Hopp til innhald

Borealis 2007: Vestlandets Vivaldi

Komponisten Ketil Hvoslef blei ein gong samanlikna med Vivaldi. Dette vil Borealis legge vekt på i år – med ein bukett framføringar som alle fortel det same: det er ikkje dumt å ha hatt nokre år med rytmer og rock i kofferten, skriv Nicholas H. Møllerhaug. – Det dansande og italienske er eit element Hvoslef kjenner seg igjen i. Han har stor forkjærleik for italiensk film og har ei rekke italienske filmklassikarar i videohylla heime ved Svartefjorden i Fana. Særleg har han blitt glad i den italienske komikaren Toto.

Av Nicholas H.Møllerhaug

For det var slik han starta: som medlem av eit av Bergens første legendariske rockeband: the Mixmasters. Der var han med medan han studerte ved Kunst- og håndverksskolen i Bergen og tenkte på å bli kunstnar.

— Mixmasters var det første rockebandet i byen, fortel Hvoslef.

— Folk kalla oss Te miksmasters – dei klarde ikkje å uttale ‘The’. Me spelte fast på Turnhallen i Sigurdsgate – lokalet Carte Blanche for ikkje så lenge siden blei kasta ut frå. Der var det dans på fredagskveldane. Og det var utruleg kjekt.

Raud for rock’n roll

Eit høgdepunkt var då «Te miksmasters» drog på sin einaste turné til Forus utanføre Stavanger. Bandmedlemmane hadde alle to skjorter i bagasjen: ei raud for rock’n roll og ei grøn for latino. Allereie den gongen kunne Hvoslef leikande lett gå frå ein rytmisk art til ein annan utan problem. Denne evna har blitt ein del av Hvoslef sitt særpreg. Medan store delar av norsk musikkliv har gått inn i lange klangar trudde Ketil Hvoslef på rytmikken.

Tidlegare redaktør i Ballade – tidsskrift for ny musikk – Geir Johnson, skreiv i melding av ei Hvoslef-plate i 1982:

«Ketil Hvoslefs musikk har en umiddelbarhet og friskhet som kan minne om Vivaldi, med en gjennomsiktig orkestrering, og (…) med en forkjærlighet for det rytmisk pregnante motiv, spilt unisont i strykerne, (…) Et av Ketil Hvoslefs særtrekk er hans forkjærlighet for «hook lines», repetisjon av rytmiske og melodiske elementer, henimot en intensivering og forløsning som munner ut i nye avsnitt, gjerne av kontrasterende karakterer.»

Mellom bakkar og Italia

Det dansande og italienske er eit element Hvoslef kjenner seg igjen i. Han har stor forkjærleik for italiensk film og har ei rekke italienske filmklassikarar i videohylla heime ved Svartefjorden i Fana. Særleg har han blitt glad i den italienske komikaren Toto.

Ledige stillinger

I åra frå 1984 til 1992 pendla han og kona – biletkunstnaren Inger Bergitte Sæverud mellom Fana og Roma. Dei hadde ei leilighet i bydelen Trastevere. I ei kyrkje ikkje så langt frå det kjende antikke monumentet Pantheon sat Hvoslef ofte og komponerte ved orgelet.

— Det vil naturlegvis seie at det var turistar innom i løpet av dagen. Eg forsøkte difor å bryte av komponeringa med jamne mellomrom for å spele «Mellom Bakkar og Berg» for gjestene. Så heldt eg fram med å komponere til ein time hadde gått. Så spelte eg «Mellom bakkar og berg» endå ein gong, og slik heldt det fram.

Sølvgrå Lancia

Då dei igjen var i Roma i 1988 kjøpte dei seg bil og køyrde på heiene kring Roma. Dei suste i ein smekker sølvgrå Lancia 74-modell til Villa d’Este – den store villaen med det flotte hageanlegget like utanføre Roma.

Anlegget er særleg kjend for sine mange og store fonteneanlegg. Det var antikk hydraulikk og ingeniørkunst frå romartida som frakta vatnet fram til fontenene. Same teknikken brukte ingeniørane og hageplanleggarane for å lage hydrauliske orgel til hagen. Vatn pressa lufta ut or ventilar i pipene og det kom orgellydar ut.

Dette orgelet var ikkje i bruk då Hvoslef vitja villaen, så komponisten kunne sjølv bruke fantasien og førestille seg lyden av det. Det resulterte i orgelstykket som blir framført på festivalen i år. Det seiest at det antikke vassorgelet utanføre Roma alltid spelte ein fanfare før det byrja å spele. Difor har Hvoslef plassert ein fanfare i starten av orgelverket.

Vassorgelet ved Villa d’Este blei gjenopna i 2004, etter hundre år med stillhet.

Tor Grønn speler «Toccata: Fontana d’organo, Villa d’Este» i Domkirken søndag 18 mars.

Borealisfestivalen finner sted i Bergen 11.-18. mars. All nødvendig informasjon finnes på nettsidene borealisfestival.no.

Ketil Hvoslef på Ballade.

Ballade vil i tiden frem mot festivalen presentere tekster relatert til artister og komponister som er aktuelle på Borealis. Tekstene er gjengitt med velvillig tillatelse fra artikkelforfatteren.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Luigi Nono (Foto: fzml.de/presse/

Borealis 2007: Alle saman reiser åleine

Luigi Nono-arkivet ligg i eit gamalt mellomalder-kloster på den venezianske øya Giudecca, ikkje langt frå staden der Nono budde mesteparten...

Nicholas Møllerhaug 2006 (Foto: www.borealisfestival.no)

Borealis 2007: Navigasjon med nattkikkert

9.-18. mars er det klart for Borealis i Bergen. I år fokuserar festivalen på kva politisk elektronisk kyrkjemusikk, metal-sjangrar, gladtrist...

Borealis2007 logo

Borealis 2007: Frå poesi til opera

– Tonespråket hennar reflekterar stjerner og draum. Ho komponerar store operaer og får verdas fremste forteljarar til å følgje hennar...

Niccolò Castiglioni

Borealis 2007: – Kor kan eg finne Grieg-plater i Milano?

Tyrol og Dolomittane ligg ikkje langt frå Milano. Det var ein av grunnane til at den eksentriske italienske komponisten Niccolo...

Orgelpiper (ill.)

Borealis 2007: Tor Grønns stille musikkrevolusjon

Organist Tor Grønn har traktert orgelet i den kvitaste kyrkja i Bergen – Nykirken på Nordnes – i over førti...

Heidi Tronsmo, Rasmus Jørgensen 2007 (Foto: Snorre Nordhagen)

Rykende fersk samtidsopera på AVGARDE

Lørdag 10. mars er det tid for en ny AVGARDE-opplevelse på USF Verftet i Bergen. Denne gangen byr Bergens konsertserie...

Flere saker

Illustrasjonsbilde

Skvatt da de så kun menn på korpsprogram

12 menn og ingen kvinner skulle snakke på årlig fagsamling for korpsbevegelsen. Samlinga er nå koronaavlyst – likestillingsstemmer i korps...

Spotify logo

Spotify med ny personlig spilleliste

Strømmetjenesten lanser ny automatisk, ukentlig, liste over nye utgivelser.

Hans Martin Austestad

Om menn og sang

KRONIKK: I forbindelse med den internasjonale mannsdagen 19. november skrev musiker Hans Martin Austestad en lang historie om egne erfaringer...