Cosmopolite-grunnleggjar Miloud Guiderk mottok Kulturrådets ærespris 2017. Sjølv meiner han tildelinga er eit godt signal til norske kulturarbeidarar.

Miloud Guiderk, © Olav Opsvik

Cosmopolite scene, som sidan 2008 har halde til hjå gamle Soria Moria kino på Torshov, feirar eit kvart hundre år i november.

Det er 25 år med innsats for å gjere “verden litt mindre og Oslo mye større”, som arrangørstaben sjølv formulerer det. Med eit breitt og ganske eklektisk fokus på soul, fusion, jazz og eit større globalt spekter enn dei fleste andre klubbar i hovudstaden har dei balansert i eit sjikt mellom jazzklubbar og andre scener for populærmusikk, der både Oslo jazzfestival og Oslo World har vore jamne samarbeidspartnarar.

Mannen bak det heile er norsk-marokkanaren Miloud Guiderk, som flytta til Noreg i 1970. 20. september mottok han Kulturrådets ærespris 2017, for det rådet skildra som eit genuint engasjement og arbeid på konsertarrangørfeltet gjennom meir enn 40 år.

Signal til kulturarbeidarar
– Eg blei svært glad, men også audmjuk, fortel han i det vi tek ein prat på ein kafé like ved kontoret på Torshov. Guiderk pratar fort og entusiastisk, samtidig som han ser rett på meg med venlege auge.

– Cosmopolite har alltid vore ein dugnad, med masse folk som har gjort ein innsats i kulissene. Eg er også glad for at eg, som ikkje er kunstnar, men kulturarbeidar, fekk prisen. Vi har mange eldsjeler i Kultur-Noreg, og dette er eit signal til dei òg, meiner han.

Miloud Guiderk Foto: Cosmopolite scene

Før Guiderk kom til Noreg leia han eit herberge i heimstaden Casablanca. Der møtte han sin norske kjærast, og i 1970 førde dette han til Noreg. Med bakgrunn frå pantomime og teater i heimlandet var først planen å finne ein teaterskule, men slik blei det ikkje. Han tok til å arbeide ved Emma Hjorts hjem i Bærum – ein sentralinstitusjon for psykisk utviklingshemma.

Samtidig fann han inspirasjon og ein veg inn til kulturlivet gjennom Club 7, og det tok ikkje mange år før han sjølv byrja som arrangør. Først gjennom institusjonens eigen jazzklubb, Emmajazz, så Sandvika kino og seinare Musikkflekken i Sandvika, før Cosmopolite blei etablert på Majorstua i Oslo på 90-talet.

Scena har alltid hatt eit utfordrande og eklektisk program, og Guiderk trekker fram sin eigen oppvekst og bakgrunn som ein naturleg inspirasjon i tillegg til kreativiteten han opplevde på Club 7.

– På veg heim frå skulen i Casablanca kunne eg kjenne lukta av jødisk, berbisk, spansk, fransk og arabisk mat. Frå radioane utanfor restaurantane kunne eg høyre eit like variert spekter av musikk. Marokko er eit land prega av fusion av ulike kulturar. Slik fusion har også forma heile Europa. Fusion er ein fin ting, altså!, konstaterer han entusiastisk.

Engasjementet veks gjennom samtalen, og det intense blikket blir ofte kombinert med at han lett rører ved handa mi, når han verkeleg vil at eg skal følge med på det han seier. Guiderk er eit menneske med mange historier å fortelje, og som heilt tydeleg raskt kjem nært inn på dei han møter.

Skvisa ut to gongar
Medan Club 7 var i ferd med å gå under, henta Guiderk artistar som bluesgitarist Johnny Copeland og Chet Baker til Sandvika. – Artistane kom inn til Fornebu, spelte i Sandvika, drog tilbake til Fornebu og forlot landet. Folk i Oslo byrja å lure på kva i all verden som gjekk føre seg i Sandvika! Det var moro, fortel han.

Så vendte også han blikket mot Oslo og etablerte Cosmopolite i Industrigata på Majorstua. Sidan den gang har klubben blitt skvisa ut av lokala sine to gongar før dei kom til plassen der dei er i dag.

– Det at vi har blitt 25 år og klart å halde det gåande er det eg er mest stolt av, fortel han.

Les også: Cosmopolite er Årets jazzklubb 2017

– Først blei vi kasta ut av Industrigata då det kom ein gjeng frå Børsen som skulle ha diskotek for børsfolk. Ein drink skulle koste 100 kr, og det var i ’92!, fortel han lattermildt.

– Dei pussa opp for millionar og betalte dobbelt så mykje som oss. To år seinare gjekk dei konkurs, medan vi er framleis her. Så hamna vi i Møllergata, men blei skvisa ut der då Choice Hotel kjøpte heile bygget. Vi kom hit til Torshov i 2008, og her vonar eg vi kjem til å halde til lenge. Vi kler dette lokalet, og lokalet kler oss, slår han fast.

Ynskjer å skape varige prosjekt og inntrykk
Trass litt motstand har Cosmopolite førebels landa på Torshov og har stabil drift, med både jamn offentleg støtte og stødige billettinntekter. Guiderk er stolt av at klubben har bygd opp eit solid publikumsfundament med lyttarar som viser tillit og sjekkar ut artistar dei kanskje ikkje har høyrt frå før.

– Når eg ser tilbake på nokre av programpostane vi har hatt, til dømes såg eg nyleg på programmet vi hadde for 2-årsjubileet, så blir eg skremt og tenkjer: Er det mogleg at eg gjorde dette?

– Når eg ser tilbake på nokre av programpostane vi har hatt, til dømes såg eg nyleg på programmet vi hadde for 2-årsjubileet, så blir eg skremt og tenkjer: Er det mogleg at eg gjorde dette? På den tida hadde vi inga offentleg støtte, men booka tre gigantar som Screaming Jay Hawkins, Bill Frisell og pakistanske Nusrat Fateh Ali Khan i løpet av ein månad, minnast han.

Bak risikoviljen ligger eit ynskje om å skape konsertopplevingar som sit i folk lengje, forklarar han. På same måte har han også eit ynskje om at Cosmopolite skal få til å skape fleire bestillingar som blir til varige prosjekt.

– Eg saknar å få produsert prosjekt herifrå som får sitt eige liv. Vi har fått det til ein gang før, med bestillingsverket til vårt 15-årsjubileum. Der hadde vi Jon Balke med mellom andre Barokksolistene, amerikanske Jon Hassel, ein iransk perkusjonist, ein algersk fiolinist og den spansk-marrokanske songaren Amina Alaoui, fortel han.

– Den produksjonen er eg svært stolt av. Svært få av dei involverte kjente kvarandre frå før, men etter nokre dagar øving såg eg dei legge arma rundt kvarandre på veg til lunsj. Musikarar med bakgrunn frå fire ulike kontintent skapte noko verda aldri har høyrt før. Det enda med plate på ECM (Siwan journ.anm.), prisutdeling i Tyskland, og konsertar i Bergen, Stavanger, Trondheim, Oslo jazzfestival og Oslo World, fleire stadar i Europa og – ikkje minst – operaen i Kairo. Noko slikt vil eg gjerne sjå at vi får til igjen, seier han.

Jubileumsfestival
I november skal jubileet feirast med ein festival over ti dagar, og i kjend stil kan vi sjå eit spenn av stiluttrykk og musikarar frå ulike verdsdelar på programmet. Menneska bak Cosmopolite har ei eiga evne til å programmere litt ulikt sine kollegaer ved andre scener, ta risiko, og likevel ende opp med publikumsvinnarar. I november har me namn som den etiopiske nestoren Mulatu Astatke (ein gjengangar på Cosmopolite), men også nyare aktørar som Sun Kil Moon og José James.

– Festivalprogrammet er typisk Cosmopolite, seier han. – Med dette ynskjer vi å vise fram kva vi kan og få fram breidda i vår operasjon.

Samtidig som Guiderk er stolt av festivalprogrammet vil han like gjerne fortelje meg om St. Paul & The Broken Bones, som heldt konsert på Torshov i januar. – Sjekk ut dei, så ser du kva du har gått glipp av! oppmodar han. Konserten var ei stor oppleving for Guiderk, også på grunn av publikums respons.

– Stemninga publikum skapte den kvelden er det som gir meg store forhåpningar for framtida til Cosmopolite. Om artistar som trekker til seg 4000 publikumarar i Paris får 500 i vesle Oslo, så går dette bra, vonar han.

Cosmopolite scene feirar 25 år med jubileumsfestival 8.-18. november.

Publisert:

Del: