Hopp til innhald

Lite nytt ved Numusic

ANMELDING: Housemusikk, techno og synthpop er ikkje lenger siste skrik. Kvar ligg føringane for framtidas elektroniske musikk i Numusics program, spør Olav Opsvik.

Numusic går på det fjortande året, og har vore ein festival med variert og sterkt program, med eit relativt breitt spekter av det som rører seg innanfor og rundt elektronisk musikk. Ein kan til dømes vise til både Karlheinz Stockhausen, Steve Reich, og Lee «Scratch» Perry, som også var tilbake ved årets festival.

Samtidig er der eit paradoks over festivalen, godt illustrert i sjølve namnet. Å kalle det «Numusic» i staden for «New music» eller noko anna, gir svært tidfesta assosiasjonar til akkurat dei åra då festivalen var heilt fersk. På den tida hadde vi musikksjangrar som «nu metal» og «nu jazz«. Sjangrar og skrivemåtar som raskt forsvann og som framstår som sære, forbipasserande trendar i dag.

Når festivalen held fram som eit mål å fremje «The history and future direction of electronic music», må eg seie at eg sakna det siste laurdag kveld.

Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook
Ballade på Twitter

Pinleg start
I tillegg til å endeleg få med meg dei store trekkplastra, Lee Scratch Perry og Lemâitre, hadde eg også sett fram til å oppdage nye og spanande elektronika-artistar denne kvelden. Men dei eg hadde sett meg ut heldt jamt over for låg kvalitet, omgjevnadane spelte ikkje alltid på lag, dei heller.

Kvelden starta relativt tidleg, klokka ni, med Ole Marius Nilsen, kjent under DJ-aliaset Nite Site. Det er nesten tomt i lokalet, men Nilsen ser først ut til å vere lite brydd med dette og køyrer på med up-tempo house og techno fra første basstrommesample.

Musikken er heilt grei. Passe feite akkordrekker og basslinjer av og til, og nokon kule brytningar og synkoper dukka også opp. Samtidig blei eg raskt utilpass. Ein går ikkje på eit slikt innslag for å sjå på DJ-en, og det kjennest for litt tidleg å danse åleine i eit nesten tomt rom klokka ni på kvelden. Ein blir ståande å lytte til musikken, og då blir musikken rett og slett for kjedeleg og lik all anna housemusikk som har dukka opp sidan 80-talet.

Kanskje blei Nilsen litt prega av den pinlege stemninga også, for overgangane blei tildels haltande, og flyten er heilt essensiell for at ein skal komme inn i denne musikken.

Les også:

Litt betre
Etter ein halvtime braut eg av for å sjekke ut King Knut, og det skulle vise seg å vere ei litt betre oppleving.

Ledige stillinger

King Knuts tunge hip-hop-inspirerte beats er langt meir artig å høyre på enn forutsigbar housemusikk. Med sinte synthar, morosame brytningar i perkusjonen, i tillegg til eit og anna sampla rapvers, er denne musikken kanskje ikkje like dansbar som mykje av det som blei presentert denne kvelden (sjølv om nokon gjorde heiderlege forsøk), men det er deilig med eit DJ-sett der ein ikkje veit kva som vil skje heile vegen.

Ein kunne høyre at King Knut har eit vidt spekter av inspirasjonskjelder til sin musikk, både gjennom samples og stilval med omsyn til rytmar. Ein syrerock-gitar her og ein karibisk clave der gir ein rikare oppleving enn den same discorytma gjennom eit heilt sett.

Samtidig er det eklektiske uttrykket ikkje utan utfordringar, og dei sprikande uttrykka kunne vore lagt opp meir saumlaust. Eg fekk ei kjensle av at King Knut køyrte på med låt etter låt utan å ha gitt nærmare ettertanke til ei større formkurve på settet sitt, før det plutseleg var slutt.

Les også:

Skuffelsar
Utover kvelden freista eg også sjekke ut lokale band som 1912 og Beatpop, men diverre opplevde eg desse innslaga lite gjennomarbeida.

1912 streva rett og slett med å framføre musikken godt nok. Eg meiner, skal ein først drage fram slap-bassing må ein klare å følge sin eigen metronomiske beat. Med fleire snublingar i framføringa blir det rett og slett ikkje ein særleg bra konsert.

Beatpop kan på sitt beste minne litt om det nyaste frå Mungolian Jet Set og ikkje minst Ost & Kjex, med dansbar disco, samt fjollete og morosam vokal. Men i tillegg til litt dårleg lyd, kjennest musikken for lite gjennomprodusert. Eg skulle ynskje at alt frå synthlydar, gitarlydar og trommelydar var meir variert og ikkje så likt alt ein har høyrt før. I tillegg er dei seige melodilinjene i vokalen lite handgripelege. Rett og slett ikkje catchy nok.

Noko av det eg såg mest fram til, nemleg legenda Lee Scratch Perry med i alle fall nesten like legendariske The Orb, viste seg også å bli ein skuffelse. Musikken og gjennomføringa var bra, og «Scratch» er ein svært karismatisk MC, men lyden var plagsam. Alt for høg diskant og bass gjorde at nyansane i musikken ikkje kom fram i det heile. The Orb lagar perfekt klubbmusikk, men med den dårlege lyden, og for mykje folk i eit for lite lokale, vart det til slutt så slitsam at eg forlot konserten.

Intens synthpop
I staden ville eg sjekke ut Sandra Kolstad, som vart det valet eg er mest nøgd med etter denne kvelden.

Samtidig som kompet til Kolstad var ganske streit, vann ho fram med intens energi og kontrastar. Å ha eit par sangbare hits som «The Well (We Will Change It All)» og «The Young (Evil) Woman And The Ocean» er heller ikkje dumt.

#gallery-15 {
margin: auto;
}
#gallery-15 .gallery-item {
float: left;
margin-top: 10px;
text-align: center;
width: 33%;
}
#gallery-15 img {
border: 2px solid #cfcfcf;
}
#gallery-15 .gallery-caption {
margin-left: 0;
}
/* see gallery_shortcode() in wp-includes/media.php */

Sandra Kolstad

Med eit nesten hermetisk synthkomp, stramt, intenst og låst på mange måtar, braut Kolstad det opp sjølv med ein rå og naken vokal, og gjorde at dette vart musikk som engasjerer. Etter kvart merka eg at også kompet var meir forseggjort enn ein skulle tru.

Repeterande rytmar blei av og til brotne opp av unisone riff spelt av Kolstad og hennar partner på synth, og eg såg også genuin samspelsglede mellom desse to. Vidare tok dei seg tid til å bygge opp låtane og intensiteten gjennom settet, slik at det mot slutten var så vidt Kolstad klarer å henge med sjølv.

Kontrasten mellom det stramme kompet og Kolstads intense vokal gjorde at desse ytterpunkta stod i ein utfyllande relasjon til kvarandre, og det skapte ei god spenning gjennom heile konserten.

Ein elles skuffande kveld tok seg altså opp mot slutten, men likevel sit eg på ingen måte igjen med ei kjensle av å ha opplevd noko nytt eller framtidsretta. Kanskje er dette fordi elektronisk musikk no er like sjølvsagt som alt anna? Kanskje er ein festival som reindyrkar elektronisk musikk i dag eigentleg like rart som ein festival for akustisk musikk.

Og neste gang bør kanskje Nite Site få spele først når det blir natt.

Numusic 2013 gjekk føre seg 5. til 8. september. Anmeldaren var tilstades ved Tou scene laurdag 7. september.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Jeff Mills

Akademisk tekno

Numusic spurte om de kunne få låne Stavanger Symfoniorkester. Resultatet kan bety slutten for festivalen. Eller en ny start.

Andy Inglis

Usentimental klubbdød

Andy Inglis kom til Stavanger for å fortelle klubbeiere at de skal dø, og at det er helt greit. Ikke...

Lemaitre

Lemaitres suksessoppskrift

Når dei er i studio, tenkjer ikkje Lemaitre på at det dei lagar skal gjerast live. – Kor mykje kulare...

Fra Perkapella klubbkveld. Foto: Perkapella.

Festivalmatematikk

Til helgen går startskuddet for den elektroniske musikkfestivalen Perkapella. Den fyller et tomrom etter at Numusic er lagt på is.

Flere saker

Kultur og likestillingsminister Abid Raja og Ytringsfrihetskommisjonens leder, Kjersti Løken Stavrum, i front. Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid på høyre vinge

– Viktig og riktig å delta i Ytringsfrihetskommisjonen

Ytringsfrihetskommisjonen 2020 hadde sitt første møte i splitter nye Deichman Bjørvika tirsdag formiddag. Ballade var tilstede i pressens tilmålte tid,...

Norsk Ungdomssymfoniorkester

Rekordmange søkere til Norsk Ungdomssymfoniorkester

Over 40 prosent flere søkere og høyt nivå. – Dette lover godt for rekrutteringen av neste generasjon orkestermusikere, sier Christine...

Karl Vestli i Tono uttrykker glede på musikkbransjens vegne etter at tysk rett har satt foten ned for en av verdens mektigste KI-aktører, i det som kan markere et historisk veiskille for både teknologi og opphavsrett.

Medietopp Karl Vestli ny direktør i TONO

Tidligere leder i Schibsted, Aftenposten og Dagens Næringsliv skal lede rettighetsorganisasjonen inn i mulighetene digitalisering og teknologi gir.