Hopp til innhald
Hanna Paulsberg Concept

(Foto: Johannes Selvaag)

– Nokon vinner. Ingen tapar.

Til helga går Vossajazz av stabelen, og det betyr også starten på Jazzintro 2012. Vinnarane har store sko å fylle.

I løpet av festivalsesongen skal til saman åtte band konkurrere om finaleplass i Molde. Den endelege premien som består av ein lanseringspakke frå Norsk jazzforum og Rikskonsertene, samt eit arbeidsstipend på 150 000 kroner, levert av Gramo.

Les mer om Jazzintro

Anerkjennelse

Dei første som skal i elden på Voss til helga er duoen Duplex og Bodvar Tornes Trio. Begge band fortel at det er ein stor nok anerkjennelse i seg sjølv å i det heile tatt få bli med på Jazzintro.

-Det er meget høgt nivå og vi ser på det som ei stor ære å få vere i så skarp konkurranse, fortel Bodvar Tornes. Vidare tenker Tornes at konkurransa først og fremst må vere ein ypperleg »showcase» mellom bransjefolk og uetablerte musikarar.

Gutta i Duplex velger å ikkje tenkje på konkurranseaspektet.

-For oss er det viktige at ein får ei moglegheit til å presentere musikken sin på ein anerkjent festival og ikkje minst for eit interessert publikum, fortel han.

Siste nytt fra musikk-Norge: Ballade på Twitter

Stor betydning

Tidlegare vinnarar av Jazzintro er godt representert ved årets jazzfestival på Voss. Urban Connection var dei som tok sigeren første gang i 1998. Ti år seinare var det Eyolf Dale og André Roligheten i Albatrosh var vinnarar.

Ledige stillinger

I år spelar Dale solokonsert på Voss. Han meiner det er mange etiske utfordringar med å konkurrere i improvisert musikk, men trur likevel at godene er langt større enn ulempene.

-For oss hadde det stor betydning å vinne Jazzintro. I prosessen som fulgte fekk vi kyndig oppfølging og eit stort apparat som hadde tru på oss. Eg trur vi var heldige som hadde eit format som passa godt inn i Jazzintroprogrammet, fortel han.

Konsentrert om eit prosjekt

Bugge Wesseltoft i Norsk jazzforum meiner at den viktigaste effekten Jazzintro gir er at den får unge musikarar til å konsentrere seg meir om eit einskild prosjekt.

-Mange unge jazzmusikarar kan ha forferdeleg mange ulike band på ein gang. Eg meiner det er bra å satse på eit band om ein vil lukkast. Dette har også vist seg å vere bra om ein vil slå igjennom internasjonalt, sei Wesseltoft, og nemner Esbjörn Svensson Trio, Nils Petter Molvær og si eiga karriere som gode døme på nettopp dette.

Les også:

— Ingen tapar

Wesseltoft trur ikkje musikarane bryr seg så mykje på konkurranseelementet.

-Dette er først og fremst ein fin måte å få vise fram det ein driv med. Konkurranse-tanken kjem mest frå media, meiner han.

Den beste oppsummeringa kjem kanskje frå Harald Lassen og Christian Meaas Svendsen i Duplex:

-Nokon vinner. Men det er ingen som tapar noko!

Dei første Jazzintro-konsertane er laurdag 31.03 under årets Vossajazz. Ein vinnar går vidare som ein av fire, saman med vinnarane frå Maijazz, Nattjazz og Kongsbergjazz, til finala under årets jazzfestival i Molde.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Simon Reynolds på Landmark i Bergen,

Journalist og fan

«Jeg var journalist, men også en fan, danset, tok ecstasy, var oppe hele natten, jeg var involvert, jeg trodde på...

Carl Høgset til DnS – igjen

Etter 27 år vender Høgset tilbake som kunstnerisk leder og dirigent.

Solid stipendøkning til jazz-Norge

Team Hegdal, In the Country og Supersilent er blant bandene som får tildelt stipend.

Trude Storheim er daglig leder for Vossa Jazz

Målpris til Vossa Jazz

Torsdag mottok Vossa Jazz pris for god offentleg målbruk.

Flere saker

Pianist Sanae Yoshida framfører premieren på Øyvind Mælands lockdown komposisjon i Kulturkirken Jakob lørdag kl. 18.00

Periferien er her

Koronaen kom med sykdom, død og konkurser. Men også med en ny festival, og noen nye komposisjoner.

Benedicte Maurseth 2 Photo Credits Oystein Haara

Når folkemusikarane lener seg fram og lyttar – derfor er denne plata utropt til best i Norden

Heile vegen små variasjonar, skreiv vår anmelder om denne plata. Slik laga Benedicte Maurseth den beste nordiske plata i året...

Trondheim Voices, «Ekkokammer 2.0»

Operafantomsmerter

– Når kunsten begynner, har forestillingen allerede vart i et kvarter. Sanger Siri Gjære skriver om å være del av...