Voice, Strings and Timpani (Foto: Oddbjørn Steffensen)

Stemme, strengar og pauke driv gjennom store rom

PLATEMELDING: Voice, Strings and Timpani er orkesteret inn i hovudet til nokre av landets fremste lydkunstnarar. No har dei festa si verd på band, og inviterer alle sansane våre med inn.

Kalender

Regimentets Datter av Gaetano Donizetti

11/08/2021 Kl. 19.30

Viken

Judith Hill

15/10/2021 Kl. 19:00

Viken

Scott Henderson trio

18/03/2022 Kl. 19:00

Oslo

Femi Kuti

07/04/2022 Kl. 20:00

Oslo

Strings and Timpani – det er mykje lyd i det språkbiletet. Vi assosierer til store orkester. Men dette orkesteret er altså ein duo beståande av perkusjonist Øyvind Hegg-Lunde og gitarist Stephan Meidell. Begge sentrale i fleire prosjekt i og utanfor Hubro som Building Instrument og Erlend Apneseth Trio.

I 2016 gav dei ut Hyphen saman, men då dei skulle skrive tingingsverk til Nattjazz 2016, utvida dei orkesteret til eit slags Hubro All Stars. Med ein ekstra gitarist i Stein Urheim og ein ekstra perkusjonist i Kim Åge Furuhaug. Men viktigast – dei tok inn voice. Hegg-Lunde sin Building Instrument-kollega Mari Kvien Brunvoll og Eva Pfitzenmaier brukar begge stemmene orkestralt på sitt vis, både akustisk og prosessert gjennom elektronikk.

På opningssporet “Cashmere” målar orkesteret eit lydlandskap beståande av nyanserikt klangteppe og pulserande trommer. Utviklinga av gitarmotivet hintar om Steve Reich sin minimalisme, og med dei to vokalistane går assosiasjonen til hans verk “Desert Music”.

Platecoveret til Voice, Strings and Timpani (Foto: Hubro)

Ordlause songar, dadaistisk poesi
Det er både ordlause songar og dadaistisk poesi på plata. I franske “Escargot” leikar Brunvoll og Pfitzenmaier tostemt med lydane i språket over eit særs tilfredsstillande barytongitar-riff. Frå rulle-r og mjuke vokalar blømer overtonane.

Gitarane kjem til uttrykk i alle slags former. Tørre kassegitarar, feite vrengar, sildrande glasklangar (tør eg gjette ei lita elektrisk vifte mot strengane?). Dette utgjer eit stort lydrom som melodiar og harmoniar kan bevege seg gjennom. Hegg-Lunde og Furuhaug sitt lydrepertoar i perkusjonsavdelinga er kanskje den viktigaste berebjelken i denne musikken. Det dei gjer er alltid unikt frå komposisjon til komposisjon, og virkar aldri tilfeldig eller som lettvinte løysingar.

Eit stort lydrepertoar frå musikarane krev også meir frå produksjonen på plata. Dette er musikk av musikarar som vel så mykje kan kallast lydkunstnarar som noko anna. Det er gjort eit nitid og presist arbeid for å feste detaljrikdomen på “teip”. Voice, Strings & Timpani lét like ofte som nerdeproduserte popalbum. Vrenggitar over eit slikt trommedriv, svevande på synthtepper gir for eksempel assosiasjonar til Bror Forsgren sitt arbeid.

Dansbart
Men av og til kjenner eg på at eg saknar at dei tørka opp lydbiletet og lot klangteppa få ei pause også. På sistesporet “Sons Francais” blir tørre kassegitarar og ein trommemaskin underlag for fløytespel. Dette er ein del av lydverda til Strings & Timpani eg gjerne skulle høyrt tidlegare på albumet.

Noko av det kjekkaste er dei dansbare spora, som “Talk Tick Talk”, der trommegrooven får selskap av deilig perkussiv elektronikk. Kjenn på all energien du får gjennom å danse til denne! Og mykje ligg i den frigjerande songen frå Pfitzenmaier og Brunvoll.

Meir tid
Eg trur det hadde gjort seg om all musikken, all lyden på plata fekk tid til å utfalde seg. 40 minutt er litt snautt, og det hadde vore interessant å høyre fleire av komposisjonane få betre tid til å sette seg i kroppen over tid. Opninga “Cashmere” kunne for eksempel heilt fint teke dobbel så lang tid. Når fleire av låtane i tillegg fadar inn og ut, forsterkar det kjensla av at dette er eit utdrag frå noko større, at eg går glipp av noko. Og tolk for all del dette på best mogleg måte – eg vil berre ha meir tid til Voice, Strings & Timpani.

På nyåret skal dei ut på turné (bank i bordet) i dei største byane, mellom anna til ei av landets finaste scener, ryktast det: Kunsthuset Kabuso på Øystese. Då er dei ikkje bundne av tidsbegrensningar heller!

Voice & Strings & Timpani – LP
Voice & Strings & Timpani var opprinneleg eit tingingsverk til Nattjazz i Bergen i 2016.
Utgitt på selskapet Hubro 6. november 2020

Medverkande:
Mari Kvien Brunvoll: vokal, elektronikk
Eva Pfitzenmaier: vokal, tangenter, fløyte
Stein Urheim: gitar, elektronikk, langeleik
Stephan Meidell: gitar, elektronikk, synth
Kim Åge Furuhaug: trommer, perkusjon
Øyvind Hegg-Lunde: trommer, perkusjon, synth

Lanseringsturné 2021:
22. januar: Tou Scene, Stavanger
23. januar: Kunsthuset Kabuso, Øystese
27. januar: Nasjonal Jazzscene, Oslo
28. januar: Dokkhuset, Trondheim
29. januar: Bergen Jazzforum, Bergen
For å kommentere her må du ha en Facebook-konto. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du sende oss en e-post.
Digitale festivaler og konserter

Stillinger

Videoprodusent

Den Norske Opera & Ballett

Solo SLAGVERK m/pl.til pauker

Arktisk Filharmoni

Prosjektleder

Kulturkollektiv Bodø

Programmedarbeider

Safemuse – Safe Havens for Artists

Hovedinstrumentlærer trompet

Musikk på Majorstuen skole/ Musikkskolen Barratt Due

Hovedinstrumentlærer tuba

Musikk på Majorstuen skole/ Musikkskolen Barratt Due

Samspill/ interpretasjon klaver

Musikk på Majorstuen skole/ Musikkskolen Barratt Due

Leder for strykeorkester aldersgruppen 8-12

Musikk på Majorstuen skole/ Musikkskolen Barratt Due

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev