Hopp til innhald
Torkj på Ultima

Torkjell Hovland skriv om musikk, men på Ultima i haust blei det like mykje synet han sansa med.(Foto: Privat)

Ultima-te inntrykk som framleis sit i

– Eg gjekk aleine inn i det gamle, krokete bygget til Oslo kunstforening. Musikkmeldar Torkjell Hovland blei musikkturist i eigen by.

Nokre inntrykk kling i meg framleis, sjølv om månader har gått sidan Ultimafestivalen: Ei eldgammal fløyte, ein kollisjon med elektronikken. Ei som mista musikken.

Torkjell Hovland er kritikar for Ballade, og skriv Ballade Jazz om nye plater. Denne gongen gjekk han ut i gatene for musikken, under samtidsfestivalen Ultima 2026.

Tysdag 15. september regna det. Det regna, og eg gjekk aleine inn i det gamle, krokete bygget til Oslo kunstforening. Det er litt som å besøke ein gamleby på kontinentet i den delen av Oslo. Som ein turist i eigen by, og hjernen min vart med eitt klar for inntrykk.

Inne i bygget stirrar Moder Evgenia alvorstungt på meg.

Er det ein festival du skal få med deg om du er ute etter å oppdage ny musikk og samtidig nye måtar å oppleve den nye musikken på, er det Ultimafestivalen. Framleis, etter 36 år med samtidsmusikk i Oslo.

Ultima har eit variert program – for eksempel kvart år også eit rikt kunstutstillingsprogram. Noko eg merka meg i år var kunstnar Marte Gunnufsen si utstilling om moder Evgenia, som mellom anna skulle involvere eit sjølvspelande piano.

Historia om Moder Evgenia er fascinerande i seg sjølv – den lovande konsertpianisten Aino Theisen med internasjonal karriere gir seg med den, for å dedikere livet sitt til Gud i stilla som nonne i eit russisk-ortodoks kloster på Sørlandet.

Gunnufsen sjølv er utdanna klassisk pianist, biletkunstnar og pianostemmar. Ho har tidlegare laga dokumentarar og prosjekt om menneske som vel å leve annleis.

I det eg kjem inn i rommet høyrer eg song frå nonner. Avspelt med høgt volum. På den store skjermen viser ein minidokumentar utan ord eit portrett av livet til syster Evelina i klosteret.

Det slitne flygelet som står midt i rommet byrjar som lova å spele i seg sjølv, hjelpt av den tunge mekanikken montert på tangentane.

Ledige stillinger

Musikken som kjem frå flygelet framstår som små fragment frå eit stykke som blir repetert – som det har hengt seg opp i øvinga på eit lenger stykke. Hjernen min byrjar fort å spinne – er det Evelina som har forlate flygelet? Er det ho som øver? Er det sjølve musikken som heng igjen?

Vi får ikkje vite kvifor ho forlot karrieren, men som tilskodar spekulerer eg lett. Dei har mykje til felles, musikarlivet og nonnelivet.

Vi ser ho gå inn i kapellet med alle ritualer og sakrament. Bibelstudier ved pulten. Vi ser ho bevegar leppene medan ho kokar te, som om ho seier noko, puggar noko heile vegen. Og vi ser ho måle saman med presten.

Alt i stillheit – på ein måte tenkjer eg at livet som nonne, dette livet som i fullt dedikerer seg til det store åndelege tilveret, er det ultimate endepunktet om du fylgjer korleis ein slik dedikert musikar kan tenkje om Musikken med stor M.

Men når denne ideen om Musikken møter den verda vi lever i, så vil det til slutt kollidere. Her er pengar, mingling, management, publikum, prestisje like stor del av livet som musikar.

Eg veit sjølvsagt ikkje, der eg sit i utstillingsrommet aleine, om det var det som skjedde med Aino Theisen – men hovudpoenget mitt er eigentleg kor effektivt denne utstillinga sette i gong prosessar i meg. Portrettet er sterkt. Det sjølvspelande pianoet kraftfullt.

Til slutt i filmen spelar ho Chopin, like intenst tilstades i musikken som i stilla.

Til Riksscena for munnharpe
Sidan beveger eg meg til Riksscena, der Ultima samarbeida med Ny Musikk om ein konsertkveld.

Å teipe fast to fløyter til munnen er jo også noko å finne på, tenkjer eg.

55531807299 76ba3a6789 o

Thov Wetterhus – med elektronikk og headset. (Foto: Nabeeh Samaan)

Men instrumentet aulos er eldgamalt. Trefløyta frå antikken vart gjerne spelt to i gongen. Lukas De Clerck skaper ei hypnotiserande varm stemning saman med Thov Wetterhus – på munnharpa. Nokre av dei heftigaste kveldane på Blodklubben til Tuva i den no kjente klubbkjellaren på Riksscena, har vore med Wetterhus involvert.

LES OGSÅ intervju med Thov Wetterhus frå årets Ultima 

Når Thov Wetterhus tek over med solosettet sitt, er noko av det første eg legg merke til dei store, glorete hovudtelefonane han har på seg. «Gaming-headsettet» lukkar han heilt inne for seg sjølv der oppe på den svarte scena, saman med eit rikhaldig pedalbrett.

Det kan ta litt tid å høyre seg inn i munnharpespel. Du kan liksom ikkje berre gi deg på overflata, då vert det fort slitsomt. Men melodiar ligg i overtonane. Og dansen er her, ikkje minst. Når han spelar slåttar som «Bestelanden» for eksempel, så dansar det i oss.

Men ég, eg endar opp med å leite etter heilt andre dimensjonar av munnharpa når eg høyrer ho elektronisk omforma.

For kva tilfører eigentleg desse duppedittane her?

Nettopp noko av det som er kult med munnharpa er den litt rare klangen som ligg der frå før. Den let jo nesten litt elektronisk av seg.

Slik Thov brukar distortion, eller shimmering-effekten, så går dei i konflikt med munnharpa. Dei imiterer jo nærmast munnharpa sin klang.

55532042645 886f5c6fef o

Duoen Oto Aulos – med Lukas De Clerck på oldtidsinstrumentet aulos og Marcin Pietruszewski på elektronikk. (Foto: Nabeeh Samaan)

Heim i støy
Kvelden vart avslutta med duoen Oto Aulos – Lukas De Clerck med aulos, denne gongen i duoen med Marcin Pietruszewski på avansert elektronikk.

Dei to sit midt i rommet med høgtalarane rundt oss i publikum. Vi blir oppfordra til å bevege oss rundt, og på førehand åtvara om at somme kan kjenne på eit fysisk ubehag i møte med somme av frekvensane. Samtidig forsikra om at det er heilt ufarleg.

Eg klarer ikkje å kople meg på. Kanskje er eg sliten av inntrykk, men det blir ei altfor intens lydoppleving når lyden skjerande vondt treng inn i øyregongane. Fascinerande nok, men eg synest det var vanskeleg å få noko ut av det. Denne lydopplevinga vert rett og slett så intens, så skjerande vond.

Eg vart kvalm, og eg gjekk inn og ut av rommet, før eg til slutt forlot konserten.

Eg følte meg jo litt pingle, men eg ville ikkje ofre øyrene. Eg forstår at det ikkje skulle vere farleg, men når ubehaget blir så stort må ein vel stole på sin eigen intuisjon?

Etter at vekene har gått, har erfaringane frå denne Ultimadagen stadig kome tilbake til meg. Munnharpa som i konflikt med elektronikk, pianoet som spelte av seg sjølv – og frekvensar som var så fysisk ubehagelege at eg forlot rommet. Det er opplevingar eg referer til og forteljer til andre, det er opplevingar som set dei neste musikkopplevingane i perspektiv.

Det er dette eg elskar – å lære meg nye måtar å lytte på, gong på gong.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Åpning Ultima 10 sep 26 dirigent Ilan Volkov og Kristine Tjøgersen

Åpning av Ultimafestivalen 2026: Fugler og fabeldyr

– Det er et privilegium å få lov til å leve i samme periode som Øyvind Torvund og Kristine Tjøgersen....

Natasha Barrett Portrait August2025

– I don’t want to make something which next year can be thrown away and forgotten

Det sier komponisten, mediekunstneren og forskeren Natasha Barrett, som ser for seg at KI kan åpne dører til nye lyder...

Tine Surel Lange

Å smake en farge

I en hyperstimulerende verden der utbrenthet er et problem, vil Tine Surel Lange overvelde oss enda mer med verket "Let...

Thov Wetterhus foto Anders Lillebo

Ein leik med instrument og lyd

Folkemusikaren Thov Wetterhus utfordrar måten munnharpa kan brukas på medan han peikar tilbake på folketradisjonen i Noreg.

Susanna Wallumrød

Susanna, Baudelaire og den heslige nisjen

– Ultima er en spydspiss akkurat nå, og jeg håper at tida som kommer vil gi muligheter til at den...

LasseMarhaug TrashThisTemple shv

Lasse Marhaug: Helt om natten, helt om dagen

I kunsten velger Lasse Marhaug sjelden minste motstands vei. Selv omtaler han seg som en utradisjonell musiker, og i år...

Flere saker

SAMSUNG CSC

Ea Othildes fuzzete bysommer

– Jeg levde ikke da PJ Harvey slo igjennom, men kan ønske meg til en tid hvor sånn musikk var mer...

Jonas Fjeld og Halvdan Sivertsen sammen med Jan Ole Otnæs fra Radka Toneffs Minnefond og Silje Nordnes fra NRK, som er programleder under Hall of Fame seremonien

Halvdan Sivertsen, Jonas Fjeld og Radka Toneff til Rockheim Hall of Fame

Torsdag 22. oktober innlemmes de tre i en intim, musikalsk seremoni fra scenen på Rockheim – det nasjonale museet for...

Sei Selina stillbilde video

Ballade video: – Ikke stol på månen

Åtte nye musikkvideoer – servert av Sei Selina, Zueva, Rita N, Sid Hart, Trond Svendsen & Tuxedo, The Tronosonic Experiences,...