
Illustrasjonsbilete. Her er Ha-Bo-Na-korpset frå Sarpsborg kommune under Korpsfest i juni 2022. (Foto: Feber Film)
Regjeringa gir 6,5 millionar kroner til ein ny tilskotsordning som skal få fleire barn og unge inn i korps og orkester.
– Eg har sjølv erfart kor viktig eit korps kan vere for å motverke utanforskap og skape samhald, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. – Vi må gjere ein skikkelig innsats for å auke deltakinga i korps og orkester.
No fordeler regjeringa 6,5 millionar kroner til ein ny tilskotsordning.
I arbeidet med kulturfrivillighetsstrategien spelte aktørane på feltet sjølv inn at dei såg behov for å trappe opp inkluderingsinnsatsen. Denne tilskotsordninga er eit av tiltaka i strategien, melder Kultur- og likestillingsdepartementet.
LES OGSÅ: Nær en milliard i spillemidler til den kulturelle grunnmuren
Regjeringa arbeidar på fleire område for at fleire barn og unge skal få moglegheit å ta del i kultur, idrett og friluftsliv. Ein tredel av barna som kjem frå familiar med låg inntekt, låg utdanning og lite nettverk, deltek ikkje i faste fritidsaktivitetar.
– Korps og orkester gir barn og unge unik moglegheit for å kjenne på samhald. Dei er lim i lokalsamfunna og viktige møteplassar over heile landet, seier Jaffery.
Regionale musikkråd skal velja ut tiltaka som skal prioriterast i samråd med nasjonale musikkorganisasjonar, og midla skal gå til lokale musikklag og foreiningar.
– Eg trur lokale korps og orkester best veit kva som skal til for å nå ut til fleire. Difor gir vi organisasjonane moglegheit til å sjølv bestemme kor midlane skal brukast, seier kultur- og likestillingsministeren.















