Lemaitre dukkar stadig oftare opp på festivalplakatar og i ulike nyheitsoppslag. Dei unge mennene frå Ullern i Oslo har blitt samanlikna med Röyksopp, og musikken deira har klatra høgt opp på lister i både Canada, Frankrike og Australia.
Eg treffer duoen saman med øvrige musikarar, crew og manager etter lydprøva ved Tou scene, i høve Numusicfestivalen i Stavanger. Det er hektisk rundt dei både under og etter lydprøva, men det er tydeleg at dei er godt vande med dette, og ingen er særleg stressa.
Vi finn vegen backstage og tek det heile frå byrjinga.
Les også: Lite nytt ved Numusic
– Gjekk så sinnsjukt bra
Sommaren 2010 bestemte Ulrik Denizou Lund (22) og Ketil Jansen (22) seg for å satse på musikken. Gutane var nettopp ferdige med vidaregåande og la alt anna til side.
– Vi starta i kjellaren hos meg, og tenkte vi skulle ta i alle fall eit halvår der vi prøvde å drive med musikk. Så gjekk det så sinnsjukt bra, fortel Ketil Jansen.
Ut over linken til Röyksopp er der tydelege referansar til visse franske band i musikken deira. Ketil og Ulrik har fleire felles inspirasjonskjelder.
– Begge likar mykje fransk musikk. Mykje Phoenix, Daft Punk og Justice, seier Ketil.
– Referansane er på ein måte berre musikken vi har vokst opp med å høyre på, skyt Ulrik inn.
Vegen frå studio til scena
Det er lett å vere samd i samanlikningane som blir nemnt. Med krispe bassriff og catchy melodiar kan Lemaitre på sitt beste høyrest ut som eit kjærleiksbarn mellom nettopp Phoenix og Justice: To band det ikkje er berre enkelt å leve opp til, om ein tenkjer på deira nøye gjennomførte og detaljerte produksjon. Denne problematikken melder seg særleg når ein skal ta musikken ut av studio til konsertsituasjonen.
– Korleis har de handtert steget frå studio til livearenaen?
— Frå å vere veldig DJ-baserte i starten har vi tatt vekk fleire og fleire element frå låtane, og erstatta det med fleire live-element, fortel Kjetil.
– Altså, eit kult DJ-sett kan vere like kult som ein kul konsert, men vi hadde lyst å spele sjølv, held Ulrik fram.
Derfor har Ketil plukka opp og lært seg gitar for å spele på konsertar. I tillegg har dei med seg Markus, ein kompis Ulrik møtte det halvåret då han var innom musikklinja på Foss vidaregåande. Ketil og Markus byttar på gitaren, medan alle tre trakterer synth. Ulrik tek seg også av MIDI-kontrolleren og styrer alt frå lyseffektar til samples, i tillegg til synginga.
Liveproblematikk
Det er ein kabal som skal gå opp, men på konserten same kveld får eg høyre ein tett samansveisa trio, av live gitar- og synthlyd. Samtidig er det lett å forstå at særleg bass- og trommelydane, med konstant variasjon av effektbruk og klang, er best formidla førehandsprogrammert.
Ketil vedgår at det ikkje berre er enkelt å ta med musikken til ein livesituasjon.
– Den største utfordringa med livespelinga vår er at mykje av det kule med musikken, og det vi brukar myke tid på, er lyddesign og produksjon. Det er ikkje noko som lagast live, seier han.
– Eg synest det er veldig dumt å kompromissere på kva du lagar, berre fordi det også må kunne gjerast live, konstaterer Ulrik.
– Så når du er i studio vil du ikkje tenke på at dette skal kunne gjerast live?
— Nei, nei! Eg vil tenke på det motsette. Kor mykje kulare er ikkje det å lage noko som ikkje kan lagast på ekte? Så kan ein gjere så godt ein kan med å gjenskape det live. Og noko må ein køyre på datamaskin.
Hardt arbeid
Så langt har det gått svært bra for Lemaitre. Med fire EP-ar på tre år og eit lass med konsertar, er det no planar om turné i Australia. Dei er òg booka inn til den legendariske klubben “Fabric” i London.
– Eg trur at ein av grunnane til at det har gått bra er at begge har vore villige til å legge alt i dette, seier Ulrik. – Det er mange som prøver, men som ikkje jobbar hardt nok.
For Lemaitre har vegen til internasjonal merksemd gått via internett, og den vegen kan det gå fort.
– Etter at vi hadde gitt ut den første eller andre sangen vår på Soundcloud fekk vi tilbud om å komme å spele i mellom anna Litauen og California, og etter kvart byrja vi med booking og fekk management, fortel Ulrik.
– Men føler de at de er ein del av ei større miljø i Norge?
– Eg føler ikkje at vi har eit miljø nokon stad. Det blir eventuelt dei vi tek kontakt med eller som kontaktar oss gjennom nettet, seier Ulrik. Det har på ein måte ikkje noko å seie kvar ein er frå lenger.
Gjennom nettet har dei innleia samarbeid med artistar frå fleire land, og Ulrik gir eit par døme:
– Vi har gjort samarbeid med Camo & Krooked, ein stor drum & bass duo frå Østerrike. I tillegg kjem til dømes Madeon, og masse andre forskjellige folk vi har komme i kontakt med fordi vi er fan av kvarandre. Men vi har aldri møtt nokon av dei, fortel han.
Kreativ kontroll
Lemaitre er framleis uavhengige, og har berre vore tilknyta ulike plateselskap gjennom lisensar, mellom anna Sony i Noreg.
– Vi kan godt vere på plateselskap, men det er viktig at vi har full kreativ kontroll, og kan gi ut ting når vi vil og bestemme kva slags format vi vil jobbe i, meiner Ulrik.
– Vi har ikkje så stort problem med at folk seier “det hadde vore kult viss eit eller anna skjer der”, men det er den kjensla ein får når ein høyrer “ja, vi diggar det du gjer, men…”, forklarar Kjetil.
– Vi gjer alt sjølv. Heilt frå starten til slutten, med mastring og alt det der, seier Ulrik. – Det er ingen andre som røyver det på vegen, så vi får det som vi vil.
Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook
Ballade på Twitter
Ikkje “fan” av støtteordningar
Sjølv om dei nyleg har tatt i mot litt støtte frå Music Norway er ikkje Lemaitre begeistra for norske støtteordningar.
— Vi har søkt masse, seier Ketil.
– Vi fekk aldri noko i starten, held Ulrik fram. – No kan vi kanskje ikkje klage, sidan vi har fått støtte, men vi er framleis ikkje nokon fan av ordninga. Vi har klart oss lenge utan, seier han.
– Det har vore positivt å ta i mot litt støtte no, så vi seier ikkje nei takk. Men eg føler ikkje at det er så veldig vits med kulturstøtte. Det har ikkje vore så mykje til hjelp for kulturnorge, påstår Ulrik.
Les også: Åpner musikkstøtten for bransjeaktører
– Når ein går gjennom dei listene, og ser at Espen Lind, som har tent mange millionar, er det som får mest støtte i tillegg. Altså, ein mistar jo eit stort insentiv når ein allereie tener masse pengar, seier Ketil.
– Ein kan lage den mest progressive samtidsmusikken som tre menneske likar, og så leve på det.
– Og det synest du er tullete?
– Det er kult med brei kultur, men det blir ei slags gråsone der det blir vanskeleg å seie om nokon prøvar hardt nok.
– Men de har ikkje trengt kulturstøtte, for de har vore heldige og kome dykk ut utan?
— Vi hadde klart oss utan. Det hjelper, men vi hadde ikkje gått konkurs utan, og vi blir ikkje millionærar med, slår dei fast.
Ballade intervjua Lemaitre i samband med Numusic i Stavanger. Bandet har fire EPar ute som er tilgjengeleg ved dei fleste digitale plattformer, og er elles aktuelle med turnear i både Australia og USA i tida som kjem.