Hopp til innhald

Borealis 2007: Navigasjon med nattkikkert

9.-18. mars er det klart for Borealis i Bergen. I år fokuserar festivalen på kva politisk elektronisk kyrkjemusikk, metal-sjangrar, gladtrist italodisko, elektronika, støy og ikkje minst god gammaldags samtidsmusikk har til felles.

Det fullstendige programmet kjem snart opp på festivalens heimesider, men frå Bergen meldast her nokre smakebitar:

Metal i Domkirken: Sunn o))) avslutter Borealis
Avslutninga av Borealis finn stad i Bergen Domkirke. Finalen i programmet tek for seg slektskapen mellom djup dronete metal og kyrkjemusikk. Festivalkomponist Kaija Saariaho’s verker, fremført av cellisten Anssi Kartunnen (fi), organist Tor Grønn blir etterfulgt av den amerikanske teatralske metal-dronegruppa Sunn o)))  i kyrkje-skipet og på galleriet. Eit band som vanlegvis er trekkplaster på metallfestivalar verda over avsluttar borealis med ei spesiallagd verk for Domkirken. For første gong nokon-sinne tek dei utgongspunkt i salmemelodikk og kyrkjetoneartar frå ein svunnen mellomalder. Den vanlegvis supersoniske spelestilen deira blir utvida med kirkeorgel og spesialtilpassa Domkirkens kyrkjehvelv. .
 
Politisk elektronisk kyrkjemusikk
Den venezianske komponisten Luigi Nono (1921-1990) vil teikne dystre tidsbilete av Auschwitz , portrett av borgaretts-forkjemparen Malcolm X og fabrikkarbeidarar i italiensk tungindustri i Johanneskirken 12. og 13. mars. Kyrkjene  i Venezia var viktig framføringsarena særleg for Nono sine elektroniske politiske verk. M.a. vil Dansk Radiokor, dei lokale musikarane Bjørnar Habbestad (fløyte), Ragnhild Eide Akslen (sopran), Eirik Gjerdevik (tuba) og den italienske klangregissøren professor Alvise Vidolin stå bak framføringane.
 
Finsk komponistkomet i Bergen
Årets festivalkomponist kjem frå Finland men bur i Paris: Kaija Saariaho vil undervise unge komponistar i  komposisjonsteknikkane sine på Bergen Offentlige Bibliotek. Fleire av av hennar sentrale verk står på programmet  – mellom anna speler Bergen Filharmoniske Orkester det store orkesterverket Orion. På same konsert urframfører dei også Ketil Hvoslef  sin bratsjkonsert. Iløpet av festivalen vil ei rekke av Hvoslef sine verk bli framførde – m.a. av Ensemble Risognanze, BIT20, Cikada og Tor Grønn. Både Nono, Hvoslef og Saariaho blir hedra med miniseminar og minikonsertar på Bergen Offentlige Bibliotek. Det er første gong Borealis og biblioteket samarbeider.
 
Ensembler og urframføringar i Logen
Festivalveka blir prega av Forsvarets Musikkorps Vestlandet si urframføring av Glenn Erik Haugland, den britiske bratsj-stjerna Garth Knox, den finsknorske noiseduoen Testicle Hazard, Griegakademiets komposisjonssjef Morten Eide Pedersen, Christian Wallumrød Ensemblet si plate-lansering, den kontroversielle eksilamerikanske elektronikaartisten John Duncan frå Bologna, det virtuose oslo-ensemblet Asamisimasa, dei femten unge musikarane i Ensemble Risorgenze frå Milano, opningsverket til den unge bergensaren Sigurd Fischer Olsen, London-ensemblet Plus Minus, Bergen Barokk si urframføring av Christian Blom sitt sceneverk på Lydgalleriet,  Emmerhof & the Melancholy Babies si tysk-engelske nytolking av Duino-elegiane av Rainer Maria Rilke, forfattarane Tomas Espedal og Mia Berner, Italonatt på Landmark med to av åttitalets største italienske diskokongar:  Mr. Robotnick og Casco. New York-kunstnaren Banks Violette står bak Borealis-utstillinga i No.5 i Kunsthallen i år.  Den veit ingen enno korleis kjem til å bli. Truleg blir det dystert.
 
Festivalprogrammet i sin heilskap blir lagt ut for sal 1. februar.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Avgarde plakat07

Avgarde: konsertserie for ny musikk i Bergen

Avgarde har sesongåpning lørdag 10. februar med blant andre Ivar Kolve og Hansakvartetten. Ellers kommer performancekunstner Jørgen Knudsen, mens det...

Luigi Nono (Foto: fzml.de/presse/

Borealis 2007: Alle saman reiser åleine

Luigi Nono-arkivet ligg i eit gamalt mellomalder-kloster på den venezianske øya Giudecca, ikkje langt frå staden der Nono budde mesteparten...

Villa d'Este

Borealis 2007: Vestlandets Vivaldi

Komponisten Ketil Hvoslef blei ein gong samanlikna med Vivaldi. Dette vil Borealis legge vekt på i år – med ein...

Borealis2007 logo

Borealis 2007: Frå poesi til opera

– Tonespråket hennar reflekterar stjerner og draum. Ho komponerar store operaer og får verdas fremste forteljarar til å følgje hennar...

Niccolò Castiglioni

Borealis 2007: – Kor kan eg finne Grieg-plater i Milano?

Tyrol og Dolomittane ligg ikkje langt frå Milano. Det var ein av grunnane til at den eksentriske italienske komponisten Niccolo...

Orgelpiper (ill.)

Borealis 2007: Tor Grønns stille musikkrevolusjon

Organist Tor Grønn har traktert orgelet i den kvitaste kyrkja i Bergen – Nykirken på Nordnes – i over førti...

Flere saker

Large Unit Brazil Edition på Avalon Scene under Roskildefestivalen

Paal Nilssen-Love gjorde unike tre konserter på Roskildefestivalen

Hør Balladepoddens rapport fra festivalens backstageområde.

Egil Hegerberg mottar Prøysenprisen av kulturminister Anette Trettebergstuen

Prøysenpriser til Finn Kalvik, Egil Hegerberg og Runa Bergsmo

Prøysens dødsdag men allikevel en festaften.

Illustrasjon, Balansemerket

Balansemerket – for et trygt kulturliv

Balansekunst lanserer merkeordning mot seksuell trakassering i kulturlivet.