Hopp til innhald

Nils Økland med lanseringskonsert måndag

Måndag 8. november kl. 19 blir det lanseringskonsert på Deichmanske Hovedbibliotek for den kritikarroste spelemannen Nils Økland. «Bris» er Økland sitt tredje album, og det første der han sjølv har skrive praktisk talt all musikken. – Nils Økland er ein innovativ musikar som på eit kreativ sett utvidar grensene for norsk tradisjonsmusikk, skriv Folkemusikkatalogen, som har kåra Haugesundaren til Månadens Artist.

— Nils Økland er ein innovativ musikar som på eit kreativ sett utvidar grensene for norsk tradisjonsmusikk. Han er ein fornyar av folkemusikken, ein brubyggjar til genrar som klassisk, samtidsmusikk og improvisasjonsmusikk. Spelet hans kombinerer fridom med respekt for den musikalske nasjonalarven. Han er opptatt av å verne om den munnlege tradisjonen samstundes som han ser moglegheitene i musikken når den blir påverka av moderne impulsar, skriv nettstedet til Norsk Folkemusikkatalog, som vert driven av Norsk Folkemusikkformidling, på initiativ frå Norsk Folkemusikk- og Danselag og i samarbeid med Landslaget for Spelemenn.

«Bris» er Økland sitt tredje album, hans andre for Rune Grammofon, og det første der han sjølv har skrive praktisk talt all musikken. Dette understrekar interessa hans for å bevege seg i nye retningar og for å utforske nye moglegheiter både i instrumentet og i sjølve spelet. Musikarane han har med seg på denne plata er i seg sjølv eit tydeleg bevis på genreblandinga, med Sigbjørn Apeland (harmonium) – som også var med på dei førre albuma «Blå Harding» og «Straum» (RCD 2015).

Per Oddvar Johansen (perkusjon) og Mats Eilertsen (kontrabass) er unge veteranar frå den blomstrande norske jazz-scena, mens Håkon Stene (perkusjon), kommer frå den klassiske verda. Deler av albumet er basert på musikk Økland skrev for «Melankolika», et skodespel basert på Jon Fosse sin roman om biletkunstnaren Lars Hertervig (1830-1902).

Media har vore særs begeistra for dei tidlegare utgjevingane til Økland, og Folkemusikkatralogen bringer vidarer følgande skamros: «If this is holy music, it is for a space church, at once ethereal and heartily substantial.» (The Wire, UK) «Ektefølt og heftig, det mest spennende energisenteret i norsk folkemusikk». (Dagbladet) «Ekstraordinært, genuint og spennende»(Aftenposten) «Vakkert og magisk, Øklands musikk har virkelig substans.» (Dagsavisen) «Historisk. Det er musikarar som Økland som vil bli hugsa som pionerar.» (Spelemannsbladet) «Høydepunktene er så mange at å peke ut favoritter er vanskelig. Anbefales på det varmeste.» (Morgenbladet) «A series of exquisite moments». (FolkRoots, UK).

Nils Økland er ikkje berre ein av dei mest kjende og respekterte hardingfelespillere her heime, men og ein fornyar av folkemusikken og ein brobyggar til både samtidsmusikk, klassisk og improvisert musikk. Spennvidda er stor, frå vakre melodiske balladar til svevande lydmaleri og intense solostykker.

Nils Økland var musikalsk leiar ved Ole Bull Akademiet i 6 år, har vore solist med ulike orkester og ensemble ute i Europa, og har gjort fleire turnear for Rikskonsertene. Han har urframført fleire verk for solo hardingfele og med orkester, i tillegg til at han også komponerer mykje av sitt konsertrepertoar.

For tida er han medlem av Christian Wallumrød Ensemble med Per Oddvar Johansen. Han har medverka ved dei fleste norske festivalane, og er ein hyppig gjest under Festspela i Bergen. Økland har gitt konserter i dei fleste europeiske land.

Konserten på Deichmanske hovedbibiotek finn stad måndag 8. november, klokka nitten. Med seg har han Sigbjørn Apeland (harmonium) og Håkon Stene (perkusjon).

Fleire Månadens Artistar – med lydeksempler og meir bakgrunnstoff – finn du på denne sida hos Norsk Folkemusikkatalog. Månadens artist i oktober var Karl Seglem, og i september trioen Trispann.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Andreas Ljones

Felefenomen på vei ut i verden

21. mai uteksamineres verdens første diplomstudent på hardingfele fra Norges Musikkhøgskole. Noen dager senere er Andreas Ljones solist med Trondheim...

Øyonn Groven Myhren

Mangfold på Telemarkfestivalen

Konsertprogrammet for Telemarkfestivalen 2. – 5. august er lagt ut. Bland dei 120 utøvarane finn vi navn som Márta Sebestyen,...

Quest Quartet

Etterdønninger på Blå

Safe as Milk-festivalen er en liten festival for kunst og uavhengig musikk i den lille byen Haugesund. For andre år...

Økland, Underdal, Kroken (Collage: Norsk Folkemusikk og Danselag)

Opningskonsert og tingingsverk for hardingfele til Osafestivalen og Ultima

Osafestivalen på Voss og samtidsmusikkfestivalen Ultima i Oslo har i år gått saman om å tinge verk for solo hardingfele....

Nils Økland i Wire

Et av verdens beste musikkblader, engelske The Wire, er nå ute med sin utgave nummer to hundre. For å feire...

Nils Økland

Engelsk suksess for Nils Økland

Nils Økland får svært god omtale i det nyeste nummeret av det engelske tidsskriftet Wire. I tillegg gjorde han nylig...

Flere saker

Plaketten til æresprisen fra Nordisk Komponistråd til Ung Nordisk Musikk (UNM)

Nordisk komponistråds ærespris 2019 til Ung Nordisk Musikk

Organisasjonen som presenterer unge nordiske komponister får prisen for ekstraordinær innsats for nordisk komponistliv.

Semifinalistene i Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse

Astrid Nordstad fra Trondheim semifinalist

Trondheim-sopranen en av 12 sangere som går videre til semifinalen i Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse søndag 18. august.

Mathias Halvorsen

Mathias Halvorsen: Piano, Peaches og pandemi

Den norske pianisten Mathias Halvorsen syns den klassiske musikken kan bli stiv og upersonlig. Men ti år med Peaches har...