Hopp til innhald
Niccolò Castiglioni

Borealis 2007: – Kor kan eg finne Grieg-plater i Milano?

Tyrol og Dolomittane ligg ikkje langt frå Milano. Det var ein av grunnane til at den eksentriske italienske komponisten Niccolo Castiglioni (1932-1996) valde å pendle mellom stadane. Han elska heimbyen sin Milano men kunne ikkje kome seg ofte nok til Tyrol. Det var oppe i fjella han fekk dyrka komposisjonen, kontemplasjonen, Grieg og naturen.

Av Nicholas H. Møllerhaug

Høgt oppe i dei kalkfjellmassive Dolomittane – i landsbyen Bressanone – hadde han funne komponiststova si. Og det var til stova der oppe han lengta då han stod ved kateteret ved Konservatoriet i Milano og underviste elevar i komposisjon. Den same skulen som han sjølv hadde studert ved.

Ein loner

Ein av studiekameratane heitte Claudio Abbado og studerte direksjon. Han har m.a. vore sjefsdirigent ved Berlinerfilharmonien – eit av verdas fremste orkester. Medan Abbado blei superkjendis vart Castiglioni ein ”loner” som trakk seg vekk, og gjekk inn i gløymsla og opp i fjella.

Abbado fortel i memoara sine at han særleg hugser eksamensverket i komposisjon Castiglioni skreiv. Det fekk stor merksemd og blei til og med vald ut av eit orkester i Milano. Det var litt av ei anerkjenning å bli framført av eit stort orkester rett etter eksamen.

— Niccolo spelte elles piano med overmenneskeleg teknikk – men valde å aldri satse på solistkarriere. Han satsa på komposisjon og filosofi. Etterkvart førde livet oss i totalt ulike retningar – og langt frå einannan. Me møttest faktisk aldri igjen men eg gløymer aldri denne uendeleg reserverte personlegheita – med ein intelligens som gjorde han heilt unik. Og han forlot verda i 1996 – i einsemd – slik han hadde levd livet. Igjen står musikken – ei utruleg gåve til oss alle.

Musikk full av lys

Medan Castiglioni sjølv levde i einsemda var musikken hans full av lys, og han følte særleg at han var i slekt med Edvard Grieg. Og etterkvart som han vart eldre vart han meir og meir oppteken av bergenskomponisten.

Pianisten Bruno Canino fortel at ein gong han møtte Castiglioni i ein bar i Milano var han fullstendig oppsett på å spørje han omatt og omatt om han likte Grieg. «I tillegg spurde han meg ustanseleg om kor ein kunne få kjøpt Grieg-plater i Milano? Det var underleg følte eg – at ein milanesar spør ein napolitanar som meg kor ein kunne kjøpe Grieg i Milano. Det syntest eg var veldig rart. Men sånn var han. »

Enga er god

Ledige stillinger

Ein annan nær ven av Castiglioni er den italienske kritikaren og musikkvitaren Enzo Restagno – no sjef for den framste klassiske musikkfestivalen i Italia – Torino Settembre Musica. Han drog ofte til Tyrol for å besøke komponisten, og fortel om ein gong dei sat på stasjonen i fjellbyen San Candido – ein vakker fjellby i Dolomittane – og venta på toget:

«Hit drog også Gustav Mahler for å komponere, og ofte snakka eg og han om det. Eg tok meg ofte i å seie at eg syntest naturen var så fantastisk fin her oppe. Då svarte han alltid: desse engene er ikkje berre fine. Dei er gode. Enga er god.»

Og det var eigentleg hans signatur på korleis han var som menneske. Han gjekk rett inn i den romantiske og panteistiske tradisjonen – nett som Mahler gjer i sin tredje symfoni. Der skriv Mahler ein stad: «Was mir die Blumen auf der Wiese erzählen» (Kva blomane i enga fortel meg).

Dette var ikkje natur med menneskelege eigenskapar han såg for seg – nei det var natur som overordna verdigheit.

Ved siden av dei mystiske opplevinga av naturen var også musikaliteten hans heilt spesiell. Restagno meiner at Castiglioni sine evner til å skape nye melodiar, rytmar og klangar var heilt utanom det vanlege. Og denne klangen høyrer på mange måtar heime i Noreg – men har sjelden eller aldri blitt spelt her før.

Referanse: Ricordi: Niccolo Castiglioni 1932-1996, Milano, Italia

Borealisfestivalen finner sted i Bergen 11.-18. mars. All nødvendig informasjon finnes på nettsidene borealisfestival.no.

Ballade vil i tiden frem mot festivalen presentere tekster relatert til artister og komponister som er aktuelle på Borealis. Tekstene er gjengitt med velvillig tillatelse fra artikkelforfatteren.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Borealis2007 logo

Borealis 2007: Frå poesi til opera

– Tonespråket hennar reflekterar stjerner og draum. Ho komponerar store operaer og får verdas fremste forteljarar til å følgje hennar...

Villa d'Este

Borealis 2007: Vestlandets Vivaldi

Komponisten Ketil Hvoslef blei ein gong samanlikna med Vivaldi. Dette vil Borealis legge vekt på i år – med ein...

Luigi Nono (Foto: fzml.de/presse/

Borealis 2007: Alle saman reiser åleine

Luigi Nono-arkivet ligg i eit gamalt mellomalder-kloster på den venezianske øya Giudecca, ikkje langt frå staden der Nono budde mesteparten...

Nicholas Møllerhaug 2006 (Foto: www.borealisfestival.no)

Borealis 2007: Navigasjon med nattkikkert

9.-18. mars er det klart for Borealis i Bergen. I år fokuserar festivalen på kva politisk elektronisk kyrkjemusikk, metal-sjangrar, gladtrist...

Orgelpiper (ill.)

Borealis 2007: Tor Grønns stille musikkrevolusjon

Organist Tor Grønn har traktert orgelet i den kvitaste kyrkja i Bergen – Nykirken på Nordnes – i over førti...

Heidi Tronsmo, Rasmus Jørgensen 2007 (Foto: Snorre Nordhagen)

Rykende fersk samtidsopera på AVGARDE

Lørdag 10. mars er det tid for en ny AVGARDE-opplevelse på USF Verftet i Bergen. Denne gangen byr Bergens konsertserie...

Flere saker

Sarah Ludwig Simkin

Sarah Ludwig-Simkin ny daglig leder i Oslo Sinfonietta og Cikada

Ludwig-Simkin begynner i stillingen 1. januar neste år.

MIRA PARIS 01 FOTO THOMAS KOLBEIN BJORK OLSEN BERLINKONTORET

Mira Thiruchelvam er med på Karpes Europa-turné: – Å være litt sterk i meningene sine hjelper

Mira Thiruchelvam er et av de fire nye medlemmene i Karpes utvidede band som nå er på Europa-turné. Det er...

Spotify logo

Spotify setter opp prisene

Alle nye abonnement blir dyrere fra 1. mai, men eksisterende kunder ikke vil merke prisøkningen før til sommeren.