Alwynne Pritchard08/Foto: Nicola Spence

Open for mange estetikkar

Geir Jenssens verk ”Shhocstavoski”, som vart urframført under Borealis har skapt debatt her på Ballade. – Eg meiner me treng dette rommet for ulike estetikkar, på same måten som der bør vera rom for ulike estetikkar også mellom dei skulerte komponistane, seier festivalleiar Alwynne Pritchard i dette intervjuet,

Kalender

Legg til arrangement
Se alle

Av Ida Habbestad
Foto: Nicola Spence
Under årets Borealis-festival vart elekronika-artist og komponist Geir Jenssen sitt stykke ”Shhocstavoski” urframført av Bergen Filharmoniske Orkester. Jenssen tok utgangspunkt i fragment frå Sjostakovitsj sine symfoniar, som han scanna, sampla og la transparent ut for orkester (Jenssen fortel meir om prosjektet i [link id=64945 title=»denne «]artikkelen).
Komponist Torstein Aagaard-Nilsen hevda kort etter at verket ”var de [link id=64957 title=»forspilte muligheters «]prosjekt”. I hans øyre heldt ikkje det nye verket mål, og Aagaard-Nilsen meiner at måten prosjektet vart gjennomført på kan vera årsak til det.
Initiativet bak bestillinga låg hjå Nicholas Møllerhaug, som var festivalsjef i Borealis på den tida (Møllerhaug skriv om utgangspunktet for tinginga [link id=64981 title=»her«][link id=64981 title=»»]). I september overtok Alwynne Pritchard arbeidet som festivalsjef og dermed ansvaret for tingingsverket. Ho meiner prosjektgjennomføringa har halde mål. Mellom anna fekk Geir Jenssen tilbod om bistand til dei praktiske utfordringar som var nye for han, noko komponisten valde å avslå.
— Jenssen ynskte å arbeida for seg sjølv, og det aksepterte me. Men ut frå kommunikasjonen me hadde frå september forsto eg at han både gjorde særs grundig research – og at han inntok ei heilt anna tilnærming til orkestermediet enn andre.
Kva med kvalitetssikringa av verket?
— Generelt trur eg ikkje det er mogleg å kvalitetssikra fullt ut nye verk. Sant å seia føler eg ikkje at det er min jobb å gjera den type kvalitetsvurderingar av individuelle komposisjonar. Jobben min er først og fremst å setja saman ein heilskapleg festival med diskurs. Dersom eg berre programmerte stykke eg verkeleg likte, ville det kanskje ikkje bli nokon interessant festival. For meg er det altså meir aktuelt å sjå på korleis komposisjonane står saman og påvirkar kvarandre, og til saman skapar ein festival med rom for diskusjon.
— På same måte meiner eg at debatten dette verket har utløyst er viktig. Det er neppe behageleg for personane det gjeld og som vert kritiserte offentleg. Men folk sine personlege meiningar om resultatet er viktige. Og det er viktig at me har ein diskurs om musikk, dette er ein del av Borealis.
Aagaard-Nilsen stiller spørsmål ved kvifor ein gjev personar utan røynsle med orkestermediet nettopp slike oppdrag. Kvifor tinga de verket av Geir Jenssen?
— Som sagt låg initiativet hjå Møllerhaug. Eg kan ikkje svara for han, men eg trur han hadde særs gode grunnar for dette.
— Mitt syn er at kunnskap og ekspertise er viktig når du lagar kunst. Men det kan og vera spanande om folk frå tid til annan kjem utanfrå og ser uttrykket frå ein annan vinkel. Dei fleste komponistar – meg sjølv inkludert – har grundig opplæring i kanonen av orkesterverk. Me er opptekne av korleis ting er gjort før, og veit som regel kva som er vurdert viktig eller ikkje. Eg meiner at det er viktig for ein musikkfestival å også kunna gje rom for dei som kjem med synspunkt frå ein heilt annan vinkel. Kanskje er det her ein finn nye og friske element?
Ein kan sjå Aagaard-Nilsen sine synspunkt frå det me kanskje kan kalla eit fagforeningsperspektiv. Høva for komponistar til å skriva for og bli framført av eit orkester er få – særleg av eit større format som dette. Kvar vil Borealis plassera seg i eit slikt perspektiv?
— Ideelt sett skulle eg ynskja at me hadde eit miljø i Bergen der mange fleire samtidige verk vart spelt av orkestret. Men eg trur ikkje løysinga på problemet er å tenkja snevert om kven som skal få skriva for orkester. Me må heller ikkje gløyma at Geir er ein person som har lang erfaring med å jobba med lyd. På ein måte kan ein sjå orkestret som nok eit instrument som lagar lyd. Dersom ein tilnærmar seg mediet med det for auga, lagar ein kanskje ein heilt annan form for musikk. Eg meiner me treng dette rommet for ulike estetikkar, på same måten som der bør vera rom for ulike estetikkar også mellom dei skulerte komponistane.
Vil de gjera slike prosjekt i framtida?
— Ja, det trur eg. Eg er veldig interesert i å tilnærma meg eitkvart problem. Edward de Bono har skrive ei fantastisk bok, ”Po: Beyond Yes and No”, der han skildrar korleis du kan setja to ting som ikkje normalt heng saman for å oppnå eit kreativt svar du ikkje elles ville fått. Den anbefaler eg!
— Poenget er at om du alltid nyttar den vanlege måten å løysa ei oppgåve eller eit problem, vert du snart fastlåst. Me tenkjer sjølvsagt nøye gjennom kva me gjer i Borealis, men ynskjer å vera opne for at dei uventa resultata kan komma frå uventa plassar. Det er desse utenkjelege svara som etter mi meining er viktige, både i livet og i ein festival.

Stillinger

Vikariat som akkompagnatør

Barratt Due musikkinstitutt

Pianopedagog – 60%

Nordre Follo kulturskole

Dirigent

Jar Skoles Strykeorkester, Bærum

Kommunikasjons-ansvarlig

Musikkforleggerne

Programmedarbeider

Safemuse – Safe Havens For Artists

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev