei strukturane som formar framtida.
Eg kan ikkje sjå føre meg eit nytt tiår utan at eit kraftfullt, kunstnarinitiert løft for musikken kjem. Først når makta delast og strukturar for kunstnarleg medverknad er på plass, kan vi byrje å snakke om reell likestilling. Inntil då er det berre språk utan substans.














