Hopp til innhald
Bergen Filharmoniske Orkester

(Foto: Steve J. Sherman)

Avlyst turné

Bergen Filharmoniske Orkester skulle denne helga ha gjennomført to konsertar i Nord-Italia, men held fram finanskrisa som årsak til at turneen er avlyst.

I desember fekk Bergen Filharmoniske Orkester beskjed om at Festival Pianistico Internazionale de Brescia et Bergamo ikkje lenger hadde økonomi til å la orkestret delta på festivalen deira.

Orkester hadde opphavleg to konsertar under festivalen, som skulle vore avvikla i Bergamo og Brescia førstkomande søndag og måndag.

— Eg reknar med at festivalen har mista ein eller fleire av sponsorane sine på grunn av finanskrisa, og at det difor vart umogleg for dei å gjennomføra heile programmet, seier informasjonssjef i BFO, Henning Målsnes til Ballade.

På programmet sto musikk av Wagner og Nielsen, samt Griegs klaverkonsert i a-moll med Håvard Gimse som solist. Konserten vart gjennomført i Bergen førre torsdag, medan orkestret denne helga turnerer i Sogn og Fjordane i staden for i Lombardia-regionen.

Vil det vera aktuelt for dykk å halda kontakt med festivalen i Italia?

— Vi kjem heilt sikkert til å kontakta festivalen også i framtida. Orkestret har vore der tidlegare, for mange år sidan, og vi meiner absolutt det er ein interessant festival å vera på, seier Målsnes.

Som legg til at dette heldigvis ikkje var den einaste turneen for orkestret denne sesongen.

— Rett før påske gjennomførte vi ein turné til England og Sverige. Den vart vellukka, og våren 2011 kjem nok ein omfattande turné. Då held vi i alt 11 konsertar, mellom anna i Göteborg, Berlin, Wien og München, seier Målsnes.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Sten Cranner

Feilaktig orkester-problemstilling?

– Debatten bør være basert på fornuftig statistikk og gode argumenter, og jeg føler ikke vi er der nå, seier...

Ole Bull/Foto: Ole Bull

Virtuos og utådvend jubilant

– Ole Bull kom kanskje noe i skyggen av de andre store. Det har nok noe å gjøre med at...

Bodil Johanne Jensen foran (Foto: NRK)

Shhoctavoski i brennpunktet

Onsdag 22. april sendes Geir Jenssen sitt mye omtalte verk «Shhoctavoski» i NRK P2. Her får man også en debatt...

Alwynne Pritchard08/Foto: Nicola Spence

Open for mange estetikkar

Geir Jenssens verk «Shhocstavoski», som vart urframført under Borealis har skapt debatt her på Ballade. – Eg meiner me treng...

Borealis 2009 logo

Kabinett av kuriositetar

Borealis baud i år på ei samling merkverdige forteljingar. Beretningane frå eit stort mangfald av stemmer er vidunderleg fri frå...

Truls Mørk08/Foto: Morten Krogvold

Truls Mørk og Juanjo Mena gjester BFO

Mørk og Mena er orkestrets første henholdsvis gjestedirigent og residensmusiker. Denne uken kan begge oppleves i Bergen.

Flere saker

Odin Adelsten Aune Bohmann

Kulturdepartementet: – Stiller oss helhjertet bak sceneteknisk fagskole

Odin Adelsten Aunan Bohmann mener det jobbes for å løse saksbehandlinga som har utsatt fagskolen det er stort behov for.

Noter

Musikkvitenskap uten noter?

INNLEGG: Trenger man å kunne noter når man studerer musikk? Universitetet i Oslo tenker nytt rundt musikkvitenskapelig utdanning, skriver Alexander...

Illustrasjonsbilde

Nye anbefalte minstesatser fra MFO

Satsene har virkning fra 1. april 2017.