Jovan Pavlovic trio og Ahmad Al Khatib spelte for folkehøgskuleelevar i Østfold. Kvar går grensa mellom ein skulekonsert og ein “vanleg” konsert for vaksne, spør Olav Opsvik.

Boundless - Jovan Pavlovic Trio med Ahmad Al Khatib, © Olav Opsvik

Trekkspelar Jovan Pavlovic frå Trondheim tok sitt splitter nye prosjekt, Boundless, ut på skule- og fengselsturné i Østfold førre veke. I presentasjonen på nettsidene til Den kulturelle skolesekken ligg fokuset på musikarane sin bakgrunn og musikken sine grenseoverskridande eigenskapar, og under konserten for elevane ved Skjeberg folkehøgskole, som for høvet var blitt bussa til Greåker vidaregåande skule, lot dei i houvdsak musikken snakke for seg sjølv.

Då eg kom til black box-en i Greåker var det vesle rommet heilt fylt opp av folkehøgskuleelevar, og Pavlovic og bandet sat klar til å setje i gang. Men i gymsalen ved sidan av var det høg musikk, så vi måtte alle sitte stille nokre minutt og vente på at det skulle slutte å dundre gjennom veggane før konserten kunne byrje. Slikt blir det ganske uformell stemning av.»

Sofistikert groove
Konserten starta med ein stødig, roleg groove med ein enkel, men effektiv melodi. Ahmad Al Khatib på oud gjekk i spissen og synte seg som ein autoritativ instrumentalist, med rytmisk overskot som gjerne kan gå litt inn og ut av grooven, og ikkje minst gjennomførte han små, lekre utbroderingar leikande lett.

Dei to påfølgande låtane blei levert i same stil, med sofistikert groove og lette melodiar, og det er tydeleg at Pavlovic har samla eit solid band. Bassist Gjermund Silset heldt det relativt minimalistisk, men veldig stødig saman med den svært karakteristiske perkusjonisten Helge Norbakken. Eg kan sjå føre meg at sistnemnte kan framstå like eksotisk for publikum som Khatib og Pavlovic som har bakgrunn frå høvesvis Jordan/Palestina og Serbia.

I kjent stil laga Norbakken nesten like mykje lyd med munnen som med trommesettet sitt, som består av ei djembe, ein svært djupt stemt golvtam, nokre bilfelgar, gongar og symbalar, og ei svært lita basstromme som gav meir “kick” enn bass. Norbakken heldt definitivt grooven, men utbroderte rytmane nærast konstant, og tok stor plass i lydbiletet. Svært fint og ekspressivt!

Boundless – Jovan Pavlovic Trio med Ahmad Al Khatib Foto: Nina C. Dahl

Tiltalande lydbilete
Samansmeltinga mellom oud og trekkspel over den fleksible og rause rytmeseksjonen skapte ei spennande og god musikalsk stemning, og sjanger- og stilmessig var det i sanning grenseoverskridande. Låtane, nokre skrive av Pavlovic og andre av Khatib, skapte assosiasjonar til både Midt-Austen, Nord-Afrika, Balkan og Noreg hos meg. Der var få eksplisitte referansar, men stilmessige grep i til dømes dei skeive taktartane og musikalske troper frå både oud og trekkspel som skapte desse. Og Norbakken er jo eit referansemessig kapittel for seg sjølv.

Les også: Formiddagsklubbing

Samtidig kjentes dette litt flatt dynamisk i byrjinga, der låtane sklei litt inn i kvarandre og baud på få høgdepunkt. Det tok seg opp etter kvart, og særskild Khatibs låtar var spesielt vakre og meir dynamiske. Likevel blei dette aldri ein konsert med dei store formkurvene.

Vanskeleg målgruppe?
Denne litt flate dramaturgien blei også forsterka av det noko uentusiastiske samspelet med publikum både under og (spesielt) mellom låtane. Bandet og låtane blei introdusert kort, og dei ulike bakgrunnane som vert så klårt vektlagt hjå heimesidene til Den kulturelle skolesekken blei kjapt nemnt før ein gjekk vidare.

Eg har ofte tenkt at det alltid er ei fare for at skulekonsertar på dagtid kan bli nett slik. Klokka halv ett ei tysdag ettermiddag er ikkje det mest ideelle tidspunktet for å gå inn i eit mørkt, lite rom og oppleve musikk. I tillegg kjem dette med at elevane strengt teke ikkje er der frivillig — det er alltid ein potensiell faktor som kan påverke stemninga. Denne tysdagen på Greåker lurer eg på om musikarane også var litt usikre på målgruppa.

Men kanskje eg er litt streng: Det var tydeleg at elevane sette pris på musikken då det heile var over og dei fekk høve til å kome fram og ta ein prat med bandet.

Folkehøgskuleelevar, stort sett mellom 18 og 20 år, er verken umyndige skuleelevar eller heilt vaksne. Den pedagogiske tilnærminga i møte med denne gruppa er nødvendigvis ein annan enn ovanfor elevar i grunnskulen — kanskje skal den tre fram i langt mindre grad — men det er likevel ein skulekonsert og ikkje ein kveld på ein jazzklubb med vaksne som søker avkopling og underhaldning. Det krev noko særeige av utøvarane.

Konsert er høgtid!
For: Konsert skal vere høgtid! Og rammene ein skapar for opplevinga har alt å seie, om det no er ved å slå av ein vits eller på andre måtar minska avstanden ut frå scena, for å løfte musikken opp dit eg vil tru desse musikarane meiner den høyrer heime.

Les også: Eit spel på spedbornlydar

Publikum applauderte høfleg, men gav elles lite respons undervegs. Men kanskje eg er litt streng: Det var tydeleg at elevane sette pris på musikken då det heile var over og dei fekk høve til å kome fram og ta ein prat med bandet. Mange kom fram, snakka entusiastisk med musikarane og studerte instrumenta.

Hadde bandet visst at den responsen kom ville dei kanskje tort å spele meir på entusiasmen undervegs i konserten. Kanskje til og med løfta musikken nokre hakk. Eg trur også dei ville henta fram meir av energien frå publikum, før det heile var over, om dei sjølve hadde rista litt laus og gitt meir frå start.

Boundless – Jovan Pavlovic Trio med Ahmad Al Khatib turnerte skular og fengsel i Østfold 31. oktober til 2. november. Olav Opsvik besøkte konserten ved Greåker vgs, 31.10.2017

Publisert:

Del: