Hopp til innhald

Visuelt audiovirus: Motorpsychos festspilldebut

Motorpsycho sin Festspilldebut var utakknemleg og sterk. Stor innleving, nøyaktighet og raffinert instrumentbruk. Motorpsycho gav alt til dei skremmande Coleman-måleria i Håkonshallen i går kveld. Betre musikk passar ikkje inn i ein gotisk sal. Bileta passar kanskje best inni Coleman. Kanskje ikkje. Det var samtale-emnet på byen i natt.

Crossover-konseptet «Outsider Art» var ei krevande forestilling. Storarta musikk løfta skrikande bilete. Dette er ei krevande form for konsert. Korleis fokuserar ein – for å få all ljod og alle fargar med seg? Det var stor mental avstand mellom dei tre musikalske opplevingane i går. «Nordic Voices» song Gesualdo med stor overbevising. Bileta dei fulgte tonalt heitte «Humanscapes». Ei utbretting av vondskap.

Rotnande grå lik
Stønnande menn. Sugande kvinner. Kreftsår
Satan runka, rulla ut tunga. Raude skår
i eit barneanlet. Drap.Drap. Drap. Drap.
Rotnande grå lik. Sitat frå Det Gamle
Testamentet. Sinte målingstrok.
Himmelrop. Sorg. Sterke skremmande fargar.
Sirklar. Udyr. Myrke skyer.
Virvlar. Helvete. Kniv mot hud.

Nobelsekvensen
Den fullpakka Håkonshallen såg fram til avslutninga: Motorpsycho. Ein i salen kommenterte dei slik: – Etter den valdeleg sterke Gesualdo-avdelinga er det umogleg å spele rock’n roll! Ingen fekk rock’n roll. Tvert om – eit abstrakt ljodbilete prega av Audioviruset til Helge Sten satte kursen. Dei akkompagnerte portretter av mellom anna massemordarar, Hank Williams og Alfred Nobel. Sekvensen med Nobel og dynamitt var veldig god.

Partch for fyrste gong
Forestillinga opna dei fredsæle bileta til Henry Darger. Bilete av tusenvis med småjenter – med og utan klede. Nokre flyg med sommarfuglvengjer i eit blomehav. Andre kjempar mot skumle vaksne menn. AFMM (American Festival for Microtonal Music) Ensemble spelte. Dei sære instrumenta komponisten Harry Partch er ein av grunnane til at han aldri er spelt i Noreg før. Det var ei sensasjon i seg sjølv. Mange tykkte dette var uvant. Mikrotonal musikk høyrast konstant sur ut. Slik skal den vere. For Partch-fans i salen var dette stort! Andre fekk berre overdose – ettersom forestillinga gjekk sin gong. Då Coleman-bileta kom på storskjermen var det fleire som ikkje orka meir. Ikkje pga. musikken.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Pep Bou

Romvesen og larvar

Såpeboblemeisteren Pep Bou bør bli æresborgar av Bergen. Med fukt, såpe, blåserøyr og vatn forvandla spanjolen Bergensvèret. Til ein metafor....

Nattjazz med skravlemur

Festspillgeneral Jonsdottir kommenterte harking og hosting igår. Nattjazzen har hatt eit anna og tilsvarande problem: høglytt skravling. – Nokre av...

Arne Nordheim

Bajazz, Factory & slaktardisk

Ballade bringar vidare nye festpill-innstrykk. Norsk Komponistforening markerte sine i Bergen fredag. I Kjøttbasaren ved Fisketorget. Heldigvis nådde ingen av...

Arne Nordheim

Venezia-barokk & geriatri

To Festspilldagar er historie. Opningsdagen under Festspillene blei prega av skipsfløyter, kongepar og geriatri. Andre dag av storarta veneziansk barokk...

Festa Napoli

Lysår frå Saga Solreiser

«Festa Napoletana»‘ var eit anna innblikk i Middelhavskulturen. Lysår frå katalogspråket til Saga Solreiser. Festspillforestillinga i går kveld var ei...

Nils Økland

Gråvèret er attende

Idag firast dei fargerike Festspillflagga ned. Gråveret er attende i Bergen. Jonsdottir og Festspillleiinga fortener mange pust i bakken. Med...

Flere saker

Spotify – Minutes Listened

Strømmetjenestene er satt i spill

Strømmetjenestene har transformert musikkbransjen og kunstnerøkonomien, men det har skjedd lite med den grunnleggende modellen for hvordan pengene fordeles. Før...

Svein Terje Torvik Foto: Foto: Kim Erlandsen

Svein Terje Torvik blir kurator ved Henie Onstad Kunstsenter

NRK-journalisten får ansvar for musikk og performance ved museet på Høvikodden.

Arvid Skancke Knutsen, her fra et besøk på House of Foundation Moss, 18. desember

Ballade 20 år på nett – en elektronisk medieveteran

I anledning feiringen av Ballades 20 år på nett bringer vi her et ferskt intervju med Ballades første nettredaktør, Arvid...