Hopp til innhald
Økland, Underdal, Kroken (Collage: Norsk Folkemusikk og Danselag)

Opningskonsert og tingingsverk for hardingfele til Osafestivalen og Ultima

Osafestivalen på Voss og samtidsmusikkfestivalen Ultima i Oslo har i år gått saman om å tinge verk for solo hardingfele. Føremålet har vore å setja fokus på instrumentet for vår tids komponistar. Dei fem komponistane, Michael Finnissy, England, Malin Bång, Sverige, Kevin Volans, Irland, Kunsu Shim, Korea og norske Asbjørn Schaathun har på førehand fått eit innblikk i dei tradisjonelle uttrykksformene ein har på hardingfela.

Intensjonen har vore at verka skal kunne utøvast av ein spelemann slik at det vil klinge på instrumentet. Dei tre utøvarane som er plukka ut til dette prosjektet er Nils Økland, Liv Merete Kroken og Lars Underdal, heiter det hos Norsk Folkemusikk- og Danselag, som har vald desse konsertane som Månadens Artisfgfokus for oktober 2003.

Nils Økland er ein særs kreativ og oppsiktsvekkjande hardingfelespelarar, ein allsidig utøvar på fiolin og hardingfele som har brukt mykje tid på fleire stilar innan både folkemusikk og klassisk musikk. Han er frilans musikar involvert i mange ulike prosjekt og har gjeve ut 2 soloplater med mykje eigenprodusert musikk. Bakgrunnen hans gjorde han til eit naturleg val for eit prosjekt som dette

Liv Merete Kroken og Lars Underdal var begge studentar ved fyrste kullet på Spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet. Med bakgrunn i heimbygda Hornindal i Nordfjord er Liv Merete Kroken utøvar av musikk frå Nordfjord til Hardanger. Utover å vera soloutøvar har ho i lag med Sigrid Moldestad duoen Spindel, og dei to med Unni Løvlid trioen Fjøgl. Repertoaret i desse to gruppene byggjer på både tradisjonell musikk og ein del eigenprodusert materiale.

Lars Underdal voks opp i Vinje i Telemark og har difor felespel frå Telemark som sitt basisrepertoar. Han er med i gruppa Blåmann Blåmann som dei siste åra har vore aktive både på festivalar, turnear og enkeltkonsertar. Sist år var han solist med Sinfonietta Dresden i «Violintripelkonzert» av Karsten Gundermann, under Dresdner Tage der zeitgenössischen Musik. Han har og vore med på fleire CD-plater og gav i 1998 ut plata «Gullfakse» på NOR-CD.

Om du vil lese meir om utøverane, kan du gå vidare til denne sida hos Norsk Folkemusikkkatalog.

Prosjektet er støtta av Lindemans Legat, Landslaget for spelemenn og Fond for utøvende kunstnere. Opningskonserten på Osafestivalen finn stad på Nain, fredag 10. oktober kl. 19, mens konserten under Ultimafestivalen blir å sjå i Lindemansalen, sundag 12. oktober kl. 15. Heimesidene til Osafestivalen finn du her, medan Ultima har denne nettadressa.
 

Ledige stillinger

Relaterte saker

Nils Økland

Osafestivalen: Urframføringer, tingingsverk og Ultima-samarbeid

Profilen til Osafestivalenpå Voss er å vera eit møtepunkt mellom klassisk musikk og folkemusikk. Namngjevar til festivalen er Sigbjørn Bernhoft...

EYFO, Voss (Foto: Jan Lothe Eriksen)

EYFO med avslutningskonsert på Osafestivalen

European Youth Folk Orchestra er samansett av 11 unge folkemusikkutøvarar i alderen 20-28 år frå 9 ulike europeiske land. Hardingfeleutøvaren...

Håkon Høgemo (dårlig bilde)

Om Osafestivalen 2001

Osafestivalen slutta sundag etter ein konsert med Bergen Domkantori som framførde verk av Eivind Groven. Det var den siste av...

Nils Økland

Engelsk suksess for Nils Økland

Nils Økland får svært god omtale i det nyeste nummeret av det engelske tidsskriftet Wire. I tillegg gjorde han nylig...

Nils Økland i The Wire

Et av verdens beste musikkblader, engelske The Wire, er nå ute med sin utgave nummer to hundre. For å feire...

Quest Quartet

Etterdønninger på Blå

Safe as Milk-festivalen er en liten festival for kunst og uavhengig musikk i den lille byen Haugesund. For andre år...

Flere saker

– Vi ønsker å skape et fellesskap der komponister eier sin egen musikk og kan publisere enkelt og raskt, sier daglig leder Tove Kragset, som står bak Nye Noter.

Et nytt notefirma for komponister – av komponister

Nye Noter gir komponister full kontroll over sine egne verk. Daglig leder Tove Kragset forteller om visjonen, samarbeidet og planene...

Ukraina mur flagg

TONO stanser alle utbetalinger til Russland

TONO og søsterselskapene Koda (Danmark), Teosto (Finland) og Stef (Island) stanser utbetalinger til det russiske kollektive forvaltningsselskapet RAO (Russian Authors’...

Min jobb er å åpne et landskap som gjør at publikum selv kan gå inn og føle, sier lyttelosen Annabel Guaita

LYTTELOSEN ANNABEL GUAITA: Klipp fra foredrag

Her kan du se en miniversjon av Annabel Guaitas Lyttelos-foredrag.