Hopp til innhald
Glogerorgelet i Kongsberg kirke

(Foto: Fra glogerfestspillene.no)

Salmetonar i fri harmoni

Kantor, organist og pianist Ulf Krupka skal jazze opp salmeskatten.

Til dagleg er Ulf Krupka kantor i Ski, der salmar er ein naturleg del av gudstenestene. Ved Kongsberg Jazzfestival får han sette salmetonane i sentrum.

Under årets jazzfestival i Kongsberg skal Krupka levere ein jazzkonsert med utvalde salmetonar som basis. Salmetonane er tatt ut av sin tradisjonelle kontekst og omarrangert slik at dei framstår som standardlåtar, slik mange av oss vil kjenne dei frå transkriberingene i «The Real Book«.

– Eg har forandra salmane rytmisk, nokre gongar melodisk, og reharmonisert dei. Det som er typisk for ein salme er ofte at dei er relativt regelmessige og kanskje litt forutsigbare. Dette har eg prøvd å bryte, forklarar Krupka.

Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook

Stå på eigne bein

Gjennom rytmiske og harmoniske grep, ornamentering og kreative arrangement vil Krupka fargelegge salmane og gi dei nytt lys.

– Eg har alltid tenkt slik at om du kjenner desse salmane godt vil det vere enkelt å gjenkjenne dei, men om du derimot ikkje gjer det er det berre rett og slett ei fin jazzlåt. Derfor er det viktig at arrangementa skapar musikk som kan stå på eigne bein, meiner han.

Vidare vil han bryte med alvoret ein ofte forbinder med salmar.

– Ein må kunne leike litt med melodiane. Det skal ikkje vere for trist eller strengt.

Siste nytt fra musikk-Norge rett i innboksen: Ballades nyhetsbrev

Ledige stillinger

Personleg

Krupka har valt ut ei breidde av salmetonar frå ulike stilartar og perioder. Utvalet er først og fremst personleg motivert.

– Dei utvalte er salmar som inspirerer meg til å lage nye arrangement. Som kantor jobbar eg naturlegvis svært mykje med forskjellige salmar, men det er alltid nokre som peikar seg ut. Samtidig har eg tatt omsyn til å vise fram ulike stilar.

Dermed blir det alt frå «O bli hos meg» framført som jazzballade, til modale strekk over religiøse folketonar.

I tillegg til Ulf Krupka skal også bassist Tine Asmundsen og saksofonist Line Falkenberg vere med på salmeimprovisasjonane.

– Eg vonar at medmusikantane også kan sette sitt personlige preg på konserten, fortel Krupka.

Les også:

Kantor utan koralbok

Det er fort gjort å øydelegge ein salme, meiner Krupka, til dømes med tung harmonisering med akkordskifter på kvar åttandedel. Sjølv har han ei uavhengig tilnærming til salmane også under gudstenestene, og brukar aldri koralbok.

– Vi forsøker å få fram eigenarten og styrken i salmemelodiane utan å øydelegge dei. Når vi improviserer opplever eg at Tine og Line også kan hente mykje ut av melodiane. Salmemelodiane har ei særprega kraft og ei styrke, og dei tåler mykje, meiner han.

Ulf Krupka, Tine Asmundsen og Line Falkenberg skal framføre sin kyrkjekonsert i Kongsberg kyrkje laurdag 7. juli klokka 11. I tillegg til samspelet med Asmundsen og Falkenberg, skal Ulf Krupka starte og avslutte konserten med det tradisjonelle Glogerorgelet.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Kai Gustavsen, Torbjørn Heitmann Valum

Vil maksimere inntektene

Kongsberg Jazzfestival tar kontroll over mer av pengestrømmen enn tidligere.

Cashless på konsert

Det beste for publikum?

Inga Juuso

Jubileumsjoiker

Verdens eneste fylkesjoiker skal hedres på årets Riddu Riddu festival.

Fra rosetoget i Oslo, juli

Toner til trøst

Professor Gro Trondalen skriver om musikkens rolle som livbøye etter terrorangrepene 22. juli 2011.

Svanevit ensemblet

Globale paradoks

I Førde samarbeider musikarar frå Noreg og Kina. Men avstanden til Sverige kan stadig verka stor.

Gjermund Larsen

Sosialmusikeren

MUSIKKSNAKK: Den dagen jeg sitter der og ikke tar initiativ til å lære meg noe nytt eller møte nye musikere,...

Flere saker

PÅ KONSERT I 2024? Illustrasjonsbilde, konsertpublikum på FOMAfestivalen 2023.

Norske Kulturarrangører: Honorarutgifter nesten like store som billettinntektene i 2022

Det viser arrangørstatistikk for 2022 som Norske Kulturarrangører har publisert. Samtidig ønsker TONO å øke beregningsgrunnlaget for konserttariff ved å...

Rohey

Skolesekken skal utredes – evaluering av Kulturtanken settes i gang

Evalueringskonsulentene i Oxford Research vant anbudet om å gå igjennom både Den kulturelle skolesekken og statens forvalter for ‘sekken, Kulturtanken.

Kari Bremnes

Disse kan få en plass på Rockheim Hall of Fame

Hvilke tre av de ni bandene og artistene som vil få utmerkelsen vil bli klart før jul.