Dette innlegget er eit tilsvar til Kulturtankens svar 15. april på Erlend Apneseths opprinnelige innlegg frå 14. april.
Av Erlend Apneseth, musikar
Det er vel ein felles einigheit om at Den kulturelle skulesekken (DKS)-midlane først og fremst bør benyttast til formålet sitt. Kva som er formålet i tider som dette er derimot innfløkt. Det er verdt å stille spørsmålet om ikkje Kulturtanken i denne situasjonen kunne tatt bedre vare på utøvarane ved å utvise større tydelegheit i ein situasjon som rammar utøvarane sine så akutt som den gjer.
DKS er, som påpeikt i det nylege innlegget til fylkesråd Camilla Sørensen Eidsvold, landets største arbeidsplass for kunstnarar, og er og har vore ei trygg havn for mange. Ved å først ta ein avgjerelse som skapar tryggheit for så å gå heilt vekk frå den, på veldig kort tid og med lite medfølgande informasjon, er ikkje slik ein vil at ein arbeidsgjevar skal framstå i krisetider.
Kva som faktisk skjer med dei av midlane som no vil stå ubrukt, i og med at alle kulturarrangement er avlyst fram til 15. juni, kjem ikkje tydeleg fram i svaret frå Kulturtanken. Eg held fast på spørsmålet om det ikkje hadde vore ei betre løysing å vidareføre den opprinnelege linja ut skuleåret – og så kan både DKS og utøvarane heller bruke sommarmånadane på å tenke kreativt på formidling framover mot neste skuleår. Eg vonar det enno er tid til å revurdere dette.
Dei sjølvstendig næringsdrivande kunstnarane har vist seg å være ei særdeles sårbar gruppe i slike tider. Det er flott at det har komme ei kompensasjonsordning på plass, at vi har organisasjonar som Creo som arbeider for oss gjennom tariffavtaler og liknande, og vi håpar at ordninga frå NAV blir ei effektiv og god løysing for oss når den kjem.
Så må ein ikkje gløyme at vi først og fremst er formidlarar av kunstuttrykk, ikkje digitale innovatørar, sjølv om det er gledeleg å sjå kreative løysingar på den fronten. Det blir viktig med ein god debatt om også dette framover, slik at heile bredden av kunstnarar blir ivaretekne.

Lyden av Gamle Oslo Gammaldans
Gamle Oslo Gammaldans er sju voksne folk som ikke spiller gammaldans. Opplev dem live på Ballade-arrangement i Gamlebyen i Oslo torsdag 27. mars.

Ballade på Parkteatret: Opera-premiere, musikkvideovisning og minikonsert søndag 23. mars
Solveig Sørbø og Maria Kjos Fonn snakker om operaen "Heroin Chic". Rockemusiker Henning Andersen spiller utvalgte låter. Og vi viser et godt knippe nye musikkvideoer på skjermen.

Selma fra Hønefoss ble publikummer nummer en million i Bærum Kulturhus
Selma Hasund Poole (18) fra Hønefoss ble overrasket med konfetti, gavekort på danseforestilling og jazzfestival som besøkende nr. 1 million i Bærum Kulturhus i helgen.

Tord Gustavsen kåret til Årets europeiske musiker 2024 i Frankrike
Musikeren og komponisten dedikerer prisen til musikerkollegaer gjennom årene.

Ballade video: Våpen og ammunisjon
Vi setter fyr på kontoret med Honningbarna, Moddi, Don Juan Dracula, Hüskey King, Earth Moon Transit, Tor Kvammen, Kyra Snø, Heartland Countrytrio og Markella.

Om kunst og tankefrihet
ESSAY: Plutselig er det å tenke egne tanker og la fantasien spinne fritt en radikal ting. Og her er kunsten ikke bare nyttig, den er essensiell, skriver Torstein Slåen.