Hopp til innhald

EYFO med avslutningskonsert på Osafestivalen

European Youth Folk Orchestra er samansett av 11 unge folkemusikkutøvarar i alderen 20-28 år frå 9 ulike europeiske land. Hardingfeleutøvaren Åse Teigland er norsk medlem i orkesteret, og musikken kjem frå dei einskilde utøvarane sine eigne tradisjonar og heimland. Sundag 13. oktober spelar dei under Osafestivalen på Voss.

Åse Teigland er norsk medlem i European Youth Folk Orchestra (EYFO), som skal spele avslutningskonsert på Osafestivalen i oktober.

På konserten får ein høyre alt frå rolege barnesullar sunge med enkelt tonefølgje til ei heftig spansk suite med heile gruppa! På vegen fram er ein innom norsk brureslått, svensk polska, fransk bouree, italiensk masurka – og mykje meir. Arrangementa er av musikalsk leiar Pär Moberg frå Sverige.

I mai i år vart CD-plata «Enfants terrible» gjeve ut på det italienske selskapet Ethnosuoni. Plata er ei samling av konsertopptak gruppa har gjort.

Orkesteret hadde verdspremiere i Vercelli i Italia i juni 2001, og er skipa av European Network Of Traditional Music and Dance», der NFD er norsk medlem. EYFO vert driven med støtte frå EU-kommisjonen sitt Culture 2000-program.

EYFO er Anna-Kristina Widell, Sverige (nyckelharpe), Pär Moberg, Sverige (arrangement, dirigent, saksofon og didgeridoo), Johannes Uhlmann, Tyskland, (diatonisk accordeon- melodeon og fele), Åse Teigland, Norge (hardingfele), Anna Tabbush, England (vokal, fløyte og fele), Holly Sheldrake, England (fele, vokal og piano), Marco Domenicetti, Italia (blokkfløyte og piffero), Jerome Liogier, Frankrike (dreielire), David O’Connell, Irland (bozouki og gitar), Piia Kleemola, Finland (fele, bratsj og kantele) og Pablo Martin, Spania (perkusjon).

Åse Teigland frå Utne i Hardanger, som er Noregs representant i The European Youth Folk Orchestr,a er ein av landets unge, dyktige hardingfelespelarar. Solomusikken er hennar hovudinteresse, men ho satsar også på å bruka instrumentet i ulike samansetningar. Dette har ført ho ut på mange konsertturnear. Ho er elles medlem av gruppene Åtte potte og Skrekk, og ho har vore på Rikskonsertturne i fleire fylke.

Denne artikkelen er publisert i samarbeid med Norsk Folkemusikk- og Danselag, som du kan lese mer om ved å gå hit.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Håkon Høgemo (dårlig bilde)

Om Osafestivalen 2001

Osafestivalen slutta sundag etter ein konsert med Bergen Domkantori som framførde verk av Eivind Groven. Det var den siste av...

Nils Økland

Osafestivalen: Urframføringer, tingingsverk og Ultima-samarbeid

Profilen til Osafestivalenpå Voss er å vera eit møtepunkt mellom klassisk musikk og folkemusikk. Namngjevar til festivalen er Sigbjørn Bernhoft...

Økland, Underdal, Kroken (Collage: Norsk Folkemusikk og Danselag)

Opningskonsert og tingingsverk for hardingfele til Osafestivalen og Ultima

Osafestivalen på Voss og samtidsmusikkfestivalen Ultima i Oslo har i år gått saman om å tinge verk for solo hardingfele....

Osafestivalen

Osafestivalen 2006

Odd Nordstoga, Tindra, Steinar Ofsdal og Majorstuen er blant artistene som kommer til den 16. Osafestivalen på Voss. Det blir...

Osafestivalen

Osafestivalen starter torsdag

Osafestivalen finner sted på Voss 25.–28. oktober 2007 med blant andre Kvarts, Knut Buen og Terje Isungset på programmet.

Osafestivalen08/Foto: www.osafestivalen.no

Osafestivalen starter torsdag

Årets festival finner sted 23-26. oktober og setter fokus på musikk og identitet.

Flere saker

Viggo Krüger

Musikkterapi til de heldige få, eller musikkterapi til alle som trenger det?

Tilbud om musikkterapi, som kan virke positivt i alle faser av livet, er ujevnt og urettferdig fordelt. Det må nå...

Erik Egenes i Bylarm og Simen Korneliussen i Vill Vill Vest krangler om kalenderen

Bylarm provoserer «lillebror»: – At de med viten og vilje prøver å skyve oss bort fra denne helgen reagerer vi sterkt på

Bylarm flytter til samme helg som den regionale bransjefestivalen Vill Vill Vest: – Ukollegialt.

Inferno – panel – hatytringer i BM

Oppspark til årets Inferno: Gjenhør med debatt om hatytringer i black metal

Ballade radio: Varm opp til metalfestivalen med den heite debatten om hatytringer i black metal fra fjorårets festival, med et...