Winter Choir: Ekebergparken Foto: Vegard Kleven

Eksperimentell koranresitasjon

Kunstnar Johanne Laache utfordrar norske kor til å improvisere fram tolkingar av koranvers. – Det er ikkje alltid lett å vite om ein slik idé er riktig eller ikkje, seier Laache om arbeidet med å navigere i det religiøse.

NyhetKunstmusikk

Laurdag 2. september vart skulpturar i skulpturparken på Ekeberg flankert av dresskledde, norske korsongarar med høyretelefonar. Dei song noko som i større eller mindre grad kunne minne om arabisk, med varierande volum og med svært ulike uttrykk. Songarane var spreidde, og stod kvar for seg ulike stadar i parken.

Dette var første del av prosjektet Winter Choir til kunstnar Johanne Laache. Oslo domkor var første kor ut, før Kvindelige Studenters Sangforening held fram i Grønland kirke 16. september, og kammerkoret Ensemble 96 avsluttar i Kulturkirken Jakob 21. oktober

Kunstnar Johanne Laache har gitt alle songarane ein fem minutt lang resitasjon av eit koranvers som vert spelt igjen og igjen, med ulik lydstyrke, gjennom den timen framføringa varar. Songarane si oppgåve er å gjengi og tolke det dei høyrer – utan å førebu seg. Dette grunnkonseptet vil vere det same i dei to resterande framføringane. Ballade spurte Laache om erfaringane etter den første omgangen i prosjektet.

– Dette må vere utfordrande for dei involverte korsongarane?

– Ja, det var nok det! Eg trur også det vil vere forskjellig for ulike kor og songarar. Ensemble 96 har jobba mykje med improvisasjon, medan det ikkje naudsynleg er slik for songarane i dei to andre kora. Men same kva erfaring ein har er nok dette veldig annleis. Ein står heilt åleine, og kan ikkje vite kva som kjem til å skje.

– Korleis gjekk den første framføringa i Ekebergparken?

– Eg vil seie det gjekk veldig bra! Det er rart når ein har jobba med noko i over to år, og så plutseleg skjer det. Mange tilbakemeldingar tilsa at publikum såg veldig mykje i framføringa, også ting eg ikkje hadde tenkt over sjølv.

– Kva slags tilbakemelding har du fått frå songarane?

– I forkant var enkelte av songarane nervøse, både fordi dei ikkje fekk førebu seg, og det er så annleis, men også fordi det er ein tematikk som kan vere hårsår. Songarane eg har snakka med i etterkant har skildra det som ei spesiell oppleving, der dei kom inn i sone med kun seg sjølv og lydane dei skulle tolke. Slik sett gjekk det over mine forventingar, og eg hadde kanskje frykta at det kom til å vere meir slitsamt for dei.

– Som du seier kan enkelte oppleve dette som ein hårsår tematikk. Korleis har du gått fram for å velje ut versa frå Koranen? Har du vore i kontakt med nokon i eit islamsk miljø?

– I utgangspunktet var det tenkt at vi skulle bruke generelle religiøse «lydar», og at tematikken soleis skulle handle meir generelt om tolking av religion. Så spissa eg det meir mot islam og ville berre bruke koranvers, og innleia ein dialog med ein spesifikk moské i Oslo, om at eg skulle velje ut koranvers og at dei skulle ta opp resitasjon av desse. Men mitt utval av koranvers eg såg som verknadsfulle blei nok litt tilfeldige. Så til slutt landa eg på å bruke ei einskild, meir grunnleggande bøn og fokuser meir på melodien og lyden av resitasjonen. Sjølv om både eg og songarane veit kva teksten fortel, er ikkje den i fokus, og publikum får heller ikkje vite kva teksten betyr.

– Kvifor blei det slik at du valde islam, og det meir generelle fokuset på religion?

– Eg kan vel eigentleg berre snakke for meg sjølv, men eg trur islam er den religionen som flest menneske utan tilknyting til den har veldig klare idear om kva er. Utan at ein naudsynleg er heilt medviten om det, trur eg mange har eit veldig klart bilete av kva dei meiner ein muslim er og kva islam står for. Ein kan kalle det fordommar, men eg trur det berre er noko hjernen vår gjer når noko blir trekt fram i media heile tida. Difor trur eg rett og slett at islam er mest relevant, og at det er noko både eg og andre tenkjer mykje på heile tida.

– Men kunne du tenkje deg å snu på det? Å få muslimar til å framføre norske bøner, til dømes?

– Ja! I byrjinga, før dette blei gjennomført slik det er no, var tanken å ha to parallelle prosjekt, der den eine sida kunne vere til dømes eit kor med muslimar som kunne lytte til og framføre salmar frå salmeboka i ein moské på same måte som det no vert gjort med Koranen. Det sa litt stopp med moskeane, truleg fordi dei ikkje har for vane å bli brukt til slike kunstprosjekt. Og det var kanskje heller ikkje heilt opent for å bruke deira gudshus til å høyre tekstar frå andre religionar. Det er nok førebels meir tradisjon for å bruke kyrkjer på den måten.

– Har du lært noko så langt i prosessen? Noko som har overraska deg?

– Det er ikkje alltid lett å vite om ein slik idé er riktig eller ikkje. Særskild når ein jobbar med ein tematikk som islam er det lett for at ting kan kome feil ut. Eg tenkte ikkje i utgangspunktet at dette var politisk kunst, men det er jo på ein måte det. Så eg har fått erfare litt om kor utfordrande det kan vere å navigere i desse problemstillingane.

Kari Nøst Bergem er sopran i Oslo domkor. I utgangspunktet var ho skeptisk til delar av Laache sitt prosjekt.

– Eg var litt skeptisk, fordi eg var ikkje heilt sikker på om vi skulle vite tydinga av teksten vi skulle gjengi, eller om publikum skulle få utdelt teksten. Men då det enda med at ingen visste eksakt kva slags tekst vi tolka, synest eg at det vart ei fin og inkluderande oppleving, på den måten at det blei enklare for publikum å forhalde seg til det. Det var viktig for meg at dette materialet blei behandla for det det er, nemleg eit materiale som er svært viktig for mange. I beste fall kunne vår framføring bidra til at dei som vedkjenner seg den islamske trua føler seg sett og at dei er velkomne her, fortel ho.

Bergem har erfaring med musikk som møtepunkt for vestleg om muslimsk tradisjon frå før.

– Eg er også songar i SKRUK, og der har vi samarbeida mykje med muslimske musikarar frå fleire stadar. Musikk er eit hjartespråk som kan bidra til sterkt til gode møte mellom folk. Om slike prosjekt som Laache har skapt kan fungere som ein brubyggjar, er det veldig fint. Om publikum i skogen følte at dette blei behandla respektfult og ikkje blasfemisk er eg fornøgd. Eg synest også det var fint å få dette løfta ut i Ekebergparken. Skogen og naturen betyr mykje for nordmenn, og soleis var det flott å få tolke dette materielet i så erkenorske omgjevnadar.

Kunstprosjektet Winter Choir held fram i Grønland kirke 16. september og Kulturkirken Jakob 21. oktober.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Lyden av Gamle Oslo Gammaldans

Lyden av Gamle Oslo Gammaldans

Gamle Oslo Gammaldans er sju voksne folk som ikke spiller gammaldans. Opplev dem live på Ballade-arrangement i Gamlebyen i Oslo torsdag 27. mars.

Ballade på Parkteatret: Opera-premiere, musikkvideovisning og minikonsert søndag 23. mars

Ballade på Parkteatret: Opera-premiere, musikkvideovisning og minikonsert søndag 23. mars

Solveig Sørbø og Maria Kjos Fonn snakker om operaen "Heroin Chic". Rockemusiker Henning Andersen spiller utvalgte låter. Og vi viser et godt knippe nye musikkvideoer på skjermen.

Selma fra Hønefoss ble publikummer nummer en million i Bærum Kulturhus

Selma fra Hønefoss ble publikummer nummer en million i Bærum Kulturhus

Selma Hasund Poole (18) fra Hønefoss ble overrasket med konfetti, gavekort på danseforestilling og jazzfestival som besøkende nr. 1 million i Bærum Kulturhus i helgen.

Tord Gustavsen kåret til Årets europeiske musiker 2024 i Frankrike 

Tord Gustavsen kåret til Årets europeiske musiker 2024 i Frankrike 

Musikeren og komponisten dedikerer prisen til musikerkollegaer gjennom årene.

Ballade video: Våpen og ammunisjon

Ballade video: Våpen og ammunisjon

Vi setter fyr på kontoret med Honningbarna, Moddi, Don Juan Dracula, Hüskey King, Earth Moon Transit, Tor Kvammen, Kyra Snø, Heartland Countrytrio og Markella.

Om kunst og tankefrihet

Om kunst og tankefrihet

ESSAY: Plutselig er det å tenke egne tanker og la fantasien spinne fritt en radikal ting. Og her er kunsten ikke bare nyttig, den er essensiell, skriver Torstein Slåen.

Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio