Hopp til innhald

Vokal folkemusikk i Valle

Under Folkemusikkseminaret i Valle vert det kurs med Kirsten Bråten Berg, Agnes Buen Garnås og Halvor Håkanes, samd konsertar med Eli Storbekken, Geir Lystrup og den nordiske gruppa Kvedar.

Hovudtema under FolkemusikkSeminaret i Valle i år er i følgje heimesida til Norsk Folkemusikk- og danselag den vokale folkemusikken. Programmet er i all hovudsak knytt opp til dette. Gjennom masterclass og kurs med Kirsten Bråten Berg, Agnes Buen Garnås og Halvor Håkanes, konsertar med m.a. den nordiske gruppa Kvedar, og presentasjonar ved Harald Knutsen (Agder Folkemusikkarkiv) og Herdis Lien, kan ein helga 18. – 20 oktober fordjupe seg i vokal folkemusikk.

FolkemusikkSeminaret er eit årleg arrangement i Valle – midt i hjarta av Setesdal, og arrangementet formidlar norsk folkemusikk i tradisjonell framføring. Dette blir knyta opp til ei fagleg ramme med foredrag og utstillingar. Målgruppa er folk med kjennskap og interesse for folkemusikk. Bak arrangementet står fleire stødige medarrangørar: Valle Vidaregåande Skule, Valle Kommune, Aust-Agder Fylkeskommune, Norsk Folkemusikk- og Danselag, Setesdal Spelemannslag og Agder Folkemusikkarkiv. Kurs og masterclass blir arrangert med stønad frå Musikkverkstadordninga.

Kursa går over fredag og lørdag, elles er det lausrivne programpostar der ein kan plukke seg ut det som høver. Det er ikkje påmelding til anna enn kursa, og alle er velkomne. Det vert konsert i Storstuga på Valle Kultursenter fredag kveld, der Kvedar er hovudnamnet, saman med Agnes Buen Garnås, Aiva Insulander, Cathrine Smith, Eli Storbekken, Halvor Håkanes, Marianne Maans, Geirr Lystrup gjer og ei forestilling med eldgamle kvad og nysmidde stev med dans frå det nordiske ferdaskrinet.

For påmelding og informasjon kan du gå til denne sida hos Norsk Folkemusikk- og Danselag.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Agnes Buen Garnås (Foto: Anders Bruen)

Agnes Buen Garnås syng Landstad – i Landstads kyrkje

Folketonekunstnaren Agnes Buen Garnås har sunge inn ein Landstad-CD på Via Music: «Han rider den mørke natt». Plata kjem seinare...

Agnes Buen Garnås (Foto: Anders Bruen)

Landstad-feiring frå Kviteseid til Stiklestad

Diktarpresten og folkevisesamlaren Magnus Brostrup Landstad blir feira over store delar av landet 200 år etter sin fødsel. Slekta hans...

Hauk Buen

Kongens fortjenstemedalje i gull til Hauk Buen

Sist helg feiret spelemannen Hauk Buen sin 70-årsdag med et hundretalls venner og bekjente. Uten at jubilanten selv visste om...

Agnes Buen Garnås (Foto: Anders Bruen)

Turistar i eige landskap samlar sumarminne

– Sumar og sol med kappleik og festivalar der videoopptakerar og minidiskar surrar og går når utøverar lear seg mot...

Agnes Buen Garnås (Foto: Anders Bruen)

Buen Garnås fikk ærespris

Folkemusikeren Agnes Buen Garnås er blitt tildelt Norsk kulturråds ærespris for 2005. Prisen er på 300 000 kroner. «Garnås har...

Agnes Buen Garnås og Halvor Håkanes (Foto: Jan Lothe Eriksen, NFD)

– En pris til folkemusikken

Agnes Buen Garnås mistet munn og mæle da hun forsto at hun hadde blitt tildelt Norsk kulturråds ærespris. – Jeg...

Flere saker

Camilla Bjørn, redaktør i NRK P3

114 vil bli musikksjef i P3

– Vi er glade for at så mange har lyst til å jobbe i P3 og bidra til å løse...

Bombino og Knut Reiersrud i samspel

Vi må snakke om livemusikk av Knut Reiersrud og Bombino

Vi havner i verden! På flere måter. Ny podkastepisode ute nå.

Styreleder Ingrid Kindem i NOPA

Statsbudsjettet 2020: Kulturbudsjettet øker, men kan du skru opp musikken?

Trine Skei Grande fortjener ros. Hun har økt kulturbudsjettet med 850 millioner fra fjoråret, skriver NOPAs styreleder Ingrid Kindem i...