Synnøve S. Bjørset (Foto: Norsk Folkemusikk- og Danselag)

Om Statens Kunstnarstipend og profesjonelle utøvarar

DEBATTINNLEGG: - Redaktør i Spelemannsbladet, Knut Aastad Bråten, skreiv i førre nummer ein leiar der han tek opp ei svært viktig problemstilling: Skal Statens Kunstnarstipend vere for "alle", eller skal det tildelast dei profesjonelle kunstnarane? Om underskrivne langt ifrå er einig i konklusjonen, vil eg likevel rose redaktøren for å ha sett søkjelyset på denne saka, skriv folkemusikar Synnøve S. Bjørset i dette innlegget.

FolkemusikkPolitikk & debatt

Av Synnøve S. Bjørset

Det er i relativt friske ordelag redaktøren går ut og kallar profesjonelle utøvarar for sutrarar. Vel vitande om at det kanskje nettopp er eit slik stempel som har hindra denne diskusjonen i å kome på trykk tidlegare. Eg mistenkjer redaktøren sitt utsegn for å vere ein provokasjon, og er ikkje verre på det enn at eg let meg provosere.

Profesjonalisering av folkemusikkfeltet

Det er folkemusikkmiljøet sjølv som har ønskt seg ei profesjonalisering av folkemusikkfeltet. Organisasjonane har kjempa for formell folkemusikkutdanning på høgskulenivå, oppretting av fylkes-/distriktsmusikarstillingar med meir. Sett i lys av dette, har ikkje folkemusikkmiljøet eit ønskje om og interesse av å støtte og ta vare på dei som faktisk har gjort eit val og verkeleg satsa på å gjere folkemusikken til levebrød?

Det har sjølvsagt funnest profesjonelle folkemusikarar uavhengig av dei høgre utdanningane, men mulegheiter for utdanning har gjort at talet på profesjonelle utøvarar har auka kraftig dei siste åra. Kva slags liv er det desse musikarane møter etter ferdig utdanning?

Den omflakkande spelemann

Det er svært få faste stillingar for utøvande folkemusikarar. For pedagogar fins det håp om undervisingsstillingar ved kulturskular, men den utøvande folkemusikaren er i det store og heile tvinga til eit liv som frilansar og omflakkande spelemann. Å kalle yrket som frilansmusikar for kommersielt og inntektsbasert blir nærmast komisk.

Ein kvar med noko innsikt i musikkbransjen veit at å vere frilansmusikar er eit av dei mest lågtløna yrka ein kan ha, særleg innan dei sokalla smale sjangrane.

Å selje eit kvalitetsprodukt

Som frilansmusikar er ein stadig på reisefot, ein spring frå fly til tog til buss til bil for å rekke fram til neste spelejobb, i håp om å tene nok til livets opphald. Tid til eigenøving, fordjuping og utvikling av nye prosjekt er minimal, om ikkje heilt fråverande.

Og her er vi ved sakas kjerne: som profesjonell musikar er ein heilt avhengig av å ha eit «kvalitetsprodukt» å selje. Å få arbeidsstipend frå Statens Kunstnarstipend gjer at ein kan ta seg tid til nettopp øving, fordjuping og utvikling av nye prosjekt. Er det rett at slike stipend skal gå til utøvarar som har valt ei heilt anna yrkeskarriere?

Redaktøren viser til forskriftene for utdeling av Statens Kunstnarstipend, og har heilt rett i at det i innstillinga ikkje skal takast omsyn til anna enn kunstnarleg kvalitet og verksemd/aktivitet. Om det ikkje er eit uttalt krav om at stipendmottakaren skal vere profesjonell, så er det i alle fall slått fast i mellom anna forskrift for stipend til yngre kunstnarar at det skal gje «yngre/nyetablerte kunstnarar i etableringsfasen anledning til å utvikle seg kunstnarisk og sette dei betre i stand til å leve av sitt virke som kunstnar» (mi utheving).

Stipendkomitear

Det er oppnemnt ei rekkje stipendkomitear for dei ulike kunstgreinene, og folkemusikarar er så heldige at dei kan søkje komiteane for både musikk og folkekunst. Stipendkomiteen for folkekunst er ikkje, som redaktøren seier, oppnemnd av ulike folkemusikkorganisasjonar som LfS og NFD, men oppnemnd av Rådet for folkemusikk og folkedans, som er ei frittståande stifting.

Eg stiller spørsmålet: blir søknader frå ikkje-profesjonelle i det heile tatt vurdert i andre stipendkomitéar enn i den for folkekunst?

Redaktøren argumenterer med at ei favorisering av dei profesjonelle vil svekke arbeidet for kulturen sin heilskap. Representerer ikkje dei profesjonelle folkemusikkutøvarane eit mangfald, og er dei ikkje ein ressurs for amatørmiljøet?

Skal stipendordninga vere ei sosial ordning for dei profesjonelle folkemusikarane?

JA! Men det skal ikkje vere ei sosial ordning for den glade amatør.

Synnøve S. Bjørset er folkemusikar, kjent frå mellom anna folkemusikkgruppa Majorstuen.

Dette innlegget har stått på trykk i Spelemannsbladet og er gjengitt her med deres velvillige tillatelse.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Slik ble jeg en diva

Slik ble jeg en diva

KRONIKK: – Jeg må slutte å late som om forståelsen av sangerens rolle i jazzmusikken ikke henger sammen med likestilling og en kjønnsdefinert og forutinntatt forståelse av hva sangere befatter seg med.

Ballade video: Trygghet og kontroll

Ballade video: Trygghet og kontroll

På utstilling med Himmelleite, Luna Mare, Andie Loui, Maizu & Richard, Kristine Blir Rapper, Kamelen, Rule Of Two og Clawfinger.

Mari Boine hedret

Mari Boine hedret

Artist og låtskriver Boine fikk ærespris for langt og betydningsfullt virke. Og avslører at hun skriver på ei bok.

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter

Fra Sagene til Mississippi-deltaet, via Senegal og Gambia – Adama Janlo er Norges mest oppsiktsvekkende tilskudd til den tradisjonelle bluesen, og hun er ikke redd for å hente inspirasjon utover det forventede.

Ballade på Tidsskriftbonanza: Samtale med Peter Case & Sid Griffin

Ballade på Tidsskriftbonanza: Samtale med Peter Case & Sid Griffin

En sjelden mulighet til å møte to amerikanske legender, når Balladeskribent Arvid Skancke-Knutsen snakker med Peter Case & Sid Griffin på Deichman Grünerløkka torsdag 5. mars.

Å være musikalsk i et etisk perspektiv

Å være musikalsk i et etisk perspektiv

Under festivalen "Ding-dong eller dong-ding?" 4. mars vil pianist Ellen Ugelvik og musikkterapeut Gro Trondalen utfordre publikum til å reflektere over hva det egentlig betyr å være musikalsk, også i et etisk perspektiv.

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio